Vi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen. Besøk vår personvernside for mer detaljer.
Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
Del på Facebook
Blixtunnelen på Follobanen. Foto: Terje Pedersen / NTB
Blixtunnelen på Follobanen. Foto: Terje Pedersen / NTB
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.

På Austlandet har dei no bygd ei jarnbane til 36,8 milliardar (!) kroner for å få dryge 10 minuttar kortare reisetid mellom Oslo og Ski. Samstundes vert distrikta strupa for samferdselskroner.

Til skilnad frå i Oslo, handlar ikkje samferdslekroner i distrikta om å få nokre minuttar kortare reisetid til jobb, men om å redde liv.

annonse

Kvifor prioriterer Frp og Høgre gigantprosjekt i Oslo-området framfor rassikring av vegar i distrikta?

Gjennom heile oppveksten min har eg fleire dagar kvart år måtte vere heime frå skulen grunna ras eller rasfare. No når eg køyrer den same vegen som vaksen passar eg alltid på å ha ein hammar i passasjersetet i tilfelle noko skulle skje. Ofte må ein køyre slalåm mellom steinar som ligg i vegen, og trykke inn gasspedalen medan ein kryssar fingrane for at det ikkje rasar ned fleire steinar når ein køyrer forbi.

For nokre år sidan omkom ei ung jente frå kommunen der eg vaks opp, etter at bilen vart treft av ein 1,5 tonn tung stein. Kva om min bil, eller bilen til nokon eg er glad i er den neste som blir knust?

annonse

Fersk forsking syner at det er over tre gonger så høg sjanse for å døy i ei trafikkulukke i distrikta samanlikna med Oslo. For ikkje berre har vi rasfarlege vegar, som i seg sjølv fører til ulukker og stengingar, men vegane våre er også direkte farlegare. Til det som må vere ei stor overrasking for Høgre og Frp, så har ikkje dei fleste vegar i distrikta gulstripe ein gong! Og ofte heller ikkje lys i tunnelane, lyktestolpar, gangveg og sykkelveg, eller anna «luksus» som ein har i meir sentrale strøk.

Det er heilt spinnvill prioritere 36,8 milliardar for 10 minuttar raskare veg til jobb, samstundes som ein veit korleis stoda er i distrikts-noreg når det kjem til vegar. Eg trur det er ganske fjernt for mange Oslo-folk å sitje med ein hamar i passasjersetet i tilfelle bilen skulle bli teke i eit ras.

«God infrastruktur er med på å styre næringslivet», smilte tidlegare samferdsleminister frå Frp, Ketil Solvik-Olsen, då han fekk ta Follobana for fyrste gong. Det var eit dyrt glis.

For å setje ting i perspektiv: 36,8 milliardar kroner er like mykje pengar som halve det norske forsvarsbudsjettet for 2023, 45 Normoria kulturhus i Kristiansund eller 175 nye Colorline Stadion. Det er med andre ord ein heilt utruleg sløsing med pengar til ei jarnbane som utelukkande er bygd for at folk skal få litt kortare reiseveg til arbeid.

Åtte år med null kontroll på samferdselskronene, der Frp og Høgre har ausa ut pengar til gigantprosjekt på Austlandet – og Follobana er ikkje det einaste i rekkja – har sett spor. No er det på tide å prioritere rassikring og betre vegar i distrikta!

annonse

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
Annonse

Innlogging

Tidligere meningsinnlegg

Siste kommentarer

Terje Sundsbø 12 timer siden Skandalene fra Frp omkring Møreaksen
Pressen fungerer som sandkassen til den privatpraktiserende stortingspolitikeren fra Frp, som kontinuerlig sprer om seg med «fake news» om Møreaksen, ...
Hva sier løgneren som bevisst, og mot bedre vitende, kontinuerlig forsøker å villede folket til å tro at Møreaksen er ...
Anne Mari Sandshamn 1 dager siden Svindyrt med Møreaksen!
@Terje G. FinnøySå enig med deg. Det finnes mange parti som ikke er så ivrig på dette "drømmeslottet". Jeg vet iaffal hva ...
Terje G. Finnøy 2 dager siden Svindyrt med Møreaksen!
Bom og litt til. På Åndalsnes ønskes/kreves det nå fartsdumper ifbm. E136I Steinkjer fikk man E6 rett gjennom byen. Nå ...
@Terje SundsbøTakk det samme til deg og  :)  Jeg ler og masse hver dag :) 
@Anne Mari SandshamnJeg ler masse – bare fortsett å skrive du….
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse

Våre utvalgte