24 million kr i ferjekutt i Møre og Romsdal, er fasiten etter Ap og Sp i regjering, og verre handlingslamma regjering skal ein jammen leite lenge etter.
Næringslivet og vanlige folk slit no med kutt i ferjetilbudet, som i realiteten er å stenge vegane i delar av døgnet.
Absolutt ingen har nokon gong opplevd at fylkes eller riksvegar har blitt stengt i delar av døgnet pga budsjettkutt, men Sp og Ap «stenger» vegar i distrikta ved å kutte ferjetilbudet betydeleg,
I Møre og Romsdal blir ferjetilbudet kutta med 24 mill kr, som også medfører at ferjesamband som har blitt gratis, får kutta rutetilbodet.
Kutt i ferjetilbudet for gratisferjer må være toppen på lureri, kva skal folket eller næringslivet med gratis ferjer når ferja ikkje går.
Ferjepolitisk Wonderboy, Kjølmoen, som også er næringspolitisk talsmann i Ap, har brått forsvunne totalt. Absolutt ingen har sett han, og stille er det ikring ferjetilbudet her i fylket
Ikkje rart egentlig, for med den greinalause politikken som Vedum og Støre fører for tida i dette landet, så trur eg jammen at eg hadde gått og gløymt meg eg også.
Men, ferjekutt rammar spesielt næringslivet i heile fylket, også vanlige folk sjølvsagt.
Eg sender no spørsmål til Samferdselsministeren og lurer på kva han har tenkt å gjere for at ferjetilbudet ikkje blir kutta.
Spesielt vil eg utfordre ministeren på ferjestrekningar som har blitt gratis og fylka har fått kompensasjon for dette, som så kuttar i rutetilbodet.
Dette kan rett og slett ikkje være lov.
Uansett ser det ut til at Sp og Ap i praksis berre smerter meir og meir. Jobben vår er å skadebegrense mest mulig, ikkje lett når SV bidreg til det motsatte.
Vi teller ned dag for dag til kommune og fylkestingsvalget, eit sterkt FrP og eit skifte i kommunane og i fylkeskommunen må til fylket kan prioritere, men ikkje med Sp og Ap ved roret!
Les også
Fergefylket uten kaptein
Les også
Fergefloppen fra Ap og Sp
Les også
Kan bli omfattende kutt i fergetilbudet