Vi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen. Besøk vår personvernside for mer detaljer.
Annonse
Annonse
Frank Sve, stortingsrepresentant for FrP
Ytring
10 mars 2023 09:13
Del på Facebook
«Tustna» i sambandet Seivika–Tømmervåg. Foto: Kurt Helge Røsand / KSU.NO
«Tustna» i sambandet Seivika–Tømmervåg. Foto: Kurt Helge Røsand / KSU.NO
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.

Med FrP i regjering var ferjetilbodet utvida, ekstra ferjer og fleire avgangar og prisane gjekk reelt ned.

1. juli 2021 vart ferjeprisane satt ned 25 prosent, dette etter at både kommunane og fylka hadde i snart 8 år med borgarleg regjering fått rekordoverføringar.

annonse

Aldri har kommuneøkonomien vore betre, høge overføringar og omtrent null rente førte til svært gode tider for kommunar og fylka.

Alle huskar kampen om auka ferjetilbod her i fylket, etter at Ap, Sp og resten av fleirtalet innførte Autopass, og forsøkte å auke prisane med to takstsoner.

Også då var det krisemaksimering frå Sp og Sørheim godt hjelpa av Ap og fylkesordføreren.

Dei reiste til Oslo og Stortinget i høyring i kommunalkomiteen, og klaga si nød som no, for «sveltefora fylkeskommuner» som Sørheim uttalte dette.

Tidenes flaueste Møringar på tinget vart resultatet, når fylkesrådmannen samtidig la fram eit driftsresultat i fylket på 313,5 million kr i overskot.

Sveltefora fylkeskommune vart brått til ei smellfeit og overvektig fylkeskommune som levde økonomisk i «sus og i dus».

Kva er fakta i dag?

Fylkeskommunen har gått med 968,5 million kr i overskot dei fire siste åra, altså nesten 1 MILLIARD kr i overskot. Likevel er det krisemaksimering i fylkeskommunen der fylkeskommunedirektøren i vant stil teiknar eit vanvittig dystert bilde på veggen for framtida.

Same krisemaksimeringa som no i i år, som sist år og dei aller fleste åra av dei snart 20 åra eg har vore i fylkestinget.

Krise, krise, krise, og det må kuttast i ferjedrift og vidaregåande skular medan fylkesadministrasjonen esar ut som ein ballong.

Med 200 mill kr i overskot sist år, forklar kvifor det då MÅTTE kuttast ferjedrifta med 24 mill kr?

Forklar Ap og Sp dette?

annonse

Absolutt ingen forstår dette, samtidig som prosjekt etter prosjekt skal gjennomførast koste kva det koste vil, men ferjetilbodet og næringslivet får rekninga.

Med FrP til makta i fylkeskommune til hausten vil ferjetilbudet sjølvsagt ikkje bli kutta.

Kvifor skulle vi nå gjere dette, når fylket vasser i pengar?

Og, om Sp no endrar inntekts nøkkelen til fylka så er dette enda eit ledd i Sp og Vedum sin vanvittige distriktspolitikk.

Skjer dette får vi faktisk prioritere. Då er det mengder med oppgåver og unødvendig fylkeskommunalt byråkrati som kan kuttast og nedprioriterast før vidaregåande skular og ferjedrifta kan røyvast.

Dette er FrP si prioritering, ferjedrifta er vegnettet til folk flest og næringslivet her i fylket. Stoppar dette så har vi heller ikkje bruk for byråkratiet på fylkeskommunen.

Dette som vi no opplever med Sp og Ap her i fylket, er konsekvensen av deira eigen fullstendig feilslåtte politikk.

Det er dokka valg.

FrP prioriterar og sikrar ferjedrifta samt vidaregåande skular i fylket, og vi vil prioritere dette framfor unødvendig, kostbart fylkeskommunale prosjekt og byråkrati!

Stem FrP!

annonse

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
Annonse

Innlogging

Tidligere meningsinnlegg

Siste kommentarer

Terje Sundsbø 12 timer siden Skandalene fra Frp omkring Møreaksen
Pressen fungerer som sandkassen til den privatpraktiserende stortingspolitikeren fra Frp, som kontinuerlig sprer om seg med «fake news» om Møreaksen, ...
Hva sier løgneren som bevisst, og mot bedre vitende, kontinuerlig forsøker å villede folket til å tro at Møreaksen er ...
Anne Mari Sandshamn 1 dager siden Svindyrt med Møreaksen!
@Terje G. FinnøySå enig med deg. Det finnes mange parti som ikke er så ivrig på dette "drømmeslottet". Jeg vet iaffal hva ...
Terje G. Finnøy 2 dager siden Svindyrt med Møreaksen!
Bom og litt til. På Åndalsnes ønskes/kreves det nå fartsdumper ifbm. E136I Steinkjer fikk man E6 rett gjennom byen. Nå ...
@Terje SundsbøTakk det samme til deg og  :)  Jeg ler og masse hver dag :) 
@Anne Mari SandshamnJeg ler masse – bare fortsett å skrive du….
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse

Våre utvalgte