Annonse
KSU – Vipps – desktop
Frank Sve, stortingsrepresentant for FrP
Ytring
Frank Sve, stortingsrepresentant for FrP
15 april 2023 19:06
Del på Facebook
Illustrasjon: Romsdalsaksen
Illustrasjon: Romsdalsaksen
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Når endeleg Møreaksen har spelt seg sjølv utover sidelinja og er skubba 8–12 år ut i tid, forstår alle at dette prosjektet er ganglaust.

No er tidspunktet for å starte vidare arbeid med framtidig planlegging av Romsdalsaksen.

Annonse
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Møreaksen blir no sjølvsagt skrinlagt, dette vart egentlig klart då Statens vegvesen konkluderte med å splitte opp prosjektet i to byggesteg.

Når Statens vegvesen no fabler om del 1 med kun fjordkryssinga og veg frå Julsundet og forbi Molde, med bompengekostnad på 490 kr tur-retur vart dette siste krampetrekning for Møreaksen.

Med ca. 26 milliard kr for del 1 på Molde-sida med Norgesrekord i minus kost nytte, har nok Statens vegvesen omsider innsett galskapen.

Dersom det har eksistert ein Sunnmøring som støtta Møreaksen, forsvann den støtta raskt og brutalt i det øyeblikket Statens vegvesen foreslo E39–E136 Ålesund–Vestnes teken heilt ut av NTP.

No må Møre og Romsdal ha full fokus på å få planlagg, prosjektert og finansiert realistiske prosjekt i åra framover.

E136 heile strekninga Ålesund til Bjorli bør førast over til Nye veier AS, Statens vegvesen har misbruk sin tillit til å gjennomføre noko som helst av vegprosjekt her i fylket.

E39 Veibust–Blindheim–Moa er ein av landets «dødsvegar» og har mellom 20–30.000 bilar i døgnet, dette prosjektet MÅ prioriterast raskt.

Annonse
Annonse

Likeså rv. 15 Strynefjellet, E39 Batnfjorden, rv. 70, Voldatunellen, Langfjordkryssinga osv.

I tida desse prosjekta vert planlagt og prosjektert vil vi ha svært god tida til å planlegge best mulig prosjektplan for Romsdalsaksen som ein gong i framtida kan realiserast.

Dersom det nokon gong vert mulig å finansiere ei fjordkryssing over Romsdalsfjorden etter at dei viktige prosjekta slik som E136 osv er ferdige, er Romsdalsaksen einaste realistiske alternativet.

Eg trur at Langfjordkryssinga over Åfarnes–Sølsnes på fv. 64 pressar seg fram. Dette er den egentlige eksportvegen til Molde-området og Nordmøre inn og ut av fylket.

Dette prosjektet er eit rimeleg kurant prosjekt med flytebru og kan også i framtida koblas ihop med Romsdalsaksen.

Uansett, Langfjordkryssinga får no ein ny renessanse når Møreaksen er historie, dette sambandet ilag med E136 Ålesund–Bjorli, er fylket sine viktigaste exportvegar.

Derfor må tilhengarar og initiativtakarane for Romsdalsaksen berre arbeide på vidare.

Sunn fornuft sigrar alltid!

Annonse
Annonse
Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Geir Ole Sætremyr 4 timer siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøEg har fått med meg alt, også at du konstruerer di eiga kuvøse for å dyrke agendaen din.Ja, eg har ...
Terje Sundsbø 4 timer siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrDu har ennå ikke fått med deg at jeg diskuterer KS2-rapporten, og utsagnene fra den? Referansegrunnlaget er like usikkert i KS2-rapporten ...
Geir Ole Sætremyr 19 timer siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøDersom du har følgt med I timen har eg sitert frå dokumentet som SVV presenterte i oppstartsmøtet med skisse til ...
Terje Sundsbø 22 timer siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrHvis det er svært få referanseprosjekt som kan verifisere kostnadskalkylene fra SVV, så gjelder jo det samme også for KS2-rapporten. ...
Geir Ole Sætremyr 1 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøKS2 rapporten uttaler eksplisitt at der er svært få referanseprosjekt som kan verifisere kostnadskalkylene frå SVV som ligg til grunn ...
Terje Sundsbø 1 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrDu tar fullstendig feil. Møreaksen i sin nåværende form er svært meningsfull. Derfor vil Høyre gjeninnføre E39 Vik-Molde i NTP. ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse