Annonse
Opprop,se signaturliste nederst i artikkel
Ytring
Opprop,se signaturliste nederst i artikkel
08 september 2021 21:46
Del på Facebook
Illustrasjonsfoto av Hunderfossen vannkraftverk. Foto: Paul Kleiven / NTB
Illustrasjonsfoto av Hunderfossen vannkraftverk. Foto: Paul Kleiven / NTB
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Vannkraft blei i førre århundre sett på som viktig infrastruktur på same måte som vegar, jernbane, vann og avløp. Sjølv om utbygginga av vannkraft førte til store og dels konfliktfylte naturinngrep, så var ho heilt grunnleggande for utviklinga av Norge som eit avansert industriland. Dei mange levande industrisamfunna våre er i stor grad bygde på vannkrafta.

Ein god del av industribedriftane stod det utanlandsk kapital bak, og investeringane i Norge kom ikkje fordi vannkrafta var fornybar men fordi krafta var billig.

Sjølv om det er ein fordel at vannkrafta er fornybar, så er prisfordelen i ferd med å forvitre. Det skjer fordi kraftproduksjon i dag ikkje lenger blir sett på som viktig infrastruktur, men som ein vare som skal seljast til høgast mogleg pris! Kraftselskapa er blitt reine kommersielle selskap som pressar på for å få lagt stadig fleire utanlandskablar; kablar som fører til at me importerer det høgare prisnivået i resten av Europa.

Frå 2012 har hushaldningane i Norge betalt - og betaler - store midler over straumrekninga til «grøne sertifikat». Pengane har i stor grad gått til vindkraftutbygging med voldsom rasering av natur som resultat. Vindkraftselskapa får sågar størst støtte ved at dei er gitt bare 5 års avskrivingstid for anlegga, altså ein stor skattefordel.

Stadig større turbinar har òg gitt lågare produksjonskost for vindkraft og har forsterka utviklinga. Nye vindkraftverk må ikkje få legge beslag på meir av vår verdifulle natur.

Vannkrafta vår kan oppgraderast ein god del utan nye naturinngrep og utan at nye vassdrag blir bygd ut. Storstilt satsing på energieffektivisering og solkraft kan frigjere ennå større mengder energi til bruk for ny industri og næringsverksemd. Det nye Stortinget kan sikre dette med enkle grep.

På den nye nettstaden energi og natur  kan ein lese meir om dette. Det blir og viktig med politisk styring av kva me skal bruke krafta vår på. Krafta må gi varige og framtidsretta arbeidsplassar og ikkje brukast til produksjon av kryptovaluta eller til billig datalagringsplass for store utanlandske aktører. Datalagring er kraftkrevjande men er ikkje industri.

Nøkkelen til å bevare det konkurransefortrinnet som vannkrafta kan gi oss ligg i korleis me organiserer og administrerer energioverføringane til utlandet. Bruken av overføringskablane må styrast politisk og Statnett må bli pålagd å redusere eksportkapasiteten når prisen i EU ligg over marknadspris i Norge. Me håpar sterkt at det i nye Stortinget vil vere politisk vilje til å styre energipolitikken nasjonalt, uavhengig av EU sin energimarknad og deira mål om like energipriser i heile marknaden.

Innanlands kan me bruke avgiftssystema for å stimulere til nøktern bruk av energi, noko ein for så vidt òg gjer i dag til ein viss grad. Det er samla straumrekning (straum, nettleige og avgifter) som får forbrukarane til å bruke straum på ein rasjonell måte, ikkje straumprisen isolert. Straumprisen bør haldast låg av omsyn til konkurransekrafta i alt næringsliv. Høge straumpriser gir redusert lønsemd innan både offentleg og privat sektor.

Dei fleste er i dag opptekne av klimasaka, og ho er viktig! Men me løyser ikkje klimakrisa med ein energipolitikk som raserer naturen vår og som kan føre til utflagging av verdas reinaste prosessindustri. Flyttar ein til dømes aluminiumsproduksjonen vår til land som nyttar kolkraft, så vil CO2-utslippa bli 8-dobla.

Me kan ikkje lenger la kraftbransjen få gjennomslag for ein politikk som er skreddarsydd til sine eigne interesser i ly av høgst tvilsame klimaargument. Tida er inne for å ta politisk kontroll over krafta vår. Me som står bak dette opne brevet til partia representerer ein brei allianse av naturvernarar og fagorganiserte. Me ser på vannkrafta vår som vårt felles arvesølv. Den må disponerast til beste for samfunnet som heilheit, ikkje ut i frå kva som bare tener kraftbransjen. Me oppfordar alle industrivenner og naturvernarar til å spreie dette brevet til lokale, regionale og sentrale politikarar føre valet 13. september.

Signert av:

Motvind Sørvest
Leiar Marit Brevik

Naturvernforbundet Rogaland
Leiar Hallgeir Langeland

Industriaksjonen
Leiar Jan Haugen

LO i Stavanger og Omegn
Leiar Jo Jenseg 

Motvind Vestland
Leiar Trond Ågotnes

NJFF Rogaland
Leiar Terje Havsø

Vern Kverneland
Leiar Øystein Nereng

Bevar Hetlandsskogen
Ved Arne Løland

Motvind Tysvær
Leiar Hildegunn Flengstad

Nei til Vindkraft i Kvinnherad
Ved talskvinne Annemor Eikeland

 

 

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Terje Sundsbø 1 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrOgså kvalitetssikringen fra KS2 rapporten viser altså at transportgrunnlaget på Møreaksen, selv med høye bompriser, er større enn med ferge.Utslippene ...
Geir Ole Sætremyr 1 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøEg har bedt om innsyn i Effekt-rapporten som SVV sende til TØI som utfyllende utrekningar som TØI/Dovre skulke kvalitetssikre.Det som ...
Terje Sundsbø 1 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrKS2-analysen viser at transportgrunnlaget på Møreaksen, selv med høye bomsatser, er større enn med ferge. Jeg gjentar - dette er fra ...
Geir Ole Sætremyr 1 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøEr klar over at SVV brukar standard programvare for beregningene.  Men, blir det meir riktig?Der er vel ei smertegrense for ...
Terje Sundsbø 2 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrKS2-analysen viser at transportgrunnlaget på Møreaksen, selv med høye bomsatser, er større enn med ferge.
Geir Ole Sætremyr 2 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøDette er di tolking Fram til 2022 tall er bompengesatsane det samme som det svv har brukt I grunnlagsmaterialet.  Det kan ...
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse