Annonse
Vanlege folk på Haramsøya
Ytring
Vanlege folk på Haramsøya
04 september 2020 14:23
Del på Facebook
Tidligere protestmarkering ved Haramsøy skole mot det planlagte vindkraftverket på Haramsøy. Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix
Tidligere protestmarkering ved Haramsøy skole mot det planlagte vindkraftverket på Haramsøy. Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Det er trist lesing i Sunnmørsposten 1.september når direktøren i Zephyr, Olav Rommetveit, går ut og skuldar vanlege folk for ein oppførsel ingen kjenner seg igjen i.

Det er positivt at han viser evne til empati , men den er selektiv. Så for å jamne det ut kan han gjerne bli meir kjent med oss som er motstandarar av vindkraftverket på Haramsøya, og som han lettvint skuldar for trakassering og hetsing. Vi som i motsetnad til arbeidarane ikkje kan pakke saman og reise frå dette.

Sjå føre deg at du og din familie vaknar kvar dag med vissheita om at heimstaden din er i ferd med å bli øydelagt. Og dette av sterke krefter utanfrå som gjer det kun for økonomisk vinning. Tenk deg at det fjellet du går til for å få brukt kroppen, få fred i sjela eller sjå storheita i naturen, er trua. Tenk å måtte sjå at midt blant særskilte fuglefredingsområde og naturvernområde skal det byggast industri. Tenk deg dei unge familiane som har valt å flytte til denne vakre utkanten og investere i ei framtid her. Dei som vil la borna vekse opp og få glede av naturen og eit fritt liv. Tenk deg dei som ikkje har helse til å gå i fjellet men som ser utover seg sjølv. Som ser verdien av dette for andre og kjempar det dei maktar. Tenk deg alle besteforeldre som ønsker å gi vidare noko som vi har på lån, og som er ein del av oss og vår identitet.

Når du går ut tidleg om morgonen, er det med høg puls og ubehag fordi du må gå inn i ein situasjon du aldri har bedt om eller ønska. Når du venter på naboen, kollegaen, pensjonisten, studenten som vil møte deg fordi du ikkje kan stå i dette åleine. Når du kl 05.30 om morgonen ser rekkja av bilar som skal opp og starte maskinene som raskt et seg gjennom myr og sprenger berg. Når du går til fots ilag med venner, og forsiktig nærmar deg store maskiner for å forsinke dei. Då veit du at dette er den muligheita du har for å vise at dette kan du ikkje godta. Ikkje for deg sjølv, og ikkje for dei som skal bu her etter deg.

Er Norge tent med at storsamfunnet og firma med stor makt får gå så hensynslaust fram mot små utkantar? Er det greit at arbeidet får halde fram trass i at akkurat Haram Kraft sin konsesjon vart særskilt nemnt 19. juni når Stortinget vedtok ein gjennomgang av gitte konsesjonar? Har ikkje eit firma som Zephyr også eit etisk og moralsk ansvar? Hadde Zephyr tatt dette ansvaret, så hadde ikkje belastninga blitt trædd nedover vanlege folk.

Arbeidarane har aldri vore våre motstandarar. Mange har slått av ein prat og delt kaffe og twist. Enkelte taklar situasjonen dårlegare og burde sleppe å ha denne jobben. Ein frå Stangeland gjekk til fysisk angrep på ein demonstrant under ein fredeleg gå sakte-aksjon. Dette vart brukt som grunn til å stenge oss som bur her ute frå fjellet. Det er vanskeleg å sjå noko rettferd i dette. Men vi gjer som vi har gjort heile tida: Rettar oss etter det politiet gir beskjed om.

Når det gjeld «å løpe fram»: Haramsfjellet er eit ope landskap og det er ikkje mogleg å brått hoppe fram frå tuer og gøymeplassar som ikkje finst. Men etter å ha fått augekontakt med maskinførarane kunne vi stå framfor og stoppe maskiner – før det vart forbudt for oss å vere der.

Då NRK var har ute og hadde opptak og intervju med leiar i Nei til vindkraftverk på Haramsøya, skjedde dette tilfeldigvis når arbeidsdagen på fjellet var slutt. Då var det samla om lag 100 støttespelarar. Kvifor arbeidarane frå Stangeland valgte å parkere bilane og gå gjennom folkemengda veit vi ikkje. Men det var ingen som hindra eller plaga dei. Det har som nemnt aldri vore vårt mål å ramme dei. Sjølv om vi får tilslengt vår dose av skjellsord.

Medan vi forsvarer oss som best vi kan, jobbar politikken og retten sakte for vår sak. NVE og OED har fått tilsendt eit brev som dokumenterer grundig heile 15 alvorlege feil og manglar ved konsesjonen og forarbeidet til den. Vi trur også at myndigheitene ser det urimelege i at eit så stort og inngripande industriprosjekt skal plasserast på ei lita øy. For oss er ulempene skremmande mykje større enn fordelane.

Og du tar feil Olav, når du påstår at vi er farlege folk i eit ekkokammer. Vi er kun vanlege folk som vil leve våre vanlege liv i eit ekte demokrati.

Av: Anne Grete Johnsen, Hege Pia H. Sandbakk, Tone Siv H.Fjørtoft, Janne N.Hansen, Elisabeth D.Longva, Eli Standal, Vigdis Strandabø, Elin Longva, Bjørnar Otterlei, Janita Rogne, Lisbeth Austnes

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Geir Ole Sætremyr Nylig Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøFastsetting av bompengar, beløp som skal betalast har fleire element i seg.  Vurdering av dette ligg i oppdraget frå Finansdepartementet. 1. ...
Terje Sundsbø 1 timer siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrDu er så blendet av dine argumenter at du ikke innser din egen selvdyrking av agendaen din .Men forhåpentligvis får ...
Geir Ole Sætremyr 22 timer siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøEg har fått med meg alt, også at du konstruerer di eiga kuvøse for å dyrke agendaen din.Ja, eg har ...
Terje Sundsbø 23 timer siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrDu har ennå ikke fått med deg at jeg diskuterer KS2-rapporten, og utsagnene fra den? Referansegrunnlaget er like usikkert i KS2-rapporten ...
Geir Ole Sætremyr 1 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøDersom du har følgt med I timen har eg sitert frå dokumentet som SVV presenterte i oppstartsmøtet med skisse til ...
Terje Sundsbø 1 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrHvis det er svært få referanseprosjekt som kan verifisere kostnadskalkylene fra SVV, så gjelder jo det samme også for KS2-rapporten. ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse