Uansett kva lureri nokon prøver seg på, raskaste måten å realisere E136 er å skrote 25–35 milliard kr til Møreaksen.
Prosjekta på E136 er så langt ikkje blitt oppstarta på grunn av manglande løyvingar i statsbudsjettet.
Korleis henger det då på greip når Helge Orten og Møreaksen forkjemparane hevdar at ei løyving på 25-35 milliard kr til Møreaksen, ikkje skubber E136 ut i øydemarka?
Stortinget og regjeringar har altså ikkje makta å løyve 2–3 milliard kr for å setje igang bygginga av prosjekta på E136, men nokon «luringar» forsøker å forføre befolkninga og næringslivet til å tru at berre Møreaksen vert oppstarta til 25-35 milliard kr, ja, då drysser det vidare med milliardar av kr til vårt fylke!
Kven trur på dette?
Kven trur at det kjem ei kr til andre prosjekt her i fylket dersom Helge Orten og co reiser avgårde med 25-35 milliard kr til Møreaksen?
Vi i FrP veit at blir 25-35 milliard kr brukt på Møreaksen, kjem det ikkje ei kr til verken E136, eller andre prosjekt i resten av fylket i framtidige statsbudsjett.
FrP vil skrote Møreaksen, og heller prioritere utbygging av heile E136, og mange andre viktige vegprosjekt både på Nordmøre og på Sunnmøre.
Møreaksengjengen driver med landeveisrøveri, knabber pengar og prosjekteringsmidlar frå alle andre vegprosjekt i heile Møre og Romsdal fylket.
Det er DU som innbyggjar som bestemmer i valget i september. Ei stemme til Møreaksenpartia, Høgre, Sp og Ap, ER ei stemme til Møreaksen, verken meir eller mindre.
DU bestemmer!