Vi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen. Besøk vår personvernside for mer detaljer.
Annonse
KSU – Vipps – desktop
Del på Facebook
Foto: Halvard Alvik / NTB
Foto: Halvard Alvik / NTB
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.

Hos forsikringsselskapa får vi kjøpt livsforsikring. Det er ei forsikring som like gjerne kunne hatt namnet «dødsforsikring». Den trer i kraft når vi dør og gjeld for andre enn den som betaler for forsikringa.

Matberedskap derimot, det er ei livsforsikring i ordets rette forstand. Ved å bruke pengar på å oppretthalde og styrke nasjonal matproduksjon, skal vi sikre oss mat og overlevelse i tider der importen bremsar eller stoppar opp.

Annonse
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Det har naturleg nok bygd seg opp ein frustrasjonen i landbruket, fordi store delar av samfunnet har mangla forståelse for kor viktig dette er. Næringa har utan tvil vore politisk og økonomisk forsømt i årevis. Koronakrisa og krigen i Ukraina har nok samtidig ført til at fleire forstår verdien av beredskap betre, også når det gjeld vårt daglege behov for mat.

Tidlegare har Senterpartiet hatt små moglegheiter til å vinne fram med viktige delar av landbrukspolitikken vår, men i denne stortingsperioden sit vi med ein såpass kraftig neve på rattet at det betyr noko for norsk landbruk.

Fordi vi klarte å mobilisere mange veljarar på at vi tala tydeleg om temaet beredskap og matberedskap ved førre stortingsval, har vi fått til anstendige jordbruksoppgjer. Vi har i vinter også lagt fram ei viktig stortingsmelding som kan bety mykje. Den inneheld ei opptrappingsplan for inntektene i jordbruket og ambisiøse mål for å auke norsk sjølvforsyning.

Annonse
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Dersom den sittande og komande regjeringar følgjer opp dette, vil det vera svært mykje verdt for næringa og for norsk matproduksjon. Målet er at bøndene skal få inntektsmoglegheiter som gjer dei jamstilte med andre grupper i samfunnet innan 2027.

Årets jordbruksoppgjer skal ikkje eg kommentere no, fordi forhandlingane pågår i skrivande stund. Dette oppgjeret må likevel opplagt utgjera eit viktig steg på vegen til ein landbruksøkonomi som tener målet om betre matberedskap.

Eg er glad i den norske bonden. Eg vaks sjølv opp med ein far som var bonde og veit kor mykje omsorg og varme bøndene kan ha for husdyra sine midt oppi alle moglege oppgåver som også ventar. Eg veit at vi må gjera kvardagen leveleg for bonden viss vi som nasjon skal kunne overleva kriser.

Eg håpar mange i landbruket ser at den nemnte stortingsmeldinga inneber store moglegheiter for det etterlengta løftet dei treng og fortener no. Eit løft som vil gagne alle nordmenn – fordi matberedskap er ei grunnleggande viktig livsforsikring.

Annonse
Annonse
Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Geir Ole Sætremyr 3 timer siden Når utredninger er systematisk feil
@Terje SundsbøDet er vurdert, og ønskt, men er det konkludert?
Terje Sundsbø 4 timer siden Når utredninger er systematisk feil
@Geir Ole SætremyrStrekningen Nyhamna-Molde er vurdert som kritisk infrastruktur. Kjerringsundet vil bli en del av dette. Du forutsetter at dette ene og ...
Geir Ole Sætremyr 17 timer siden Når utredninger er systematisk feil
@Terje SundsbøEg forventer meir nøktern framstilling.Kjerringsundet:Med utgangspunkt i KS2 basert på 2021 prisar vil sambandet koste 4,9 mrd Med 20 prosent prisstigning ...
Terje Sundsbø 1 dager siden Når utredninger er systematisk feil
@Geir Ole SætremyrStaten bidrar med det meste også på Møreaksen. For Kjerringsundet er det i tillegg Aukra kommune som bidrar. Fylkespolitikerne ønsker ...
Geir Ole Sætremyr 1 dager siden Når utredninger er systematisk feil
@Terje SundsbøEg har lest linken, og at dei har prioritert to fergeavløysingar, eitt i Askvoll,  og eitt i Masfjorden.  Kostnad 60 ...
Terje Sundsbø 1 dager siden Når utredninger er systematisk feil
@Geir Ole SætremyrMøreaksen gir mest vei for pengene – man slipper ekstraregningen med å gjøre Otrøya og Gossen fergefri. Netto samfunnsnytte pr. ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse