Annonse
KSU – Vipps – desktop
Bernt Bøe
Artikkel
Bernt Bøe
28 juli 2024 20:33
Del på Facebook
Feiande flott finale med Bruremarsj av Jan Magne Førde – som vi ser med trompeten.
Feiande flott finale med Bruremarsj av Jan Magne Førde – som vi ser med trompeten.

Årets Stangvikfestival let oss fråtse i kulturopplevingar. Laurdagens kyrkjekonsert låg på øvste hylle.

Festivalens utøvarar er kvar for seg på landslagsnivå. Når dusinet av dei samlast og formidlar musikk i verdensklasse, er det ei stor gåve å vera mottakar. Mange nytta sjansen i Stangvik-kyrkja.

Annonse
Annonse

Lekre finske sommarfuglar

Vel kravde programmet opne sinn. Det var utan «svisker». Dess sterkare inntrykk sit att.

Cellist Live Sunniva Smidt opna med fire «Papillons» (Sommarfuglar) av finske Kaija Saariaho (1952–2023). Solisten leika fram klangbilete i alle sommarfuglens fargar med brilliant celloteknikk – strøk, pizzicato, glissandi og luftig, fløytande flageolettar.

Mellom originalsatsane (verket er for cello solo) improviserte perkusjonistane Jo Inge Nes og Jarle Vespestad saman med solisten. Fascinerande effekter, smakfullt utført – men litt utafor Saariahos tonemåleri av sommarfuglane.

Accordeon – utan grenser

Accordeon – trekkspel med melodibass – er uttrykksfullt, særleg i hendene på ein utøvar og komponist som Jovan Pavlovic. Hans to stykke gjengav personlege opplevingar av svært ulikt slag. Både takt- og toneartar særprega «Limping Butterfly» (Haltande sommarfugl) og «Boundless» (Utan grenser). Hans kommentar til den siste, etter eige opphald i Palestina, gav musikken ein ekstra dimensjon.

Rap og trompetblues

«Fremmed fugl» (frå boka om, og songen av, Åge Aleksandersen) bestod i rap-prega deklamasjon av Trond Wiger med tonekulisser på bass (Erlend Smalås) og cello (Live Smidt). Tekstens sterke opprør mot diskriminering ville med bruk av mikrofon kanskje nådd betre ut til alle?

Trompetisten Jan Magne Førde (Brazz-bror, du veit) laga ei flott stund med «Maraba Blues» av Abdullah Ibrahim, godt støtta på perkusjon av Jarle og Jo Inge.

Pärt – moderne og vakkert!

Sa nokon at moderne «klassisk» musikk er stygg og ubegripeleg? Da anbefaler eg Arvo Pärt! Den no 88-årige estiske meisteren «talar» med ein stemme du straks låner øre til.

Annonse
Annonse

Fiolinisten Signe Weider Skjesol (med ein påpasseleg Trygve Brøske ved flygelet) delte hans «Fratres» (Brør) med oss. Med heile fiolinens klangregister mot smakfulle klaverfargar i bakgrunnen vart stykket eit av konsertens høgdepunkt. Dei to musikarane gjorde stor ære på både sine instrument, komponisten – og oss i benkane. Korleis skal ein for eksempel verdsette slike flageolettar – himmelklang skapt av buestrøk over ein felestreng?

Verdi gav frysningar

Høgdepunkta avløyste kvarandre. Den som venta genuint sakral-uttrykk i ein kyrkjekonsert, fekk det i fullt mon med «Quid sum miser» (Kva skal miserable eg seie?) og «Salva me» (Gje meg frelse) frå Requiem av Guiseppe Verdi.

På meisterleg vis hadde Trygve Brøske lagt originalsatsen (soli, kor og symfoniorkester) til rette for kveldens ensemble. Solistane Sigrid Bøe, Susanna Sundberg, Tobias Westman og Erik Rosenius tolka sine parti med gripande innleving og stor vokalklang. Støtta av dei åtte instrumenta gjenskapte dei musikken på ein måte som Verdi ville ha fryda seg over. Eller som ein tilhørar frå Todalen sa det: – Frysningane rann nedover ryggen på meg!

Genialt var det så at «Salve me» utan opphald gjekk rett over i finalen – «Bruremarsj» av kveldens trompetist Jan Magne Førde – med alle aktørane i storform.

Betre kunne ein ikkje avslutte ein konsert som vil glitre i glas og ramme i lang tid framover!

listane i utdraget frå Verdis Reqiuem: Frå venstre Erik Rosenius – bass, Susanna Sundberg – alt, Tobias Westman – tenor og Sigrid Vetleseter Bøe – sopran. Klaver Trygve Brøske, fiolin Signe Skjesol og kontrabass Erlend Smalås.listane i utdraget frå Verdis Reqiuem: Frå venstre Erik Rosenius – bass, Susanna Sundberg – alt, Tobias Westman – tenor og Sigrid Vetleseter Bøe – sopran. Klaver Trygve Brøske, fiolin Signe Skjesol og kontrabass Erlend Smalås.

Improvisasjon mellom satsane i Saariahos «Papillons»: Jarle Vespestad, Live Smidt og Jo Inge Nes.Improvisasjon mellom satsane i Saariahos «Papillons»: Jarle Vespestad, Live Smidt og Jo Inge Nes.

an Pavlovic spela to eigne verk på accordion.an Pavlovic spela to eigne verk på accordion.

Annonse
Annonse
Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse

Innlogging

Siste kommentarer

Terje Sundsbø 1 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
Hvor lenge kan motstanderne av Møreaksen skjule kostnadene med fortsatt ferge? "Når fergene avløses av Møreaksen frigis enorme mengder strøm, ...
Terje Sundsbø 1 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
@Arne AlmaasFakta er bedre enn fabler, spesielt i diskusjoner om samferdsel. Dine metaforer om elefanter kommer vi ingen vei med. Spesielt ...
Arne Almaas 1 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
@Terje SundsbøDet eneste jeg ønsker å kommentere er at det ikke er vits i å kommentere dialogene du og RR har ...
Terje Sundsbø 1 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
@Arne AlmaasKommentarfeltet benyttes til å diskutere momenter til artikkelen, ikke til å presentere nyheter. Hva er det i artikkelen du ønsker å ...
Terje Sundsbø 1 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
Høyre prioriterer Fergefri E39 Møreaksen: https://www.smp.no/meninger/leserinnlegg/i/8qxqed/hoeyres-prioriteringer-i-nasjonal-transportplanEr det noen privatpraktiserende fogderipolitikere i Høyre Møre og Romsdal som våger å tale Erna ...
Arne Almaas 1 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
Monologer er vel ikke nyheter TS ? Da kan du vel heller skrive dagbok for deg selv. 
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse