No blir det vanlige folks tur til å ta rekninga som Vedum lova å ta, alle innbyggjarar i nye Ålesund kan såleis få kutt i velferd på grunn av bløffen frå Vedum. Dette er Sp i praksis igjen!
Denne gongen i Ålesund kommune der kostnadane ved å splitte kommunen vart lova høgt og tydeleg dekt inn 100% av Finansminister Vedum. Blir det slik?
Nei, langt ifra. 200 mill kr ligge inne i statsbudsjettet som skal dekke oppsplitting av fleire kommuner og fylkeskommuner, og er ikkje nok til kostnadane for Ålesund ein gong.
Er det noko i det heile Sp og Vedum ikkje har bløffa om, og er det ein lovnad SP i det heile tatt har halde? Men, gratulerer til dei som har stemt på «bløffepartiet» Senterpartiet.
No blir det innbyggjarane sin tur til å ta rekninga som Vedum lova å dekke.
Formannskapet i Ålesund truga med å stoppe oppsplittinga av kommunen der Haram igjen blir eiga kommune. Kostnadane til dette er beregna til over 230 mill kr, og dette er kostnadar kommunen overhodet ikkje har.
Dei to frå Sp stemte imot og støtta såleis Vedum. Får folket i Ålesund og Haram dette med seg? Vil folk finne på noko så greinalaust som å stemme Senterpartiet etter dette?
Ålesund er i ei alvorleg økonomisk knipe og ROBEK lyser mot kommunen. Dette vil altså kommunalminister Gjeldsvik og finansminister Vedum begge frå Sp, hjelpe godt til med.
Kommunalminister Gjeldsvik seier dei skal være med å dekke «nødvendige kostnadar» og med andre ord ikkje ALLE kostnadar i samband med delinga slik Vedum har lova.