Ein stor og inkluderande frivillighet landet over, det er Noreg på sitt beste.
Tusenvis av unge og vaksne stiller opp. Og dei fortener all honnør, både når dei bidrar til å sikra ein meiningsfull kvardag, og når dei gir gode tilbod i ferietida.
No i haustferien ser vi mange døme på tilbod som Kristiansund med BUA og frivilligsentralen der dei held åpent heile ferien for barn over SFO-alder, gratis musikkverkstad i Fredrikstad, fotballskule i Stavanger, 60 gratis aktivitetar i Asker, gratis tilbod på bygdekino og Fjellhamar fotballklubb som gir kostnadsfritt tilbod med varm mat og frukt til 280 barn og unge.
Full momskompensasjon er viktig for å få meir igjen i klubbkassa og for å sikra aktivitet og tilbod rundt om i heile landa, og det har vore frivilligheten sitt viktigaste krav. Etter valet i fjor var noko av det første vi gjorde å innfri det. Og vi gjer det igjen i 2023.
Eg vil óg trekkje fram nokre av dei andre budsjettprioriteringane vi gjer for neste år i eit stramt budsjett:
* Aukar potten for inkludering av barn og unge med 96 millionar kroner. Her i blant pengar til meir gratis utlån av idretts- og friluftutstyr via BUA, slik at fleire barn får moglegheita til å delta i aktivitetar.
* Styrkar ein eigen aktivitetspott som skal gå til å dekka kontigent, og dermed inkludere barn og unge i familiar som slit ekstra økonomisk.
* Forsterka straum-støtteordninga for frivilligheten og idretten, som regjeringa vil vidareføra til juni 2023. Målet er å halde oppe aktivitet, trass i høge straumprisar.
Det er krevjande tider med krig i Europa, store miljøutfordringar og økonomisk uvisse. Det er bra at vi gjennom demokratiet vårt og felles velferdsstat kan velja å gi fleire barn og unge ein betre kvardag, og visa at vi set pris på frivilligheten.