Vi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen. Besøk vår personvernside for mer detaljer.
Annonse
Annonse
Del på Facebook
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.

Betre med positiv næringsbonanza med FrP, enn skatte og avgiftsbonanzaen til Sp, Dordi Lerum.

Kvar var du når over 3000 personar gjekk i fakkeltog og protesterte mot nedlegging av Mork rehabiliteringssenter i Volda?

Annonse
Annonse

Nei, verken du eller andre sentrale var der frå Sp, rett og slett for dette er eit av dei mest sentraliseringskåte og distriktsfientlige handlinga som har skjedd i Møre og Romsdal på lang tid.

Det måtte ei Sp-regjering til for å legge ned Mork rehabiliteringssenter, og sentralisere dette.

Dordi Lerum og Sp, vanlige folk her i fylket har fått med seg kva Sp er i praksis, og kvifor dagens regjering er den mest distriktsfiendtlige regjeringa landet har sett.

Skyhøge straum og drivstoffprisar

Dette rammar alt av næringsliv her i fylket, og dette rammar distrikta mest. Landbruket er hardt ramma pga. denne voldsomme skatte og avgiftsauken, og dei er av næringane som blir råka hardast spesielt ang drivstoffprisane.

Transport, bygg og anleggsbransjen er i kneståande her i fylket, og tusenvis av arbeidsplassar står i fare. Sp og Ap vil ikkje bygge veg, og det er akutt oppdragstørke framover no, som klart og tydeleg viser Sp sin distriktspolitikk i praksis.

Svar meg på ein ting Dordi, kva unge her i fylket har muligheita til å kunne bu i fylket og skape seg ei framtid når dokke i Sp raserar næringslivet?

Kvar skal ungdommane få seg arbeid når du og resten av Sp har gått til frontalangrep på det meste av privat næringsliv?

Sp har satt igang ein politikk med rekordhøge skattar og avgifter, svindyr straum og drivstoffprisar og formue og grunnrenteskatt som rammar vanlige folks sitt næringsliv og arbeidsplassar.

Berre den siste tida har over 200 arbeidsplassar gått tapt her i fylket, og fleire er truga.

Annonse
Annonse

Og, det er ikkje «rikingane» dokke rammar med til dømes grunnrenteskatten på oppdrettsnæringa.

Dokke rammar tusenvis av arbeidsplassar her i fylket innan utstyrsleverandørar, el-selskap, rørleggarar, handtverkarar, transport, bygg og anlegg. Haugevis med små og større bedrifter som no mistar oppdraga sine.

Dette er fasiten med Sp i regjering, og dette er ein medisin for vårt næringsfylke som er svært så giftig.

Når FrP styrte ilag med Høgre, så gjekk skattar og avgifter ned. Vi bygde landet og aldri har det blitt lagt meir asfalt, bygd meir veg og ikkje minst næringsbygg, fordi næringslivet hadde levelige driftsforhold.

Renta gjekk ned mot null, og mengder med nye arbeidsplassar vart skapt. Tidenes høgaste rammeoverføringar gjekk til kommunane og fylka, og det offentlige kunne levere betre tjenester.
Aldri før har det vore ført ein betre distriktspolitikk enn med FrP og Høgre i regjering.

Kva skjer no med Sp i praksis?

Det stikk motsatte, distrikta blir hardast ramma. Renta går til himmels, skattar og avgifter likeså. Straum og drivstoffprisane knekker økonomien til vanlige folk landet over, og som om ikkje dette var nok så har også matvareprisane gått til himmels.

Er det noko i det heile som Dordi Lerum og Sp kan skryte av utanom elendigheit dokke har skapt for folk flest og næringslivet som snart knekker distrikta?

Nei, du må kome deg ut i verkelegheita her i Møre og Romsdal, sette deg inn i situasjonen til alle som slit, og ta deg ein prat med alle som no mistar jobbane sine, eller er truga av permiteringar.

Så skal vi i FrP og Høgre snarast råd etter valget geleide dokke ut av kommunestyra og fylkeshuset, for Sp har vist alle kva dokke står for i praksis og dette er konsekvensar ingen i dette fylket har råda til å ha noko særleg lengre.

Annonse
Annonse
Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
Annonse

Innlogging

Siste kommentarer

Viktig informasjon i tåkeleggingskaoset dette. Hva angår vindkraft blir den aldri bedre enn ca 30% i effektivitetsgrad mot innstallert effekt ...
Ansgar Dypbukt 2 dager siden Strømprisen til himmels
Sier meg enig i alt du skriver, strøm prisen er jo helt forferdelig ikke bare den, men nettleia er jo ...
Geir Ole Sætremyr 4 dager siden Møreaksen er det eneste alternativet
@Terje SundsbøSaksa frå referansegruppemøte 17.08.23: Forslag NTP 2024- 2036: Forslaget til ny plan innebærer mer enn halvering av årlige midler til vegbygging ...
Geir Ole Sætremyr 9 dager siden Møreaksen er det eneste alternativet
@Terje SundsbøDu marmar på med ditt og spissformuleringar.
Terje Sundsbø 9 dager siden Møreaksen er det eneste alternativet
@Geir Ole SætremyrDu har rett i at realisme er en dyd – gratis ferge koster staten dyrt. Fergeavløsningsprosjekter blir derfor mer lønnsomme ...
Geir Ole Sætremyr 10 dager siden Møreaksen er det eneste alternativet
@Terje SundsbøRealisme er også ein dyd. Sande Fastllandssamband AS har eksistert i 20 år+. Urealistisk. Nå oppgraderast fergebåsane på 4 stopp ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse