Vi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen. Besøk vår personvernside for mer detaljer.
Annonse
Annonse
Del på Facebook
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.

Fleire hundre arbeidsplassar har gått over ende i Møre og Romsdal på kort tid, næringspolitikken til Sp og Ap er totalt feil medisin.

Det er lenge sidan næringslivet har blitt sett under sterkare utfordringar enn med Sp og Ap i regjering.

Annonse
Annonse

Skyhøge skattar og avgifter, straum og drivstoffprisane til himmels, og formuesskatt og grunnrenteskatt som rammar bedriftene brutalt.

Fleire store bedrifter innan utstyrsleverandører for oppdrett har sagt opp og permittert mange. Sist gjekk eit større selskap i Ørsta konkurs, og det meldast frå til dømes store transportbedrifter at overskota omtrent er vekk.

Dagens regjering bygg ikkje veg, og ikkje eit einaste nytt stort samferdselsprosjekt er sett igang med Sp og Ap ved rattet. Prisstigning på mellom 20–30 prosent i bransjen fører til at det omtrent er på stedet hvil med vegvedlikehold, og i 2022 må ein 10 år attende for mindre asfalt.

Innan bygg og anleggsbransjen er stoda lik, og utsiktene svært alvorlige framover.

Desse tabellane viser kva eg snakka om, og dette vil kunne føre til betydeleg tap av arbeidsplassar i eit næringsfylke som Møre og Romsdal.

Alle bransjar blir brutalt ramma av skyhøge drivstoffprisar, som fører til betydeleg prisstigning på alt av varer og tjenester i heile landet.

FrP har fremma svært mange forslag i Stortinget om kutt i drivstoffavgiftene, som hadde fått umiddelbart positiv verknad, men Sp og Ap nektar. Dei forstår ikkje at skyhøg auke av skattar og avgifter, eit større offentlig forbruk, samtidig som næringslivet sliter og blir angrepet med nye skattar, fører til inflasjon, og at renta stiger.

Annonse
Annonse

Ap og Sp har styrt før, og det samme har skjedd kvar gong desse raud/grøne partia gjennomfører sin politikk, skyhøg inflasjon, skyhøg rente, auka fokus på offentlig forbruk, og angrep på privat næringsliv.

Kjent medisin frå Sp og Ap, men ein medisin og politikk som er svært så giftig for næringslivet.

Berre grunnrenteskatten den såkalla «lakseskatten» er totalt misforstått av mange raud/grøne politikar. Det blir framlagt som om den nye skatten på 25 prosent omtrent er den skatten denne næringa får i framtid.

Realiteten er noko heilt anna, denne skatten kjem på toppen av alle andre skattar og avgifter til denne næringa. Denne næringa betalar i dag meir enn nok av alle dei normale skattane og avgiftene som næringslivet har, i tillegg til svindyre konsesjonar.

Denne grunnrenteskatten rammar brutalt heile Møre og Romsdal med tusenvis av arbeidsplassar innan utstyrsleverandørane for oppdrettsnæringa.

Det meste av nye større prosjekt er satt på vent eller utsatt, dette rammar direkte utstyrsleverandørane, men også mengder med andre bedrifter lokalt. Slik som transport, verft, elektriker firma, rørleggere, håndtverkarar osv.

Det er vanlige folks bedrifter som blir råka, ikkje rikingane.

Det bør vere svært så opplagt for alle i Møre og Romsdal at det hastar med å få FrP og Høgre bak rattet igjen i dei politiske styresett. Dette gjelder no til hausten kommune og fylkestingsvalget og om to år nytt Stortingsvalg.

Det var «vanlige folks tur» til å oppleve Sp og Ap i praksis, ein svært dyr og alvorleg lærdom som verken landet eller Møre og Romsdal har råda til.

Annonse
Annonse
Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse

Innlogging

Siste kommentarer

Geir Ole Sætremyr 4 dager siden Møreaksen er det eneste alternativet
@Terje SundsbøDu marmar på med ditt og spissformuleringar.
Terje Sundsbø 4 dager siden Møreaksen er det eneste alternativet
@Geir Ole SætremyrDu har rett i at realisme er en dyd – gratis ferge koster staten dyrt. Fergeavløsningsprosjekter blir derfor mer lønnsomme ...
Geir Ole Sætremyr 5 dager siden Møreaksen er det eneste alternativet
@Terje SundsbøRealisme er også ein dyd. Sande Fastllandssamband AS har eksistert i 20 år+. Urealistisk. Nå oppgraderast fergebåsane på 4 stopp ...
Terje Sundsbø 5 dager siden Møreaksen er det eneste alternativet
@Geir Ole SætremyrDu har altså brukt snart én time på å vente på ferger, og brukt nesten én time om bord på ...
Geir Ole Sætremyr 5 dager siden Møreaksen er det eneste alternativet
@Terje SundsbøDer er ein feil ved oppsettet over forbruk på ferga mellom Vestnes og Molde. Ikkje samme frekvens på lørdag, søndag ...
Geir Ole Sætremyr 5 dager siden Møreaksen er det eneste alternativet
@Terje SundsbøDersom du har et snev av geografikunnskap vil du ha fått med deg at eg på vei til Sandsøya så ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse