Annonse
KSU – Vipps – desktop
Kjersti Toppe
Ytring
Kjersti Toppe
23 februar 2018 19:58
Del på Facebook
Kjersti Toppe (Sp) i stortingets spørretime. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
Kjersti Toppe (Sp) i stortingets spørretime. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Av Kjersti Toppe, stortingsrepresentant og helsepolitisk talsperson for Senterpartiet.

Jan Steinar Engeli Johansen (Frp) skriv i Tidens Krav 16/2-18 at dei raudgrøne og KrF etter forslag frå SP har vedtatt å redusere betalinga sjukehus får for å behandle pasientar. Det er feil. Johansen kan ikkje ha forstått korleis sjukehusa våre er finansiert. Betalinga skal ikkje reduserast. Den skal endrast. Delen av betalinga som er innsatsstyrt, blir redusert. Delen av betalinga som er rammefinansiert, blir auka tilsvarande.

Ved innsatsstyrt finansiering vert pasientar koda i ulike diagnosegrupper, som igjen utløyser ei viss betaling. Slik vert det ei direkte kopling mellom diagnose og val av behandling, og sjukehusøkonomi. Dette vert styrande heilt ned på avdelingnivå. Det kan føre til at pasientar ikkje vert prioritert etter behov. Eldre pasientar med fleire, kroniske sjukdommar er ofte døme på lite lønnsame pasientar. Andre pasientar gir meir pengar i sjukehuskassa.

I dag er innsatsstyrt finansiering på 50 prosent. Det betyr at sjukehusa får 50 prosent av inntekta si frå denne typen av finansiering. Høg grad av innsatsstyrt finansiering gjer sjukehusdrifta meir marknadsbasert. Senterpartiet meiner sjukehusa våre må finansierast slik at pasientar vert prioritert etter behov, og ikkje etter kven som lønner seg mest. Sentepartiet har fått fleirtal i Stortinget for at grad av innsatsstyrt finansiering skal reduserast til 40 prosent i statsbudsjettet for 2019.

Riksrevisjonen har ved fleire høve peikt på at norske sjukehus har tendens til å gi pasientar diagnoser som lønnar seg mest. Ikkje for pasienten, men for sjukehusa. Helseføretaka har no eit system med eigne folk som berre arbeider med å sjekke at legane har skrive «optimale» diagnoser i journalane, slik at Helseforetaket ikkje risikerer å tape pengar. Slik vert diagnoser styrt av pengar, og pengar styrt av diagnoser.

FrP og Johansen forsvarar altså dette systemet. Dei er mest opptekne av at innsatsstyrt finansiering legg til rette for kjøp og sal av sjukehustenester og privatisering. Men for Senterpartiet er det viktigare å styrke dei offentlege sjukehusa. FrP forsvarar eit system der til og med fødeklinikkane våre er «innsatsstyrt» finansiert. Der blødning betyr meir pengar i kassa, mens det å tilsetje fleire jordmødre ikkje blir premiert. Forstå det den som kan.

Senterpartiet vil avslutte dette systemet. Vi vil at staten skal rammefinansiere sjukehussektoren på same måte som staten i dag finansierer eldreomsorg og skulesektoren. FrP vil det motsette. Dei vil styre sjukehusa etter bedriftsøkonomiske prinsipp. Men det beste med dagens regjering er at den ikkje har fleirtal i Stortinget. No har Senterpartiet fått fleirtal i Stortinget for ein annan retning. Det er til å glede seg over.

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Dette sier de nok fordi de vet at det ikke gjør noen forskjell. Det er kapasitet nok til å eksportere ...
Terje Sundsbø 6 dager siden Statlig eller kommunal fergedrift?
Sunnmørsposten har publisert sin egen versjon av Rasmussens kronikk - de har fjernet alle linker. Det er skremmende at en ...
Terje Sundsbø 6 dager siden Statlig eller kommunal fergedrift?
En meget tankevekkende artikkel som bør leses: https://www.rbnett.no/meninger/i/lwe9yL/kan-vi-adressere-det-faktiske-problemet"Ein kan til stadigheit lese innlegg i avisene frå godt vaksne menn som ...
Hans-Peter Kaaresen 10 dager siden Forvaltningslovens vegvalg
Bra skrevet Paul.  Loven blir tydeligvis praktisert forskjellig.  I løpet av de neste 12 åra som MA er satt på ...
Terje Sundsbø 12 dager siden FrP leverer det vi lova
Frp kan takke dagens regjering for at partiet kan innfri sine valgløfter, ikke egen innsats. Men det er typisk for ...
Terje Sundsbø 14 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
@Anne Mari SandshamnSom vanlig ingen saklige argumenter verken til Rasmussens artikkel eller mine momenter. Det oppsummerer motstanden mot Møreaksen i et nøtteskall.
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse