Svar til Harald Espeland sitt lesarinnlegg «Stø kurs for Nye Veier AS» i RBnett publisert 17. juni 2020.
Stø kurs for Nye Veier AS! – og aldri har det vore meir usikkert for Møreaksen, eller større motstand mot prosjektet i befolkninga og i fylkestinget.
Harald Espeland i Møreaksen AS er fortsatt like virkeligheitsfjern i saka ang. kryssing av Romsdalsfjorden.
I fylkestinget denne veka vart det eit splitta fylkesting omlag på midten, ang. om Møreaksen skulle nevnast i det heile, og i høyringssvaret frå fylket ang. ny Nasjonal transportplan som alt er sendt inn til departementet, er ikkje Møreaksen nevnt med eit einaste ord.
Derimot er det stor semje om at Nye Veier AS skal få strekninga Ålesund–Molde inn i sin portefølje, noko vi er 99 % sikker på kjem til å skje.
Dei har klart slått fast at vegen mellom Ålesund og Vestnes skal byggjast fyrst, og at all tilgjengeleg ny teknologi skal vurderast på nytt ang. kryssing av Romsdalsfjorden, også trasévalga, dette betyr egentlig, «STØ KURS FOR ROMSDALSAKSEN».
Så er det slik at både Midsund og Aukra trenger fastlandsamband, men dette kan gjennomførast både hinsides billigare og vesentlig betre utan Møreaksen, dette må prioriterast gjennomført straks når Romsdalsaksen vert bygd, eller dersom fortsatt ferjer over Romsdalsfjorden vert valgt.
Både Midsund og Aukra har gått seg fast i eit «blindspor» ang. ein svindyr og nærmast totalt urealistisk Møreakse.
I tilsvarande prosjekt som kan samanliknast med Møreaksen som no vert bygd på Rogfast, sprekk prosjektet med 8 milliard kr og heile prosjektet skal tilbake til Stortinget.
Alle som held på med samferdsel, veit at STVV sine kostnadsanslag for Møreaksen er ein stor gedigen bløff, dette trur dei ikkje på sjølv eingong.
Når dei legg til grunn eit prisnivå for gamle T 8,5 tunellar og ein meterpris for bygging av både tuneller og bruer som var gjengs for 10-15 år sidan, vert det rett og slett fantastisk bra at seriøse og faktabaserte selskap slik som Nye Veier AS, tek over prosjektet for Ålesund–Molde raskast råd.
Statens Vegvesen har vist seg bort imot udugelige til dette arbeidet, dei har verken lytta til befolkninga eller brukt seriøse vurderingar som nokon som helst kan ha tillit til.
Stø kurs for Nye Veier AS er flott for prosjektet Ålesund–Molde, og STVV bør leggjast ned i sin form i framtida, då dei er direkte utgått på dato.