Annonse
Frank Sve, 1. nestleder i Transport- og kommunikasjonskomiteen Stortingsrepresentant (FrP)
Ytring
Frank Sve, 1. nestleder i Transport- og kommunikasjonskomiteen Stortingsrepresentant (FrP)
10 august 2024 10:56
Del på Facebook
Fergesambandet Tømmervåg - Seivika mellom Kristiansund og Aure kommuner. Foto: Steinar Melby, KSU.NO / NettStudio
Fergesambandet Tømmervåg - Seivika mellom Kristiansund og Aure kommuner. Foto: Steinar Melby, KSU.NO / NettStudio
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.

Dette er Høgre og regjeringspartia her i fylket si sommargåve til innbyggjarane, som rammar lommeboka til unge og eldre brutalt. Fleire må reise kollektivt, men sjølvsagt vil færre bruke dette når prisane fyk til himmels!

At Høgre kjempar for å bevare fylkesadministrasjonen og heller aukar bussprisene med 20 prosent samt takstsone opp på ferjene, er dessverre heilt i tråd med at dette partiet vil ha dyrare drivstoff.

Annonse
Annonse

Ikkje forstår eg kva denne gjengen driver med når Høgre også fortsetter med det greinalause Møreaksen-prosjektet, som Stortinget effektivt har fjerna heilt frå NTP.

Ferjepolitisk wonderboy frå Ap må nok vere rimeleg flau, når også Ap her i fylket gong etter gong ivrar for å auke ferjeprisane, medan byråkratiet berre får ese ut.

I det borgarlege fleirtalet står fortsatt FrP, Venstre og KrF bak sitt opprinnelege budsjett og økonomiplan, der ferje og bussprisane sjølvsagt ikkje skal aukast.

Så får vi sjå utover hausten om Høgre fram mot Stortingsvalgkampen foretrekker å fortsatt gå til Ap, Sp og SV, for å gjere kvardagen til folk flest her i fylket enda dyrare.

FrP kjem til å kjempe for billigare busstilbud, samt eit styrka Vidaregåande skuletilbud.

Eg trudde dyrtida til Støre og Vedum var gale nok, om ikkje Høgre skal bidra til at dette skal bli enda verre for næringslivet og folk flest.

Annonse
Annonse

Samferdselstilbud skal styrkast, ikkje kuttast. Fylkesvegane samt ferjetilbudet er livsnerven i vårt næringsfylke, som sjølvsagt må prioriterast.

Rassikring av Trollstigen skal fullfinansieres av staten, og ikkje forstår vi kvifor nokon presterar å juble over å bli tvinga av regjeringa til å delfinansiere dette.

FrP kjem til å kjempe for ei massiv samferdselssatsing her i fylket, der heile E136 frå Moa til Bjorli skal setjast igang bygging av. Såleis må også Nye Veier AS blir gjort i stand til å klare dette økonomisk.

Likeså må E39 Solevågseidet til Moa, samt både Voldatunellen, Langfjordkryssinga og rv. 70 prioriterast sterkt.

FrP ilag med både Høgre og andre på Stortinget sørga for eit kraftig løft av ein tafatt NTP frå regjeringa.

Ei kraftig auka satsing på fylkesvegane blir regjeringa tvinga til å gjennomføre, samt igangsetting av det meir enn gryteklare rv. 15 Strynefjellet med arm til Geiranger.

FrP viser handlekraft og vilje til å prioritere dei viktige sakene her i fylket, og vil sjølvsagt sørge for at Møreaksen aldri kjem opp av skuffa igjen.

Annonse
Annonse
Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Hans-Peter Kaaresen 1 dager siden Forvaltningslovens vegvalg
Bra skrevet Paul.  Loven blir tydeligvis praktisert forskjellig.  I løpet av de neste 12 åra som MA er satt på ...
Terje Sundsbø 3 dager siden FrP leverer det vi lova
Frp kan takke dagens regjering for at partiet kan innfri sine valgløfter, ikke egen innsats. Men det er typisk for ...
Terje Sundsbø 5 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
@Anne Mari SandshamnSom vanlig ingen saklige argumenter verken til Rasmussens artikkel eller mine momenter. Det oppsummerer motstanden mot Møreaksen i et nøtteskall.
Anne Mari Sandshamn 6 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
@Arne AlmaasDu har så rett Arne. Å føre en dialog for en selv er ikke vanlig.
Bjørn Nøstvold 6 dager siden Venstre gir seg selv en rett venstre
Ønsker en forandring, stemmer en for forandring.
Vidar Hölm 7 dager siden Neste år er det igjen Stortingsvalg
"Nå er det ikke tid for «blame game», sa helseminister Jan Christian Vestre (Ap) til Sunnmørsposten 24. oktober. Jo, det ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse