Ein må jaggu ha god fantasi for å hevde at Møreaksen er raskaste veg for ny E39 gjennom fylket.
Det er nok kun som ein lokalveg for øyane som Møreaksen er raskast, absolutt for alle andre ein gedigen «omveg» ut på øyane, og gjennom Molde.
Svindyrt skal det også bli, minst 500 kr tur-retur Ålesund og forbi Molde. Regjeringa har også varsla kraftig auke i bompengane, så dette blir nok i kjent Vedumstil – SVINDYRT for «vanlege folk».
Det eine øyeblikket er det bu og arbeidsmarknad, deretter påstått raskaste veg, for så å ende opp med at Møreaksen er ein lokalveg, er dei syltynne argumenta frå «Møreaksenklanen».
Snart på tide no å innsjå at Møreaksen aldri blir bygd og at nokon bør bruke energien sin på noko fornuftig. Ganske håplaust å kaste vekk tida si på eit så greinalaust hjelpeslaust vegprosjekt som Møreaksen.
Vi andre får arbeide for realisering av realistiske prosjekt slik som E136 Ålesund–Bjorli, ny E39 Blindheim- Breivika, rv. 70, rv. 15 Strynefjellet osv.
Lista er lang, og no når Møreaksen rimeleg sikkert vert skrota blir det rikeleg med pengar til mange viktige prosjekt i heile fylket.