Fylkeskommunedirektøren foreslår massive kutt i ferjetilbodet i heile fylket frå neste år, samtidig lever fylkesadministrasjonen i sus og i dus og vassar i både pengar og unødvendige prosjekt.
Like sikkert som andre vårteikn, er framlegg frå Fylkeskommunedirektøren om betydelig rasering av viktige tjenestilbud for vanlige folk og næringslivet, når saka om strategi og rammer blir presentert for fylkestinget i juni mnd.
Fylkeskommunen skal ifølge forslaget gå med overskot både i 2024 og framover, likevel ynskjer ein å kutte 70 million kr innan ferjedrifta og rasering av samferdsel.
Denne gongen er forslaget å auke ferjetakstane på alle ferjesamband med ei takstsone samt brutale kutt i rutetilbodet. Fylkesvegane skal også kuttast brutalt, med dertil mindre vedlikehold.
Så langt dei siste fire åra har fylkeskommunen gått med over 900 mill kr i overskot, men det er tydeligvis ikkje nok, innbyggjarane og næringslivet skal flåast økonomisk av den Sp- og Ap-styrte fylkeskommunen.
Om denne gjengen på fylkeshuset har vore på kurs med Vedum og Støre veit ikkje eg, men dette er då blåkopi av regjeringa sin raseringspolitikk overfor vanlige folk og næringslivet sin økonomi.
FrP ligg ann til å kunne bli fylkets største parti også etter haustens valg.
FrP lover at ferjedrifta skal bestå utan kutt, og her er nok av områder som både bør og skal rasjonaliserast kraftig i fylkeskommunen.
Fylkeskommunen er til for å levere tjenester til folket og næringslivet, såleis må ein stille strenge krav til pengebruken i administrasjonen.
Det er på høg tid at det blir eit politisk skifte i fylkestinget, der eit sterkt FrP ilag med andre borgarlege parti kan setje fokus på å vidareutvikle viktige tjenester innan vidaregåande skule, samferdsel og for næringslivet.
Men, då må fylkesadministrasjonen slankest kraftig, effektiviserast og pengane nyttast til fornuftige primæroppgaver.
Kutt i ferjedrifta og auka ferjetakstar kan fylkeskommunedirektøren berre gløyme.
Dersom fylkeskommunedirektøren er så gira på å kutte, så kan ein starte med dette på fylkeshuset !