Annonse
KSU – Vipps – desktop
Frank Sve, 1. nestleder i Transport- og kommunikasjonskomiteen Stortingsrepresentant (FrP)
Ytring
Frank Sve, 1. nestleder i Transport- og kommunikasjonskomiteen Stortingsrepresentant (FrP)
26 august 2024 10:14
Del på Facebook
Rv. 70 Nordsundbrua i Kristiansund. Foto: Kurt Helge Røsand / KSU.NO
Rv. 70 Nordsundbrua i Kristiansund. Foto: Kurt Helge Røsand / KSU.NO
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.

Etter tre år med total tørke ang vegbygging frå Vedum og Støre, er det no på tide for ei skikkeleg satsing på exportvegane, fylkesvegane, og på omfattande vegbygging.

Regjeringspartia har sveltefora Møre og Romsdal innan samferdsel, og deira Nasjonal transportplan (NTP) må vere tidenes svakaste for vårt fylke.

Annonse
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Ikkje eit einaste større prosjekt er inne i planen. Våre svært viktige exportvegar slik som E136 frå Moa til Bjorli, E39 Solevågseidet–Blindheim til Moa, fullverdig utbygging av rv. 70, eller Strynefjellet klarte ikkje regjeringa å få inn på sikker plass i NTP.

Eit anna fleirtal med FrP, Høgre, KrF, Venstre, SV og Rødt sørga for eit kraftig løft for behandlinga av NTP i Stortinget.

I konkrete vedtak vart regjeringa instruert til betydeleg auka satsing på fylkesvegane, prioritering av ein rekke viktige prosjekt landet rundt, der til dømes RV 15 Strynefjellet med arm til Geiranger vart flytta ut av øydemarka.

Rv. 15 Strynefjellet med arm til Geiranger ligg no i fyrste perioden av NTP, og skal setjast igang straks. Sp og Ap flytta dette ut til siste 6-årsperioden som i realiteten betyr utsatt på ubestemt tid.

Likevel er der lyspunkt, når Samferdselsministeren har fjerna Møreaksen heilt ut av NTP sine 12 år.

Annonse
Annonse

Derimot tyder mykje på at Statens vegvesen på Molde ikkje kan å verken lese eller få med seg kva som skjer på Stortinget ang NTP, når dei fortsetter med planlegging av tidenes verste sløseriprosjekt.

Statens vegvesen blir sjølvsagt instruert og stoppa.

No må dette organet snart begynne å arbeide med reelle vegprosjekt slik som rv. 15 Strynefjellet, rv. 70, Voldatunellen, og planlegging av Exportvegen E136 og E39 Blindheimstunellen osv.

Og skal Statens vegvesen tenke nytt, er fv. 64 og Langfjordkryssinga eit godt og viktig prosjekt som må løftast fram og omgjerast til riksveg.

Med ei ny borgarleg regjering med eit sterkt FrP til neste haust, er det åpenbart «tid for veg» og tid for ei regjering som faktisk satsar på samferdsel.

Møreaksen er parkert, og no må sløseriet endeleg ta slutt på dette greinalause sløseriprosjektet, slik at verkelege og viktige vegar her i fylket kan planleggast og byggast så raskt som råd.

Annonse
Annonse
Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Geir Ole Sætremyr 17 timer siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøEg har fått med meg alt, også at du konstruerer di eiga kuvøse for å dyrke agendaen din.Ja, eg har ...
Terje Sundsbø 17 timer siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrDu har ennå ikke fått med deg at jeg diskuterer KS2-rapporten, og utsagnene fra den? Referansegrunnlaget er like usikkert i KS2-rapporten ...
Geir Ole Sætremyr 1 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøDersom du har følgt med I timen har eg sitert frå dokumentet som SVV presenterte i oppstartsmøtet med skisse til ...
Terje Sundsbø 1 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrHvis det er svært få referanseprosjekt som kan verifisere kostnadskalkylene fra SVV, så gjelder jo det samme også for KS2-rapporten. ...
Geir Ole Sætremyr 2 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøKS2 rapporten uttaler eksplisitt at der er svært få referanseprosjekt som kan verifisere kostnadskalkylene frå SVV som ligg til grunn ...
Terje Sundsbø 2 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrDu tar fullstendig feil. Møreaksen i sin nåværende form er svært meningsfull. Derfor vil Høyre gjeninnføre E39 Vik-Molde i NTP. ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse