Annonse
Kristin Sørheim, leder i Oppvekst- og helseutvalget i Tingvoll
Ytring
Kristin Sørheim, leder i Oppvekst- og helseutvalget i Tingvoll
20 juni 2024 22:11
Del på Facebook
Foto: Kurt Helge Røsand / KSU.NO
Foto: Kurt Helge Røsand / KSU.NO
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.

Ved framlegginga av nasjonal helse- og samhandlingsplan seier regjeringa at dei vil at kommunar og sjukehus skal prøve ut og innføre nye organiseringsformer for å sikre samanhengande tenester med god bruk av kompetanse og personell.

Regjeringa vil opprette eit varig rekrutterings- og samhandlingstilskott som skal gjere det enklare å samarbeide om planlegging, tenesteutvikling og gode pasientforløp. Dei vil også prøve ut kombinerte stillingar på tvers av kommunar og sjukehus.

Annonse
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Regjeringa vil innføre eit rekrutterings- og samhandlingstilskott, og helseføretak og kommunar skal bli einige om korleis midlane skal brukast. Opptaksområdet til dei minste sjukehusa – både akuttsjukehus og sjukehus utan akuttfunksjonar skal prioriterast.

Nesten alle kommunane på Nordmøre har tidvis for liten kapasitet og kompetanse til å ta imot utskrivingsklare pasientar frå sjukehuset så snart sjukehusa meiner dei er ferdigbehandla. Sjukehuset på Hjelset får sikkert enda mindre rom for å halde igjen pasientar som dei meiner skal tilbake til kommunen. Det er enda ikkje avklara kva som skal fylle sjukehuset i Kristiansund, men her må det ligge til rette for eit slikt varig tilskott til nye organiserings- og samhandlingsformer som regjeringa etterlyser.

Annonse
Annonse

Viss alle kommunane og helseføretaket går saman og finansierer opp fleire døgnplassar, vil det lette presset på nye SNR, det vil avlaste kommunane den tida dei treng til å ha klar pasientplass heime.

Det vil styrke DMS-et i Kristiansund og sikre sengeplassar som også ortopedien (protesekirurgien) kan nytte seg av, og det vil utløyse samarbeid om kompetanse og betre rekrutteringa til både DMS-et og kommunane fordi det blir ein interessant og utfordrande arbeidsplass, der også aktiviteten til Helseinnovasjonssenteret må koplast inn.

I tillegg vil det vere eit viktig beredskapstiltak for både helseføretaket og kommunane – den dagen det trengst fleire sengeplassar med døgnbemanning. Går det an å få med Helse Midt og Helse Møre og Romsdal og kommunane på Nordmøre til å utvikle og søke om eit slikt prosjekt? Tida er no!

Annonse
Annonse
Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Geir Ole Sætremyr 2 timer siden Demokratiets veivalg
@Terje SundsbøDer kom katta ut av sekken. Ein provokasjon for ny veg Julbøen til Fuglset. Samla kostnad 10 mrdFlytting av fergeleiet ...
Terje Sundsbø 2 timer siden Demokratiets veivalg
@Geir Ole SætremyrAt fjerning av flaskehalser på E39 medfører større trafikk er jo hele hensikten. Da er en ny trasé påkrevd, ikke ...
Geir Ole Sætremyr 3 timer siden Demokratiets veivalg
@Terje SundsbøDersom du studerer trafikkdata frå tellepunkta til SVV vil du sjå at å flytte trafikken frå noverande fergeterminal tikl ny ...
Terje Sundsbø 3 timer siden Demokratiets veivalg
@Geir Ole SætremyrÅ fjerne flaskehalser har ikke som mål å redusere trafikken. Man endrer traséen for å bedre trafikkflyten.
Geir Ole Sætremyr 11 timer siden Demokratiets veivalg
@Terje SundsbøTrafikken gjennom Molde blir ikkje redusert med å flytte ferga til Mordalsvågen. 
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse