Høgre er Høgre, kvinne som mann, og endrar ikkje det faktum at Høgre ikkje bryr seg om folket i heile fylket som slett ikkje ynskjer Møreaksen til 25–35 milliard kr.
Om kvinner frå Høgre er noko betre, en «gretne gamle gubbar» skal eg ikkje konkludere på jamf deira innlegg i RB.
Derimot er eg svært glad for at det ser ut til at kampen mot Møreaksen og kampen for sunn fornuft ser ut til å virke.
Kva Høgre kjem med i neste trekk er eg verkeleg spent på, har dei ikkje snart forstått at folket her i fylket er imot å bruke 25-35 milliard Kr på Møreaksen, ein gedigen omveg, ca. 400 m under fjorden og gjennom Molde by?
Både kvinner og menn i FrP ynskjer ein trygg, rask, miljøvennlig og billigare trasé over Romsdalsfjorden, anten gjennom Romsdalsaksen eller fortsatt ferjer.
Kvinner og menn frå heile fylket er med i kampen mot den gedigne undersjøiske tunellen, 6 mil med tunellar, aldeles unødvendig risiko når vegen kan byggjast
OPPE på sjøen.
Innbyggjarane her i fylket kan klart og tydeleg seie kva dei meiner om Møreaksen i Stortingsvalget til hausten.
Då er ei stemme til Høgre, Sp og Ap ei stemme for å prioritere «lokalvegen»Møreaksen for 2300 bilar i døgnet over Romsdalsfjorden, og nedprioritering av alle andre vegprosjekt i heile fylket som ikkje kjem til å få ei krone og blir utsett pga Møreaksen i lang tid framover.
Det er ditt valg i stortingsvalget i september.