Vi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen. Besøk vår personvernside for mer detaljer.
Annonse
Del på Facebook
Frank Sve, Fylkesleiar og gruppeleiar i Møre og Romsdal FrP.
Frank Sve, Fylkesleiar og gruppeleiar i Møre og Romsdal FrP.
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

«Bitte lille Norge skal redde verden, slutte med det meste og lage tilværelsen mest mulig jæklig for folk flest med bypakkar, og det som verre er». Ja, kvar er denne såkalla «klimakrisa»?

Ikkje veit eg, og når eg ferdast her i mitt fylke Møre og Romsdal ser eg ein natur, og eit miljø som aldri har vore reinare enn akkurat no. Eg har sjølv ferdast svært mykje ute i naturen heilt frå eg var liten, og til no når eg er over 50.

Før når eg gjekk i lakseelva, var der omfattande utslepp med landbruksutslepp som silosaft og møkk, frå hushald i eigne kloakksystem som mykje av overløp gjekk vidare ut i elva, og utslepp frå næringslivet som ikkje var bra, nesten uråd å gå langs elevane pga sleipe og glatte steiner, berg osv.

I dag går eg her i reine elevar, etter strenge restriksjonar for både landbruksnæringa, kommunane har kontroll på hushalsavfall og næringslivet har strenge miljøkrav. Det samme ser eg ellers ute i naturen der eg ferdast.

Rundt oss kjem det meir og meir El bilar, El bussar, vi har LNG ferjer, svært strenge miljøkrav til både landbruksnæring og industri, og no også omfattande utskifting av gamle ferjer her i fylket til klink nye El ferjer. Vi har cruiseskip inn fjorden til Geiranger, som aldri før har vore reinare enn akkurat no, husk på at alt i 1900 var der ca 100 cruiseskip til Geiranger.

Likevel har Stortinget og regjering prestert å stille krav om tier 3 i 2025, og nullutslipp i 2026 for cruiseindustrien her i området. Ikkje fekk dei med seg at dette betyr kun 10-15 LNG skip i 2025 og NULL skip til Geiranger i 2026, pga at det tidligaste næringa har forespegla slike skip er i 2035-40.

I dag har vi 225 anløp til Geiranger og 148 anløp til Hellesylt med ca 360000 turistar, som kvar enkelt legg igjen ca 6-700kr i regionen. Med kun 10-15 skip i 2025 og NULL i 2026 får vi eit gedigent verdiskapingstap i vår region på fleire hundre million kr.
Tap av mengder med arbeidsplassar her ute i distrikta, med bakgrunn i eit aldeles meiningslaust vedtak for ei næring som aldri før har vore reinare.

Miljørestriksjonar er Ok, og mykje av krava fram til 2024-25 er å leve med, derimot har ein her gått alt for langt, og ikkje regulert næringa her i området, men regelrett fjerna den totalt frå 2026. Vi forsøker å gjere det beste ut av dette med planlegging av nye cruisekaier lenger ute i fjorden, og frakte eit bebegrensa antal med cruisegjestar inn til Geiranger med mindre nullutslippsfartøy.

Vi fryktar derimot at cruisegjestane blir bussa inn frå andre havner i hopetal, på eit vegnett og ferjenett som frå før er totalt overbelasta. Når eg får spørsmålet om eg er flau av å ta eit fly til Oslo eller utlandet, så må eg berre trekke på smilebandet og innrømme at dette vare eit «greinalaust» spørsmål.

Når eg tenkjer på forrureiningane og utsleppa som er i dei verkeleg store byane og landa rundt omkring i verden, slik som i Kina og India, blir det berre aldeles tåpeleg at lille Norge skal redde verden med sine utslepp som ligger på nivået med ein middels stor by i utlandet!

Vist skal vi ta miljøet på alvor, og vist skal vi gjere det vi kan for eit så godt miljø som mogeleg, men vi må ikkje «barbere av oss halve haka» i vår iver etter å vinne NM og VM i miljøhysteri! Vårt land vert reinare for kvar dag som går, men vi må ikkje stelle oss slik til at vi øydeleggje for næringslivet som vi faktisk lever av. Utan olje og gassindustrien her i landet, hadde vårt land ikkje hatt den velstanden som gjer oss til eit av verdas beste land å bu i. Ei krisemaksimering av dette fører ikkje til eit reinare land og ei reinare verd.

Vi står for noko av det beste teknologiske og reinaste som finnast også innan denne næringa, og kuttar vi ut dette er det andre som tar over den produksjonen andre stadar i verda som ikkje har same miljøfokuset. Kanskje også på tide å tenkje seg litt om, alle dei med «kjeften full av gullskjeer» som ropar opp om miljøkrise og skal leggje ned det meste. Kravet om såkalla «bypakkar» som skal måke på med gang og sykkelvegar og kollektivtilbud, finansiert av bilistane og næringslivet, poppar opp over heile landet.

Det er slik at ein daud laks frå Fosnavåg som skal til marknadane i Europa, ikkje skal bruke ein meter av dei gang og sykkelvegar som den blir pålagt å betale bompengar for på sin veg ut av landet. Prinsippet om at dei som har nytte av tiltaka, også må vere dei som betalar for dette, og ikkje velte heile rekninga over til andre.

Vi i FrP aksepterar ikkje lenger klimahysteriet til verken Ola Elvestuen eller andre, og har ikkje tenkt å radbrekke vårt flotte land i iveren etter å vinne NM og VM i klimahysteri.

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse

Innlogging

Siste kommentarer

Geir Ole Sætremyr 11 timer siden Særinteresser og Eksportveikonferansen
@Terje SundsbøHer er kontaktinformasjonhttps://naturvernforbundet.no/ansatte/holger-schlaupitz/
Terje Sundsbø 12 timer siden Særinteresser og Eksportveikonferansen
@Geir Ole SætremyrSom vanlig svarer du ikke på de spørsmål du får. Er det vanlig praksis i Naturvernforbundet?Representerer du virkelig Naturvernforbundet?
Geir Ole Sætremyr 16 timer siden Særinteresser og Eksportveikonferansen
@Terje SundsbøDu får bruke energi på å finne ut av Naturvernforbundet sitt formål.
Terje Sundsbø 18 timer siden Særinteresser og Eksportveikonferansen
@Geir Ole SætremyrSom vanlig svarer du ikke på de spørsmålene du får. Er ikke det litt pinlig å representere Naturvernforbundet på en ...
Geir Ole Sætremyr 1 dager siden Særinteresser og Eksportveikonferansen
@Terje SundsbøDu er i det filosofiske hjørnet i dag. Du får ta deg ei misjonsferd, sville for sville,  og sjå kor ...
Terje Sundsbø 1 dager siden Særinteresser og Eksportveikonferansen
@Geir Ole SætremyrBurde ikke heller du alliere deg med Frank Sve (Frp)? I følge Hans-Peter Kaaresen blir jo Frank Sve (Frp) den ...
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse