Ni månadar etter Vedum og Støre tiltrådte, ser Støre-regjeringen ut som eit gedigent konkursbo. Regjeringa «for vanlige folk» har mislykka så totalt at den burde skiftast ut allereide no.
Begrepet «Sheriffen av Nottingham» har ikkje blitt mindre aktuelt for Støre og Vedum! – der Sp og Ap-regjeringa tar pengane frå det norske folk og næringslivet, og istaden fyller opp statskassa så pengebingen nesten revnar.
Ufattelig at det ikkje går ann å kutte drivstoffavgifta, Norge tar inn mange hundre milliard kr ekstra på grunn av skyhøge olje og gassprisar. Andre land kuttar drivstoffavgiftene men Vedum og Støre nektar!
Ufattelig at det ikkje går ann å innføre maxpris på strøm, staten håvar inn milliardar på milliardar og sender straumen ut av landet.
Vedum og Støre sender rekninga til vanlege folk og næringslivet!
Ufattelig at regjeringa ikkje kuttar matmomsen, matvareprisane går til himmels medan Vedum og Støre vasser i pengar etter ei overfylt statskasse.
Kva meiner du, burde det vore mulig å forlange nyvalg og kaste dagens regjering?
Eg meiner Norge trenger ei ny regjering, og det burde være mulig med nyvalg.
FrP har fremma framlegg på framlegg om å kutte avgifter.
Kutt av avgifter er inflasjonsdempande, og ville ført til lavare press på renta. Med lavare straum og drivstoffprisar ville ikkje næringslivet vore nødd til å auke prisane ut til kunden.
At matvareprisane også går til himmels, vitnar berre enda meir om ei regjering ute av kontroll.
Nei, Vedum og Støre må ut av regjeringskontora så raskt som råd, og DU som veljar kan hjelpe dei med dette i tida framover.