Annonse
KSU – Vipps – desktop
Frank Sve, fylkes- og gruppeleiar i MR FrP
Ytring
Frank Sve, fylkes- og gruppeleiar i MR FrP
12 november 2019 11:28
Del på Facebook
Frank Sve, Fylkesleiar og gruppeleiar i Møre og Romsdal FrP. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune
Frank Sve, Fylkesleiar og gruppeleiar i Møre og Romsdal FrP. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Med sine meiningslause kutt i vidaregåande skule, syner dei at ein gedigen administrasjon, opera og andre ting som slett ikkje er nødvendig, er viktigare enn ungdommen her i fylket.

I hovudutvalgsmøta for samferdsel, utdanning , kultur og næring, vart vi alle vitner til at SP, AP, SV og spesielt Høgre møtte aldeles uforberedt, men klart og tydeleg støtta dei omfattande kutta innan vidaregåande skule her i fylket.

Verst var faktisk Høgre, som stemte for fylkesrådmannen sine kutt blindt, og støtta såleis ein gedigen overadministrert fylkeskommune som har både 2 og 3 gongar så mykje administrasjon som til dømes i Nordland fylke.

Men med tanke på kven som i realiteten styrer Høgre, så er det nok ikkje rart at dei vernar kvar ein einaste byråkrat på fylkeshuset på Molde.

FrP la fram vårt alternative budsjett, der vi i hovudsak verna Vidaregåande skule samt hindra kutt i ferjedrifta.

Dette er overhode ikkje vanskeleg å gjere, men då må ein faktisk prioritere dei lovpålagte tjenestene her i fylket, og ikkje strø rund seg med pengar» til tiltak som slett ikkje bør brioriterast.

Det er faktisk mulig å bruke haudet no, prioritere ungdommen og vidaregåande skule spesielt, framfor å synleggjer så brutalt at dei ulike politiske partia faktisk ikkje har «kløyvd boka» eller sakspapira til møta i hovudutvalga.

Rett og slett ei skandale var dette, og i mine 4 periodar i fylkestinget har eg aldri opplevd makan, der fagutvalget rett og slett abdiserte, unnlot å behandle utfordringane og berre «skubba denne saka vidare til fylkesrådmannen og fylkesutvalget»

FrP har jobba svært mykje med saka gjeldande Omstilling 2020, og meiner at vi har behandla arbeidet Fylkesrådmannen har levert med respekt.

Overhode ikkje enig i mykje av det som er levert derifrå, men å behandle månedsvis med arbeid derifrå slik fleirtalet gjennomførte i hovudutvalgsmøta, er rett og slett pinleg !

FrP har levert vårt alternativ, der vi er truverdige i det vi gjekk til valg på, og prioriterar vidaregåande skule og ferjedrift, men vi prioriterar ikkje områder på områder som er kjekt å ha, og ein alt for stor administrasjon.

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Terje Sundsbø 2 timer siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrKS2-analysen viser at transportgrunnlaget på Møreaksen, selv med høye bomsatser, er større enn med ferge. Jeg gjentar - dette er fra ...
Geir Ole Sætremyr 6 timer siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøEr klar over at SVV brukar standard programvare for beregningene.  Men, blir det meir riktig?Der er vel ei smertegrense for ...
Terje Sundsbø 7 timer siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrKS2-analysen viser at transportgrunnlaget på Møreaksen, selv med høye bomsatser, er større enn med ferge.
Geir Ole Sætremyr 1 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøDette er di tolking Fram til 2022 tall er bompengesatsane det samme som det svv har brukt I grunnlagsmaterialet.  Det kan ...
Terje Sundsbø 1 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrSom jeg allerede har påpekt, KS2-rapporten angir alle kostnadsøkninger som bompengefinansiering. Dette vil de fleste mene ikke er rimelig. KS2-analysen skal ...
Geir Ole Sætremyr 1 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøFastsetting av bompengar, beløp som skal betalast har fleire element i seg.  Vurdering av dette ligg i oppdraget frå Finansdepartementet. 1. ...
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse