Annonse
Gro Anita Sve, 5. kandidat til fylkestingsvalget for Møre og Romsdal FrP
Ytring
Gro Anita Sve, 5. kandidat til fylkestingsvalget for Møre og Romsdal FrP
17 februar 2023 20:51
Del på Facebook
Foto: Kurt Helge Røsand / KSU.NO
Foto: Kurt Helge Røsand / KSU.NO
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Eit godt og desentralisert utdanningstilbod for ungdommane våre er det aller viktigaste her i fylket. Derfor prioriterar FrP sterkt dei vidaregåande skulane i heile fylket.

Som medlem i utdanningsutvalget på fylket har eg og Geir Stenseth kjempa for prioritering av dei vidaregåande skulane i heile fylket, og for å bevare eit breit og allsidig linjetilbod.

Annonse
Annonse

Ungdommen vår er det viktigaste vi har i fylket. Møre og Romsdal har over fleire år no auka andelen av ungdom som velger yrkesfagleg vidaregåande utdanning og andelen elevar som fullfører er høg. Då kan vi ikkje fortsette omstilling 2020, som Ap og Sp har stått i bresjen for, der skulane måtte gjere store kutt i linjevalg og skular vart lagt ned. Ungdomen vil helst gå på ein nærskule slik at dei fortsatt kan bu heime, så vi treng vidaregåande skular over heile fylket. Og vi må fortsatt styrke yrkesfagleg utdanning, med både linjevalg og utstyr. Det koster, men er ei viktig prioritering. Vidaregånde utdanning skal vere for all ungomen vår, same kvar du bur og kva linje ein måtte ønske. Og då treng dei gode og mange nok lærarar som har tid og kunnskap, skular med gode nok fasilitetar og linjer å velge mellom.

Skal ikkje vidaregåande skule vere for alle? Er ikkje alle ungdomane like mykje verdt? Vi snakker så fint om inkludering og tilpassa opplæring, og då er det viktig at vi prioriterer ungomen slik at dei kan få ta ei utdanning dei ønsker og kan mestre, og i størst mulig grad ha muligheit til å bu heime.

Annonse
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Det bringer meg inn på ei konkret problemstilling som regjeringa må få gjort noko med snarast. Eg blir lei meg, sint og trist når eg les om Ask, som vart omtala i VG i januar, som har Down Syndrom, og som etter 13 år på skule vil få «ikkje vurdert» på vitnemålet sitt, fordi han ikkje gjennomfører vidaregåande på vanlig måte. Det må no kunne vere mulig å få eit vitmemål som faktisk kan ha ein verdi for dei ungdomane som ikkje kan fullføre vidaregånde på vanlig måte. Kanskje kan det stå «Deltatt», «Til stede» eller «Gjennomført». Det er noko med det å føle seg verdsatt og inkludert og kunne få auka sjølvkjensla. Dei små orda på vitnemålet vil ha stor betydning for dei aller fleste.

Dette er noko regjering og Storting må gjere noko med snarast!

Eg stiller til valg på FrP sin fylkestingsliste som kandidat nr. 5. Dette gjer eg fordi eg brenn for fylket mitt, og eg vil arbeide for best mulige tjenester til vanlige folk i heile fylket.

Vidaregåande skular blir ei viktig sak for FrP også i dei neste fire åra, stem FrP.

Annonse
Annonse
KSU – Vipps – mobil
Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Geir Ole Sætremyr 6 timer siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøDette er di tolking Fram til 2022 tall er bompengesatsane det samme som det svv har brukt I grunnlagsmaterialet.  Det kan ...
Terje Sundsbø 6 timer siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrSom jeg allerede har påpekt, KS2-rapporten angir alle kostnadsøkninger som bompengefinansiering. Dette vil de fleste mene ikke er rimelig. KS2-analysen skal ...
Geir Ole Sætremyr 7 timer siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøFastsetting av bompengar, beløp som skal betalast har fleire element i seg.  Vurdering av dette ligg i oppdraget frå Finansdepartementet. 1. ...
Terje Sundsbø 9 timer siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrDu er så blendet av dine argumenter at du ikke innser din egen selvdyrking av agendaen din .Men forhåpentligvis får ...
Geir Ole Sætremyr 1 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøEg har fått med meg alt, også at du konstruerer di eiga kuvøse for å dyrke agendaen din.Ja, eg har ...
Terje Sundsbø 1 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrDu har ennå ikke fått med deg at jeg diskuterer KS2-rapporten, og utsagnene fra den? Referansegrunnlaget er like usikkert i KS2-rapporten ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse