Ope brev til media her i fylket.
Søndag 14/6 sendte Romsdalsaksen AS, ein svært viktig og oppsiktsvekkjande rapport ang. Møreaksen kontra Romsdalsaksen, og media her i fylket har neglisjert totalt å leggje dette ut på nettet, eller omtale rapporten.
Rapporten er gjennomført av tungt kompetente fagmiljø, med lang erfaring for KS 2 behandlingar av store vegprosjekt her i landet.
Hovedkonklusjonen i rapporten tyder på det mange har hevda, at kostnadsanslagene for Møreaksen er fullstendig urealistiske og dette er dokumentert med faktainformasjon med bakgrunn i andre samanliknande prosjekt her i landet.
Kvifor har Statens vegvesen underestimert kostnadane for Møreaksen så til dei grader, er dette for å villede statlige myndigheiter?
Kvifor har Statens vegvesen overestimert og problematisert så til dei grader kostnadane for Romsdalsaksen, er dette for å motarbeide dette prosjektet mest mulig?
Eg forventar at media her i fylket leggjer fram for innbyggjarane omtalte rapport frå Romsdalsaksen AS, og sluttar med denne «sensuren» til fordel for Møreaksen miljøet.
Kvifor vart dette ikkje lagt ut av media, samme dagen som fylkestinget skulle behandle NTP høyringane? Er media her i fylket berre eit «mikrofonstativ» for «Møreaksenpartia» Ap, Sp og Høgre?
La meg til slutt seie dette, få saker har engasjert befolkninga her i fylket meir enn Romsdalsaksen prosjektet og saka ang kryssing av Romsdalsfjorden, derfor bør alle medier her i fylket faktisk bry seg om kva som skjer i denne saka, også då faktisk det prosjektet som verkeleg har støtte i befolkninga, nemleg Romsdalsaksen.