Annonse
KSU – Vipps – desktop
Frank Sve, 1. nestleder i Transport- og kommunikasjonskomiteen Stortingsrepresentant (FrP)
Ytring
Frank Sve, 1. nestleder i Transport- og kommunikasjonskomiteen Stortingsrepresentant (FrP)
26 mai 2024 19:51
Del på Facebook
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.

Sunnmørsposten skriv på leiarplass at den økonomiske krisa i fylkeskommunen ikkje er til å begripe.

Dette er ikkje vanskeleg å begripe, verken for SMP eller for andre.

Annonse
Annonse
KSU – Vipps – mobil

For få år sidan var vidaregåande skular desidert største driftsområdet i fylket, med ca. 55 % av budsjettet, samferdsel hadde ca. 37 % av budsjettet.

No er dette snudd totalt på haudet, der samferdsel har over 50 % av budsjettet og Vidaregåande skular ca. 35 %.

Grunnen til dette er at det desidert største ferjefylke i landet, og eit stort samferdselsfylke, får rett i «kardangen» dei ekstremt høge drivstoff, straumprisane og galloperande rentenivå med dagens regjering.

Driftskostnadene har gått rett til himmels og alle ferjekontrakter og funksjonskontrakter innan samferdsel har blitt ubegripelig høge, og har auka med mange hundre mill kr pr. år.

Vist har fylket invester mykje, og det er no liten tvil om at bremsene må på.

No må også absolutt alle områder i fylkeskommunen, som er «kjekt å ha» kuttast.

Derfor kuttar fleirtalet i fylket no svindyre unødvendige prosjekt, til mange titals mill kr pr. år.
Bærekraft ditt og bærekraftig datt blir kutta, likeså blir fylkesadministrasjonen kraftig rasjonalisert der ca. 55 stillingar må gå.

Det same ang haugevis av selskap som fylket har sløsa vekk titals på titals av millionar av kr pr. år, blir også no kutta.

Så har rammene til fylkeskommunen aldri vore verre for Møre og Romsdal frå ei regjering en no med dagens Ap/Sp-regjering.

Berre i år fekk vi meir enn 70 mill kr mindre enn løns og prisveksten og må kutte ytterlegare.

Annonse
Annonse
KSU – Vipps – mobil

For 2025 fortsetter regjeringa og kutte i overføringene til vårt fylke, no også kutt innan samferdsel.

Dette ilag med skyhøg rente fører til at vi ganske sikkert må fortsette med kraftig rasjonalisering av fylkeskommunen, og vi blir sikkert nødd til å utsette mengder med nye investeringar.

Likevel vil både vidaregåande skular og ferjedrift samt vedlikehold av vårt vegnett måtte prioriterast høgt.

SMP sin leiar, og den som har skrevet dette, veit så inderleg vel at dersom det fortsatt hadde vore ei borgarleg regjering ville mykje av galskapen vi ser av kostnadsgaloppen på det meste ha vore total annerledes.

Vist veit eg at dei fleste journalistar er «raude» og vist veit eg at det er vanskeleg å skrive om grunnlaget som no medfører konkurser på konkurser blant vårt næringsliv, og der lommeboka til næringslivet og folk flest vert loppa av Støre og Vedum.

Skriv litt om dette dokke i SMP og av journalistar generelt.

Dette rammar sjølvsagt også no offentleg forvaltning i kommunane og fylkeskommunen, og hadde rentenivået og kostnadsnivået som var med borgarleg styre av landet vore gjeldande no, hadde vi ikkje høyrt eit pip verken frå lederen i SMP eller andre.

Vi tar vårt ansvar i Fylkestinget og skal gjere så godt vi kan, men rett skal vere rett.

Vi har overtatt ei «branntomt» her i fylket frå Ap og Sp, og det ser faktisk ut til at desse partia har som strategi å utarme Møre og Romsdal mest mogeleg også i regjering.

Kva logikk og strategi dette er frå Ap og Sp veit ikkje eg, men no skal det tydelegvis være vanlege folks tur til å få lommeboka loppa.

Sjølv i nyleg framlagt forslag til ny NTP (Nasjonal transportplan) frå regjeringa, er Møre og Romsdal totalt skvisa.

Dette, og resten av galskapen som dagens regjering med Ap og Sp bedriver er akkurat ja, slett ikkje mulig å begripe!

Annonse
Annonse
KSU – Vipps – mobil
Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Geir Ole Sætremyr 17 timer siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøDette er di tolking Fram til 2022 tall er bompengesatsane det samme som det svv har brukt I grunnlagsmaterialet.  Det kan ...
Terje Sundsbø 17 timer siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrSom jeg allerede har påpekt, KS2-rapporten angir alle kostnadsøkninger som bompengefinansiering. Dette vil de fleste mene ikke er rimelig. KS2-analysen skal ...
Geir Ole Sætremyr 18 timer siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøFastsetting av bompengar, beløp som skal betalast har fleire element i seg.  Vurdering av dette ligg i oppdraget frå Finansdepartementet. 1. ...
Terje Sundsbø 20 timer siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrDu er så blendet av dine argumenter at du ikke innser din egen selvdyrking av agendaen din .Men forhåpentligvis får ...
Geir Ole Sætremyr 1 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøEg har fått med meg alt, også at du konstruerer di eiga kuvøse for å dyrke agendaen din.Ja, eg har ...
Terje Sundsbø 1 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrDu har ennå ikke fått med deg at jeg diskuterer KS2-rapporten, og utsagnene fra den? Referansegrunnlaget er like usikkert i KS2-rapporten ...
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse