Framlegget om Møreaksen i NTP frå Høgre og Helge Orten, er berre ein dårlig blåkopi av førige NTP, utan finansiering og realisme.
Når Møreaksen no igjen blir lansert inn i NTP utan å vere fullfinansiert og med fattige 2,5 milliard Kr av 25, viser dette at regjeringa sjølv heller ikkje trur på dette prosjektet.
Det er igjen heldigvis innbyggjarane som gjennom valget til hausten, avgjer om dette prosjektet eller Romsdalsaksen skal gjennomførast i praksis.
NTP er berre ein plan, og det er samansettinga i nytt Storting til hausten som legg grunnlaget for kva vegprosjekt som blir prioritert i framtida.
Eit stort fleirtal her i fylket ynskjer Romsdalsaksen eller fortsatt ferje, og det er ikkje verken Høgre, Sp eller Ap som skal bestemme dette.
At også Sp og Ap her i fylket går imot innbyggjarane bør dei fleste merke seg, og valget til hausten vil vise seg om Sp og Ap sin iver for Møreaksen vil løne seg for dei.
FrP krev Møreaksen ut av NTP og at Romsdalsaksen blir reelt vurdert og at Nye Veier as får muligheita til å vise at det går fint ann å bygge fjordkryssinga over Romsdalsfjorden, oppe på sjøen med flytebruer, og ikkje miljøfiendtlig og fortidas teknologi med risikofylte djupe undersjøiske tunellar.