Kven i næringslivsfylket Møre og Romsdal kan finne på noko så inn i hampen greinalaust som å stemme Sp og såleis støtte Vedum sine skyhøge drivstoffprisar?
Aldri før har landet opplevd ei meir fullstendig handlingslamma regjering en det vi alle er vitner til no med Sp og Ap.
Distrikta blir knallhardt ramma av skyhøge drivstoffprisar og spesielt transport, bygg og anleggsbransjen sliter kraftig med bakgrunn i dette. Men også alt av næringsliv og folk flest blir ramma av dei vanvittige drivstoffprisane.
Svaret til finansminister Vedum som også er Sp-leiar er:
Køyr mindre bil!
Køyr mindre bil, er altså Vedum sin medisin.
Vedum håvar inn hundrevis av milliardar kroner til statskassa på grunn av skyhøge olje og gassprisar, og sender rekninga til det norske folket i form av skyhøge straum og drivstoffprisar.
Køyr mindre bil? Seriøst Trygve Slagsvold Vedum?
Skal transportnæringa, bygg og anleggsbransjen, alt av vårt næringsliv her i fylket som er totalt avhengig av å køyre bil for å kunne frakte varer inn og ut av fylket, køyre mindre?
Har det verkeleg rabla fullstendig for Senterpartiet sin leiar Vedum?
Skal vanlige folk som bur i distrikta slutte å køyre bil? Korleis kjem ein seg då på jobb, sender ungane i barnehagen, kjem seg til butikken osv. Her er ingen trikk, tog eller buss på kvart eit hushjørne, Trygve Slagsvold Vedum.
Det er rett og slett berre trist, trist å måtte sjå eit parti som Sp som tidligare har vore opptatt av distrikta er blitt forheksa i regjering og av finansdepartementet til å gløyme Norge nord for Sinsen.
Senterpartiet har ein partileiar Vedum som er landets finansminister, og som er totalt handlingslamma og kunne satt ned drivstoffavgiftene tvert utan konsekvens for norsk økonomi.
Einaste konsekvensen hadde vore mindre pengar i Vedum sin gedigne statspengebinge, og litt meir leveleg for bilistane, transport, bygg og anleggsbransjen i distrikts-Norge.
FrP har mange gongar i år fremma framlegg i Stortinget om å kutte heile drivstoffavgifta på 7 kroner for diesel og 8 kroner for bensin, men Sp, Ap og SV har stemt dette ned kvar gong.
– Kan ikkje kutte avgiftene, det er umulig med slik pengebruk og då får ein inflasjon og renteauke, seier Vedum.
Kva pengebruk ?
Kuttar ein avgifter brukar ein ikkje pengar, men kuttar litt av staten sine abnorme inntekter. Avgiftskutt er også inflasjonsdempande og vil verke positivt mot renteauke.
Lavare drivstoffprisar vil føre til at mengder av næringsliv ikkje behøver å auke prisane til sine kundar på grunn av skyhøge drivstoffkostnadar.
Men neida, Vedum set stille i Finansdepartementet og ser på at folk flest og næringslivet får drivstoffprisar på 27–28kr literen, og løfter ikkje ein finger.
Eg har spådd Sp under sperregrensa til ferien. Vedum og co er på svært god veg til dette.
Og, det er jaggu vel fortjent!