Det skulle skinne av distrikta berre Sp kom til makta, fasiten er tidenes mest distriktsfiendtlige regjering med Sp i spissen og, Ap er slett ikkje betre!
Vanlige folk mistar jobbane sine landet over, bedrifter går konkurs og ein må heilt tilbake til finanskrisa i 2008–09 for å finne tilsvarande tall.
Skyhøge straum-, drivstoff- og matprisar, eit vanvittig skattenivå som til og med Rødt rødmer over, og formueskatt og grunnrenteskatt som ikkje høyrer nokon stad heime.
No er det opprør også blant bøndene, og det vart ikkje slik bøndene hadde sett føre seg med Sp i regjering.
Dei ekstreme driftskostnadene til også landbruksnæringa er sjølvsagt konsekvensane av Sp og Ap i regjering, og løysast nok ikkje i eit landbruksoppgjær.
Det at Sp og Ap har gått til frontalangrep på alt av næringsliv også bøndene, rammar distrikta spesielt hardt.
Her i fylket køyrer Sp-ordførarar kommunane sine ut for stupet, og i fylkestinget kuttar Sp ferjedrifta sjølv om fylkeskommunen lever i sus og i dus med meir enn 900 million kr i overskot dei siste fire åra.
Det måtte ei Sp regjering for å leggje ned Mork rehabiliteringssenter, ei skammeleg sak som viser Sp i praksis der sentralisering er viktigast.
Sp i praksis er tragisk for vanlige folk og næringslivet i distrikta, og folk og næringslivet må no klart og tydeleg seie ifrå i valget til hausten «meir Sp-medisin er direkte farlig, og distrikta toler ikkje meir av denne greinalause politikken»
FrP har gong etter gong fremma fram viktige saker for Norsk økonomi, slik som å stoppe strømeksporten, maxpris på strøm, kutte kraftig i drivstoffprisane og hindre den kraftige auken i matvareprisane.
Sp og Ap har stemt dette ned!
Skattenivået må være på eit forsvarlig nivå, slik det var med Høgre/FrP-regjeringa, og den vanvittige formuesskatten og grunnrenteskatten må fjernast eller kuttast kraftig.
FrP har vist seg i praksis ilag med Høgre i regjering, som førte ein politikk som senka inflasjonen, ikkje slik som no der Sp og Ap sender renta til himmels pga sin totalt handlingslamma politikk.
Kan ikkje klage på krig i Europa lenger, når staten vasser i pengar og statsbudsjettet går med over 1.000 milliard kr i overskot.
Sp i praksis er krise for distrikta og dette partiet bør ut av både regjering, kommunestyra og fylkespolitiken før dei får øydelegge meir.