Vi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen. Besøk vår personvernside for mer detaljer.
Annonse
Jenny Klinge
Ytring
17 november 2019 22:11
Del på Facebook
Jenny Klinge, Justispolitisk talskvinne, Senterpartiet. Foto: Ragne B. Lysaker, Senterpartiet
Jenny Klinge, Justispolitisk talskvinne, Senterpartiet. Foto: Ragne B. Lysaker, Senterpartiet
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

I dag har Møre og Romsdal politidistrikt eit barnehus i Ålesund. Det var eit framsteg for ungar i fylket vårt at dette vart oppretta, men enno er avstandane for store for altfor mange. Vi i Senterpartiet er opptekne av at avstanden til barnehusa skal bli mindre for fleire av dei ungane som treng å reise dit. Derfor legg vi inn midlar i vårt alternative statsbudsjett for 2020 til å opprette ei barnehusavdeling i Kristiansund.

Øystein Klakegg Thorsen, som er politibetjent ved Sunndal lensmannskontor, hadde eit tankevekkjande innlegg i Politiforum 11/9 om temaet barnehus og avhøyr av ungar som har vorte utsette for overgrep. Innlegget hadde tittelen «Etter å ha sunget «Lille Petter edderkopp» for å lette stemningen, har i alle fall jeg gjort meg opp noen tanker» og viser eit prisverdig engasjement for å gjera forholda for desse ungane betre. Meiningane hans om lange transportar av sårbare unge er tydelege. Thorsen viser til at lensmannskontoret får tilbakemeldingar frå foreldre og følgjepersonar om at den lange reisevegen til barnehuset er problematisk.

Til Ålesund er det tre og ein halv time, og alternativet ville vore å reise til barnehuset i Trondheim, i eit anna politidistrikt. Det eine problemet med lang reiseveg til barnehuset er jo den ekstra belastninga som ungar og unge får i ein situasjon som er vanskeleg i utgangspunktet. Det andre problemet kan vera kvaliteten på avhøyret, som ein er avhengig av at skal vera høg for å bidra til å påvise eller utelukke ei kriminell handling. Må potensielle offer for overgrep reise for langt, vil det kunne føre til dårlegare resultat på avhøyra og ein vanskelegare bevissituasjon seinare.

Eg meiner det er verdt å lytte til den uroa Thorsen uttrykkjer, og eg tykkjer framlegget hans om å flytte avhøyraren til ungen er interessant og bør sjåast nærare på. Eg meiner også at det å opprette fleire barnehusavdelingar kan betre situasjonen noko. Derfor håpar eg regjeringa innser at avstanden mellom barnehuset i Ålesund og barnehuset i Trondheim gjer det nødvendig å opprette ei avdeling mellom desse to byane. Kristiansund er ein god stad å opprette ei slik barnehusavdeling, og det bør skje raskt av omsyn til dei ungane det gjeld.

Av Jenny Klinge, justispolitisk talskvinne, Senterpartiet.

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

@Terje SundsbøDu får ikkje meir konkret svar enn dette. Uansett kor mykje du higer etter det for å underbygge tankerekke kring ...
@Geir Ole SætremyrDu svarer ikke på spørsmålet om hva ditt synspunkt er. Hva du tror vil bli resultatet er ikke det jeg ...
@Terje SundsbøEg har svart at veiprising vil der bli i form av enten bompengar no som vil finansiere kollektivtilbud, eller ny ...
@Geir Ole SætremyrDu farer bevisst med løgn. Jeg har ikke sagt at du står i ledtog med Frank Sve (Frp). Jeg skrev: ...
@Terje SundsbøDu insinuerer at eg, busett i Ålesund,  står i ledtog med Frank Sve. Forøvrig, eg sa eg var i møte på ...
@Geir Ole SætremyrDet jo du som beskylder meg for meninger jeg ikke har. Jeg sier ikke at folk ikke bryr seg om ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse