Vi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen. Besøk vår personvernside for mer detaljer.
Annonse
Nei til vindkraftverk på Haramsøya
Ytring
08 juni 2021 11:19
Del på Facebook
Arkivbilde av full anleggsvirksomhet på Haramsøya. Foto: Sissel Lorgen Giske
Arkivbilde av full anleggsvirksomhet på Haramsøya. Foto: Sissel Lorgen Giske
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Fredag 4. juni kom vedtak i klage på godkjent endra MTA plan frå Olje og Energidepartementet i sak om Haram Vindkraftverk. Medan klageprosessane har gått i OED har utbyggar snart ferdigstilt anlegget. Klageprosessen framstår dermed som ein skinnprosess utan verdi for det som faktisk skal skje i nærmiljøet til lokalbefolkninga. Vindkraftutbygginga  er det mest inngripande prosjektet i LNF områder nokon gong på Haramsøya. Eit prosjekt med konsekvenser langt utanfor sjølve planområdet.

Tillet brudd på fuglefreding

OED opphevar NVE sitt vedtak, og gir Haram Kraft løyve til å bryte fuglefreding. Dersom arbeidet med den enorme krana og turbinen fører til at toppskarv og fuglar som er vàre for forstyrring i hekkesesongen forlet reira i naturreservatet, vil det utløyse ein dyretragedie. 

Haram Kraft gis anledning til forspenning av fjellankre på turbinpunkt 1 fra 7. juni og montasje herunder opp/nedmontering av kran, av turbin nr. 1 fra 14. juni.

Dei forsvarer vedtaket ved å vise til at «Departementet viser i den forbindelse til at ilandføring av utstyr med skip på Haramsøy har møtt betydelige hindringer i form av fysiske demonstrasjoner og har lagt beslag på vesentlige politiressurser for å kunne gjennomføres på en forsvarlig måte. Departementet legger til grunn at disse operasjonene har vært en belastning på lokale og sentrale myndigheter, befolkningen på Haramsøy, politiet og tiltakshaver, og mener det er i alles interesse at turbinmontasjen kan avsluttes uten behov for å måtte gjenopptas senere».

Det einaste «hinderet» for transporten av turbindelar var ein kortvarig demonstrasjon i regi av Miljøvernforbundet då den første båttransporten med turbinvingane kom til Haramsøya. Sanninga er at ingen har hindra turbintransportane utanom det. Skipet som hadde med krana vart hindra på grunn av problemer med vindforholda, ikkje på grunn av folk. Lokalt spør vi oss om politiet sin ressursbruk i 2021 har stått i forhold til dei faktiske realitetane på øya. Anlegget stod utan tilsyn heile juleferien og det var ikkje røyvd ei spade, sjølv om det var gjennomført politiske markeringar og fjellet vrimla av turgåarar heile jula i det kalde fine veret. Vi opplever at  det er utbyggar med sin retorikk i avisoppslaga som har skapt eit forvrengt bilete av situasjonen etter jul og også i fleire andre avisoppslag tidlegare.  Realitetane er at motstanden etter vedtaket i samband med statsbudsjettet i fjor haust, berre har blitt ytt gjennom klager og påpeikingar av feil og manglar i konsekvensutgreiingane, og gjennom ein rettsprosess som ikkje har hindra noko arbeid. Oppslag i avisa i januar om aksjonar meiner vi var oppkok på til dels gamal og uetterforska dokumentasjon frå utbyggar si side. Vi var svært tydelige på det overfor politiet, at her var noko som ikkje stemte med påstandar om aksjonar i januar. Dette ut frå vår kontakt med folk i bygda som har kome til oss og vore fortvila over at dei kjende seg mistenkeleggjort, og nærmast uthengt i  media for ting dei ikkje hadde gjort. Oppslag initiert av utbygger med retorikk først og fremst egna til å påføre skam og omdømmetap til folk som ikkje hadde sjanse til å reinvaske seg på måten det var framført på. Det var eit grovt overtramp og det vil ikkje undre oss om politiet etterforska saka at vi hadde ei ny “Berteussensak”. Motivet har Zephyr, med at det er svært store pengar i å gi motstanden eit stempel av å vere politisk ukorrekt i denne saka, som har vakt så stor medieinteresse. Djupast sett handlar det om kampen om areala på fleire stader enn Haramsøya. Med pantsettingsverdi av vindkraftverk landet over til milliarder av kroner er det store pengar det er snakk om. Ikkje på å selje straum, men på å sikre seg rettane og selje dei til høgstbydande. 

«Departementet skal imidlertid bemerke at Haram Kraft hadde små forutsetninger for å forutse de betydelige forsinkelsene som oppsto i kjølvannet av NVEs godkjenning av MTA og detaljplan i 2019.» 

Med tanke på at Zephyr har vore inne i konsesjonen sidan 2009, og ikkje tok investeringsbeslutning før i 2019, så meiner vi at Haram Kraft sjølv ber eit stort ansvar for det tidspress dei er i.  Zephyr er mellom dei med størst erfaring og burde både ha forventa klager og dertil klagebehandling. Vi veit dei var varsla om motstand mot prosjektet  med ein gong folk vart kjende med at det var ein MTA plan på gong. Medvirkning er ein grunnlovsfesta rett folk har som vert påført tap av nærlandskap, natur, livskvalitet og tap på verdi på eigedomar. Reaksjonar på at vedtak ikkje har vore varsla berørte parter er rasjonell og logisk. Forventningar om at kunnskap burde oppdaterast når den til dels er snart 20 år gamal, er  heilt i tråd med føringar for god forvaltningsskikk. Å tru at dette prosjektet ikkje skulle utløyse klager og klagehandsaming er ulogisk. Storleiken på konstruksjonane og plasseringa i eit viktig område for biologisk mangfald er svært problematisk same kor ein snur og vender på det. Det er ein stor urett.  

OED svarer ikkje ut kravet om heilheitleg helsekonsekvensutgreiing

Kommunen kravde at det skulle takast meir heilheitleg omsyn til folk i sin klage, og ettersende krav om at det burde lagast ei heilheitleg helsekonsekvensutgreiing for prosjektet i mars 2021. Ei slik utgreiing er svært viktig fordi den legg premisar for vidare oppfylgjing av anlegget, med mellom anna støymålinger.  Ei heilheitleg helsekonsekvensutgreiing skal gjerast etter gitte kriterier og av uhilda personar med relevant kompetanse. Den skal sjå på korleis summen av faktorar påverkar folk si helse i samband med ei stor utbygging. Det er summen av faktorar som får helsekonsekvensar, ikkje ein og ein liten detalj slik NVE legg opp til i sine vurderinger. Det er det svært alvorleg at NVE/OED nok ein gong ikkje nemner helsekonsekvensutgreiing i sitt vedtak. Det er nok ei overkøyring av lokaldemokratiet.

Vi vil også vise til Ålesund Kommunes omfattende og velbegrunna klage på MTA plan frå oktober 2020, som omhandlar både støy og stor usikkerheit i forhold til reell støybelastning, sumverknader av vedtaket inkludert skyggekast, iskast, risiko for drikkevannsforurensning, oppleving av forringa landskap, manglande medverknad i prosessen og kjensle av å bli overkjøyrd av sentrale myndigheiter. Det er urovekkande at OED ikkje tar dette på alvor. Det er også urovekkande at Ålesund kommune ikkje er på adresselista til OED som mottakar av brevet om godkjenning av revidert MTA plan. 

“God dag mann - økseskaft ”  

Vi og kommunen kravde ny støyrapport ut frå lokale forhold, fordi vi meiner støyrapporten som ligg føre har manglar når den ikkje gjer greie for usikkerheit i utrekningane. I støyveileder punkt 9.8.3.Støyutreding basert på lokale forhold står det at: “det anbefales å legge inn sikkerhetsmarginer også i denne typen beregninger (NORD 2000) spesielt for parametervalg som gir store utslag og ved støyberegning i komplekst terreng “

OED påstår at klagarane ikkje har kome med noko nytt. Det vi har gjort er å sende inn dokumentasjon på lokale forhold som vi meiner ikkje er godt nok teke inn i støyberekninga, og som ikkje er drøfta i tråd med kapittel 9.8.2. og 9.8.3. i gjeldande støyveileder. Vi har peika på  konkrete punkt som påverkar støy, og då burde det vere mogleg for NVE og OED å svare på dette med dokumentasjon. Støyrapporten  gir ikkje tal på kor stor usikkerheita er på grunn av stor høgdeforskjell og vindskygge, og den inneheld inga vurdering av korleis lufttrykk, temperatur og luftfuktigheit kan påverke resultat av utrekningane slik støyveilederen krev. Det kjem ikkje fram om det er lagt inn sikkerheitsmargin. Det viser igjen at det er avgjerande at alle variablar er kjente i støyrapporten og åpent tilgjengelig, og den praksis som utbygger og Norconsult slepp gjennom med er å la vere å ta med viktige detaljar. Det er derfor grunn til å tru at sikkerhetsmargin på 2-3 dBA ikkje er medrekna. Dermed er kunnskapsgrunnlaget ufullstendig, og verre å etterprøve i evt seinare støymålingar.  Det er i tillegg umogleg å skilje husa frå kvarandre i støykartet.  Slik  sakshandsaming  kan ikkje dei som skal leve med konsekvensane akseptere. I praksis synsest vi det ser ut som om staten abdiserer som forvaltningmyndigheit og gir ein part med store økonomiske interesser fullstendig makt over kunnskapsgrunnlaget. I svaret til OED  på godkjenning av revidert MTA plan ser vi fleire eksempel på korleis OED direkte henviser til utbyggar og utredningsselskap og ikkje gjer eigne grunngjevne vurderinger.   

Dette er svært alvorleg fordi terskelen for at forureiningsmyndigheitene (kommunen)  kan gripe inn ligg vesentleg høgare i ein opprydningssituasjon enn i planleggingsfasen. I planleggingsfasen er grenseverdien, Lden 45 dBA sett ved ei grense der 10% av normalbefolkninga vil vere sterkt plaga. Det er difor ekstremt viktig at støyrapportar som ligg til grunn for forvaltningsvedtaket er “worst case” og ikkje ein tilpassa versjon der utbygger slepp unna med teoretiske utrekningar som ikkje har rot i røynda. Det er vist til Haram Kraft har oppgitt korrigerte tal i klageoversendigna. “Worst case” er summen av desse, ikkje ein og ein faktor. Støyveileder er tydelig på at det er “worst case” som skal ligge til grunn for forvaltningsvedtak. Støyoptimalisert modus skal ikkje ligge til grunn i ei slik worst case analyse, bruken av dette bekreftar at vindkraftverket ligg for nær befolkning, avstander på Haramsøy er for korte. Veileder T-1442 frå Miljødirektoratet frå 2014 anbefaler avstander på 800-1000m, dette ville åleine utelukka utbygging. Det er provoserande at dette poenget ikkje vert svara ut i klagevedtaket til OED.

 0,4dBA (tillegg for lavare snittemperatur) + 0,7dBA (tillegg for anna valg av terrengfaktorar)  = 1,1 dBA, tyder på at mange hus med støyverdiar over 44 dBA etter worst case får støy over Lden 45 dBA, men dette poenget hoppar OED over. 

Den siste støyrapporten diskuterer ikkje usikkerheit, og dette er ein vesentleg mangel ved rapporten. Når store deler av strandflata er områder som etter veilederen burde vere definert som stille områder, er det grunn til å stille spørsmål ved realiteten i det NVE/OED påstår om at dei fylgjer veilederen i sine forvaltningsvedtak. Desse områda langs strandflatene burde derimot ha støygrense 40 dBA.  

“Forslagsstiller, det vil si den som fremmer forslag om en plan eller et tiltak, har ansvar for at opplysningene som gis til myndighetene er riktige og etterprøvbare. …...At opplysningene skal være riktige innebærer at de ikke skal inneholde feil, være tendensiøse, utelate viktige deler eller på annen måte gi et uriktig bilde av situasjonen, jf. også sanksjonsbestemmelsene i §§ 36 og 37”
Sitat:
Veileder KU forskrift. 

Støyavtalar i strid med KU forskrifta 

NVE og OED godtek støyavtaler  i MTA plan prosessen, som  “annet lagt til grunn “ i konsesjonsvilkår 18 om støy. Dette er i brot med tiltakshierarkiet i KU forskrifta der det er tydelig at økonomisk kompensasjon ikkje er godteke som kompenserande tiltak i planleggingsfasen.

