Du blir rana på gata ei natt av ein «røvar» for 1000 kr. Seinare blir du tilbydd av «røvaren» å få tilbake 250 kr, og «røvaren» meiner du bør skryte av han.
Røvaren er fortsatt ein røvar, og du har fortsatt blitt rana?
Når Støre og Vedum «robbar» det norske folket og næringslivet for 70 milliard kr i ekstrainntekter frå dei skyhøge straumprisane, og gjev nokre få titals milliard tilbake, har dei for meg, fortsatt «robba» lommeboka til folk flest og næringslivet for milliardar av kr.
Og, så skuldar dei på Putin?
Drivstoffprisane går til himmels, matvareprisane går til himmels, og no går også renta rett til himmels.
Gratulerer til alle dei som har stemt inn Støre og Vedum, stemt Ap og Sp, no ser vi Ap og Sp i praksis!
Er det Putin som har «robba» det norske folket og næringslivet?
Regjeringa er handlingslamma, medan vi ser andre land kuttar til dømes drivstoffavgiftene for å senke inflasjonen.
Vedum meiner det stikk motsatte, og håvar inn hundrevis av milliardar kr ekstra til statskassa pga skyhøg straum og drivstoffprisar.
Staten blir steinrik, medan DU skal betale meiner tydeligvis Vedum og Støre.
FrP vil ha maxpris på straum og kutte drivstoffavgiftene. Dette er inflasjonsdempande, og dette må også gjennomførast for å unngå massive tap av arbeidsplassar.
FrP vil bruke staten til offentlige tjenester til folket og næringslivet, ikkje slik Vedum og Støre praktiserar der dei brukar staten til å «robbe» vanlige folk og næringslivet si lommebok.