Absolutt alle utanom Dordi og Sp sjølve forstår kvifor Sp no er under sperregrensa på målingane, ikkje skal det byggjast veg, rassikring vert kutta, skattar og avgifter går til himmels og folk fryser i verdas rikaste land etter skyhøge straumprisar pga. at Sp sender krafta ut til Europa.
Når har Dordi og resten av Sp tenkt å få «gluggane» opp og faktisk forstå at det er Sp, ja akkurat, Sp som er i regjering og med Vedum som finansminister?
Har du ikkje fått med deg dette Dordi?
Eg har vore eit år på Stortinget no, og vore vitner til at Sp og Ap i regjering slett ikkje ynskjer å byggje veg eller satse på samferdsel her i landet, heller ikkje i distrikta.
I Møre og Romsdal er pri 1 bygging av Romsdalen, dette har Sp galant stoppa ved betydelige budsjettkutt på ca. 1 milliard kr til Nye Veier AS.
«Gratulerer.»
I spørsmål om regjeringa vil vere med på rassikring av FV63 Trollstigen, som igjen vil kunne frigi midlar til andre viktige rassikringsonråder her i fylket, svarer Samferdselsministeren NEI, og viser til at dette er fylkets ansvar.
Eit fylke, som måtte kutte 280 mill kr pga skyhøge drivstoffkostnadar til ferje og buss osv, pga Sp og Vedum sin handlingslammelse i regjeringa.
Kraftige kutt i fylkesbudsjettet på både drift av fylkesvegar og investeringar og ikkje minst håplause kutt i ferjedrifta.
Er det dette du meiner med at Sp satsar i distrikta?
Som 1. nestleiar i Transport og kommunikasjonskomiteen på Stortinget, har eg rimeleg god oversikt over kva realitetane faktisk er ikring samferdsel i regjeringa.
Absolutt alke andre ansvarsområder har fått rammer som før i statsbudsjettet, medan samferdsel er den store taparen. Her har Sp og Ap i regjering tatt dei verkelege store kutta.
Ikkje vil regjeringa byggje store gryteklare prosjekt rundt omkring i landet, ei heller satse på ei auking av verken vedlikehold eller rassikring når prisstigninga også er svimlande pga skyhøge drivstofforisar blant anna.
Med bakgrunn i prisstigningene, er ikkje rammene for øvrige riksvegar i distrikta auka med dagens regjering, inkl vedlikehold og rassikring, men i realiteten kutta betydeleg.
Korleis Dordi Boksas Lerum i Sp i Møre og Romsdal kan forsøke seg med slike bløffar som at Sp ynskjer å bygge veg i distrikta, må anten være med bakgrunn i total kunnskapsløyse, eller full panikk med bakgrunn i at Sp sin politikk i praksis fører Sp godt under sperregrensa.
Uansett, FrP er ikkje lei seg for vår satsing på samferdsel når vi var i regjering, ei heller på jernbane.
Dordi burde ta seg ein tur til meir urbane strøk, så ville ho nå sikkert forstå at både buss, kollektiv og jernbane er svært viktig å kunne byggje ut i folkerike områder av landet.
Etter å ha vore mykje i Oslo området og i folkerike områder, så har til og med eg forstått at tiltak for gåande, syklende, bane, buss og jernbane er og bli viktig, der det er trafikkgrunnlag for dette.
Verre er det at Dordi sitt Sp ikkje ynskjer å bruke pengar på samferdsel , uansett kva dette måtte være og kuttar innan desse områda brutalt.
Så, kva nyttårsforsett Dordi Boksas Lerum og Sp i Møre og Romsdal måtte ha, så tipper eg på at dette er, at ikkje enda fleire får augene opp for Sp sin politikk i praksis, for då er ikkje berre sperregrensa eit problem på målingar men også natta for Sp her i fylket.
Les også
Vil ha samferdselskroner til distrikta framfor gigantprosjekt på Austlandet