25,6 milliard kr, for kun fjordkryssinga og til Molde, beviser at dette prosjektet totalt vil ligge mellom 30–40 milliardar kr.
Eg har lenge hevda at dette prosjektet slett ikkje er verken økonomisk bærekraftig eller samfunnsmessig forsvarleg.
Fasiten i KS2 er at Møreaksen har negativ samfunnsnytte med heile 7,5 milliard kr.
Med andre ord, verken fornuftig eller samfunnsøkonomisk lønsamt for verken folk flest eller næringslivet.
No kom KS2 som dokumenterer det eg har hevda, sjølv om enkelte i «Møreaksen klanen» med bind for auga har forsøkt å framstille dette som feil.
Med heile 25,6 milliard kr for fjordkryssinga til Molde på Møreaksen, viser dette at med nødvendig utbygging for å kunne sette trafikk på dette nord og sør om fjorden, fyk kostnadane sjølvsagt opp mellom 30–40 milliard kr.
Prisveksten på over 22 prosent har både Statens vegvesen og Møreaksen klanen forsøkt «trylla vekk» men dei faktiske forholda klarer ein ikkje å skjule.
Prosjektet er no skubba ut i tid, noko som sjølvsagt eksponerer prosjektet voldsomt for vidare prisvekst.
I rapporten står også dette:
«Sammenliknet med mer gjennomsnittlige prosjekt i Statens vegvesen gir størrelsen og varigheten av dette prosjektet meget høy grad av usikkerhet»
Dette betyr at det er svært stor sansynligheit for at prosjektet får vesentlige ytterlegare auka kostnadar i eit så risikofylt prosjekt med omlag verdensrekord i bru og undersjøisk tunell.
Alle forstår no kvifor Vegdirektoratet bråstoppa vidare behandling av dette prosjektet og utsette dette betydeleg.
Dei fem store vegprosjekta her i landet som er prioritert på topp og er byggeklare, på E6, E134 og på E16, som regjeringa stoppa og har utsette på ubestemt tid, har omlag samme kostnaden som del 1 av Møreaksen prosjektet.
Og etter desse fem prosjekta kjem prosjekt til ca. 65 milliard kr, i prosjekt som er prioritert før Møreaksen.
Berre kostnadsauken no på Møreaksen på 5 milliard kr, er meir enn store delar av utbygginga av heile E136 Vestnes–Bjorli.
Alle som VIL forstå, forstår at Møreaksen er sjanselaus.
Møreaksen vil framstå i historien som tidenes skandaleprosjektet der skattepengane til folk flest vart kasta vekk på eit prosjekt folket ikkje ville ha.
Og forklar, kven har råda til å betale 245 kr en veg over Romsdalsfjorden i tillegg til bompenger på Hjelset og vidare mot Ålesund, samla 5–600 kr i bompengar tur retur?
Var det nokon som snakka om «bu og arbeidsmarknads effekt ved Møreaksen?
Så folkens, stem FrP og sørg for at eg som kampkandidat på 13.-plass på fylkestingslista kjem på fylkestinget og kan fortsette kampen mot Møreaksen, tidenes sløseri og skandaleprosjektet!