Det er verdt å minne om at NVE/OED i si tid gav konsesjon til større turbiner enn som var utreda og fanst på konsesjonstidspunktet, til tross for at 33 hus kunne få støy over grenseverdiane. Det er  ei kjend sak at støyretningslinjene er ikkje oppdatert i tråd med så store turbiner som no vert bygd i norsk landskap. Det vi veit no er at utbyggar hadde vindanalyser allereie i 2005 og 2012 som sa at vindforholda var turbulente, og at dette mellom anna  kunne medføre støyproblem. Det er derfor uakseptabelt at OED lytter kun til utbygger og sett til side tidlegare undersøkingar frå utbyggar sjølv, og viktig lokalkunnskap om verforhold på Haramsøy som bekrefter stor fare for turbulens. Haram Kraft heldt tilbake informasjon i konsesjonsprosessen som gav både eit feil bilete av produksjonspotensialet og informasjon om vindressursen som advarte mot turbulens og støy på denne lokaliteten.  

Det verkar som om OED gjer vedtak basert på utgreiing frå utbyggar sine kjøpte rapportar, og ikkje uhilda dokumentasjon, eiga fagleg vurdering med grunngjeving. 

Dette vedtaket kan ikkje påklagast. Vi meiner like fullt det er nok eit kritikkverdig vedtak i denne saka. Her må det arbeidast politisk for å endre forvaltningspraksis for å ta vare på alminnelege folk sine interesser, for å unngå at folk sine lokalmiljø vert øydelagt. Politikarane må skjøne at denne forvaltningspraksisen tærer kraftig på tilliten til staten, og det kan gi grunnlag for politisk uro som ingen er tent med. 

Kommunen er HKU myndigheit etter folkehelselova. Ålesund kommune har bedt NVE /OED om å utarbeide ei HKU. Vi ser i OED sin godkjenning av revidert MTA plan at OED ikkje tar omsyn til Ålesund kommune sin klage blant anna vedrørande støy. Kva seier dette om forvaltninga? Kommunen kan med full rett kreve ei heilheitleg helsekonsekvensutgreiing og sende rekninga til utbygger.  Kommunen kan dessutan kreve utsleppsløyve for støy etter forskrift om miljøretta helsevern. Korleis skal dei vurdere klager om kunnskapsgrunnlaget allereie er feil? Det er kommunen som er helsemyndigheit og med dei klagene som er sendt i saka bør dette fylgjast opp. NVE kjem til å trekke seg fullstendig ut og ikkje bry seg meir. No er det opp til kommunen. På adresselista sist i brevet til OED er derimot Ålesund kommune utelatt, kva betyr dette ? At retten ikkje sette ned foten for fovaltningspraksisen, og godtek at ein kan utøve skjønn utan etterprøvbar dokumentasjon for vekting som gjer vedtak etterprøvbare, har ikkje legitimitet i folket. Difor vil det politiske arbeidet pågå med fornya styrke etter denne saka er avslutta.

Siste ord er ikkje sagt. 

Nei til vindkraftverk på Haramsøy, 08.juni 2021

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse

Innlogging

Siste kommentarer

Terje Sundsbø 3 dager siden Brobygging
Når fergeleiet flyttes ut fra sentrum av Molde, blir fortsatt ferge et enda dårligere alternativ. Hva sier folket på Vestnes ...
Geir Ole Sætremyr 3 dager siden Køkultur og samferdsel – Romsdal må våkne
@Terje SundsbøNo er "gjeldande " NTP i ferd med å gå ut på dato. Og, strekninga Ålesund til Molde er
@Geir Ole SætremyrMøreaksen er blant de høyest rangerte prosjektene basert på netto nytte pr. investert krone i gjeldende NTP. Få andre har ...
Geir Ole Sætremyr 4 dager siden Køkultur og samferdsel – Romsdal må våkne
@Terje SundsbøEg forstår at enkelte drøymer om å lese dette inn i dei signala som er gitt. Men, det er ikkje ...
@Geir Ole SætremyrSamferdselsministeren vil utrede om det kan bli en mindre økonomisk belastning om Møreaksen deles opp i flere trinn. Han ønsker ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse