Alle meiningsmålingar her i fylket seier eit klart ja til fortsatt ferjer over Romsdalsfjorden, eller Romsdalsaksen.
Møreaksen er sjanselaus i kampen om vegmidlar i budsjetta framover dei neste tiåra.
Regjeringa har lagt inn oppstart av tre nye store vegprosjekt som har vore utsatt i fleire år, men unnlater å løyve nødvendige midlar i Statsbudsjettet for 2024.
225 million kr er lagt inn i 2024 til desse prosjekta, som framstår i beste fall som «lommerusk» til desse milliardprosjekta.
Regjeringa kuttar i vegvedlikeholdet med 400 mill kr, noko som medfører at vedlikeholdsetterslep aukar med 1,2 milliard kr årleg.
Dødsulykker aukar også dette året og går frå 89 drepte i trafikken i 2022 til 100 så langt i året, likevel prioriterar ikkje regjeringa tiltak mot dette.
Det er dei årlege Statsbudsjetta som løyver midlar til vegprosjekt, ikkje planar slik som NTP.
No når Møreaksen er utsatt i meir enn 8 år, opnar det seg sjølvsagt muligheita for at pengane som årleg er disponible til samferdsel kan gå til andre prosjekt.
Dette er slik som E136 frå Ålesund til Bjorli.
E39 Veibust–Blindheim–Moa, ny rv. 15 Strynefjellet med arm til Geiranger, Voldatunellen, E39 forbi Batnfjorden og rv. 70 for å nevne nokre viktige prosjekt.
For kvar kr som ikkje blir sløsa vekk på Møreaksen blir det heller pengar til andre fornuftige vegprosjekt her i fylket.
For det er slik, at løyvingane til alt innan samferdsel blir løyve i årlige Statsbudsjett, og kampen om pengane står der år for år.
Med FrP i ny regjering i 2025 vil fornuftige og realistiske prosjekt bli prioritert.
Alle forstår at ein lokalveg over Romsdalsfjorden for 2.292 bilar i døgnet, heilt utan ulykker ikkje blir prioritert, når vi har andre vegar i fylket med mange alvorlige ulykker og dødsulykker med trafikkmengden på over 22.000 bilar i døgnet.
Trenger ikkje vere mykje oppegåande for å kunne forstå dette!
Det blir nok trange økonomiske tider i lang tid framover, då må tilmålte midlar brukast fornuftig på flest mulig vegar her i fylket som støttar behovet for flest mulig bilistar og for næringslivet.