Sp lova i valgkampen lavere bensin og dieselprisar, og Arnestad i Sp kunne ikkje sete i ei regjering som auka prisane. Når går Sp ut av regjeringa?
At Ap og Kjølmoen lova auka drivstoffprisar til «vanlige folk», har vi alle fått med oss.
Derimot må det vere direkte pinleg for Sp-leiar og finansminister Vedum, at drivstoffprisane no aukar etter framlegget til statsbudsjett frå Sp og Ap.
Men, å bryte valgløfte på valgløfte er vel enkelt for Vedum, dette som det meste anna blir berre forsøkt maskert med ein «greinalaus latter».
Spesielt Ap og Kjølmoen her i fylket har lova å satse på næringslivet sine rammevilkår, auka drivstoffprisar, auka CO2-avgift og over 6 milliard i auka skattar som rammar næringslivet vårt spesielt, bidreg ikkje akkurat til noko satsing på næringslivet !
Nei, både Sp og Ap treng å skaffe seg nye valgkamp t-skjorte:
Sp: Langt frå folket, dyrare drivstoff og avgifter.
Ap: Brutte ferjevalgløfter, og næringslivet skal ikkje satsast på.
Sp og Ap sin politikk for tida, er dårleg medisin for næringslivet og for folk flest i Møre og Romsdal.
Til Sp er det å seie, det er berre å kome til oss i FrP dersom dykk ynskjer lavere diesel og bensinprisar, lavare straumprisar, og ein forsvarleg rovdyrpolitikk, for å nevne noko.
FrP kjem til å stemme for det vi er for, og imot det vi er imot.