Annonse
KSU – Vipps – desktop
Fremskrittspartiet, Geir Stenseth og Frank Sve
Ytring
Fremskrittspartiet, Geir Stenseth og Frank Sve
28 januar 2023 18:51
Del på Facebook
Foto: Terje Pedersen / NTB
Foto: Terje Pedersen / NTB
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Høgre ynskjer høgare drivstoffprisar enn regjeringa, og meiner dette er å legge til rette for forutsigbare og gode rammebetingelser for bedrifter og arbeidsplassar – har ein høyrt slikt ?

Er det verkeleg mulig å ha ei så vanvittig tilnærming til vårt næringsliv her i fylket ?

«For Høyre er det viktig å legge til rette for forutsigbare og gode rammebetingelser for bedrifter og arbeidsplasser.»

Dette er sitat frå svaret til Høgre ved Helge Orten og Anders Riise då dei vart utfordra med spørsmålet om Høgre var imot næringslivet.

Forutsigbare og gode rammebetingelser for næringslivet er etter Høgres begrep, at ein ynskjer høgare drivstoffprisar enn dagens nivå med Sp og Ap regjeringa.

Helge Orten og Andres Riise nevner ikkje med eit ord det vi utfordra Høgre på her i fylket ang skyhøge drivstoffprisar, som altså Høgre her i fylket vil ha enda høgare!

Næringslivet i Møre og Romsdal er i kneståande med bakgrunn i blant anna skyhøge straum, drivstoffprisar, skattar og avgifter.

Fiskerinæringa blir brutalt ramma, likeså transport, bygg og anleggsbransjen og resten av næringslivet.

Det er godt forståeleg at Helge Orten og Anders Riise i Høgre ikkje vil svare på kvifor dei ynskjer å radbrekker næringslivet her i fylket med enda høgare drivstoffprisar.

For dette er vanvittig næringspolitikk frå Høgre, der drivstoffprisane skal ytterlegare opp og arbeidsplassane her i fylket blir sett i fare.

Annonse
Annonse

Det er skremmande å være vitne til eit Høgre, som vil ha eit skattenivå her i landet på nivå med Rødt, og som snakkar på inn og utpust om elektrifisering av sokkelen og miljø og klimatiltak. Gratis ferjer er Høgre også imot, forstå det den som kan.

Enkelte gongar verkar det som om Høgre har ei eller anna konkurranse med MDG, og å være mest mulig klima og miljøfanatisk.

Uansett blir det viktigare enn nokon gong med eit sterkt FrP, som kan holde Høgre i sjakk ang skattar og avgifter, drivstoffprisar og ein realistisk miljø og klimapolitikk.

Eit sterkt FrP er næringslivet i Møre og Romsdal sin garantist for lavare skattar og avgifter, mindre byråkrati og fokus på rasjonalisering, effektivisering, og kutt i offentleg sektor.

Dagens regjering løfter ikkje ein finger for å rasjonalisere offentleg sektor, og her er mykje å ta fatt i.

Istaden ser det ut til at regjeringa har gått til frontalangrep på alt av privat næringsliv, Dette gjennom skyhøge straum, drivstoffprisar, vanvittige skattar og avgifter og grunnrenteskatt på oppdrett og havbruk som rammar vårt fylke brutalt.

Til hausten valg blir oppgåva vår rimeleg klar, få Sp og Ap samt SV ut av flest mulig styrande posisjonar i fylket og i kommunane, og med eit sterkt FrP holde Høgre mest mulig i sjakk.

Av:

Geir Stenseth, fylkesordførarkandidat for FrP

Frank Sve, fylkesleiar i Møre og Romsdal FrP

Annonse
Annonse
Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Geir Ole Sætremyr 8 timer siden Demokratiets veivalg
@Terje SundsbøHan nevner Tautratunellen og minner på at det kan ta tid. Derfor bør Reknes reserveres. Det ha Molde skusla bort. 
Terje Sundsbø 8 timer siden Demokratiets veivalg
Terje Sundsbø 8 timer siden Demokratiets veivalg
@Geir Ole SætremyrJeg leste oppslaget fra 2009, før Fergefri E39 ble lansert. Reknes er for lengst ute av bildet. Den som ikke ...
Geir Ole Sætremyr 9 timer siden Demokratiets veivalg
@Terje SundsbøFrå folk på utgåande kontrakt.Bru over Julsundet hastar ikkje, men veg mellom Julbøen og Fuglset hastar.  Kaffeslabberas i formannskapssalen.https://midsundingen.no/nyhende/vi-gir-oss-ikkje-for-moreaksen-er-bygd/?fbclid=IwZXh0bgNhZW0CMTEAAR05-c6vIQLvzJlQXnbLG648T_Ym15RpaisIh90MTlkunDSZBjsEXM3HTKY_aem_XCC4VdLAnflK00jIx7a3lg
Geir Ole Sætremyr 11 timer siden Demokratiets veivalg
@Terje SundsbøI oppslaget frå 2009 står det å lese:""Seksjonssjef for trafikksikkerhet og vegforvaltning i Statens vegvesen i Nordmøre og Romsdal, Kjetill ...
Geir Ole Sætremyr 12 timer siden Demokratiets veivalg
@Terje SundsbøJa, og SVV ville reservere Reknes til formålet.Leste du oppslaget i nrk?
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse