Annonse
Åse Kristin Ask Bakke (Ap), medlem av familie- og kulturkomiteen
Ytring
Åse Kristin Ask Bakke (Ap), medlem av familie- og kulturkomiteen
16 oktober 2023 15:16
Del på Facebook
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

I ei uroleg tid med auka prisar og renter legg regjeringa fram eit ansvarleg og trygt budsjett, som stiller opp for dei som treng det mest og bidreg til at barn og unge for delta i meiningsfulle fritidsaktivitetar.

Endå ein gong sikrar Ap/Sp-regjeringa full momskompensasjon til frivilligheita og idretten, deira viktigaste krav. På den måten bidreg vi til at over 22 000 organisasjonar kan halde fram med aktiviteten sin og inkludere fleire barn og unge i viktige fellesskap over heile landet.

Ordninga blir styrkt med 415 millionar kroner i statsbudsjettet for 2024 til totalt 2,440 milliardar kroner. Forslaget er heile 690 millionar kroner høgare enn i det siste budsjettet til høgreregjeringa.

I tillegg legg vi til rette for at det blir bygd idrettsanlegg i heile landet, vi sikrar meir pengar til frivilligsentralane og vi held fram innsatsen for å sikre deltaking og inkludering av barn og unge i fritidsaktivitetar. Vi går no i gang med å lage ein handlingsplan med innspel ifrå heile landet, der målet er at alle barn og unge skal få like høve til å delta i kultur- idretts- og friluftsliv for uavhengig av økonomi og bakgrunn. Handlingsplanen kjem i tillegg til dei 125 millionar kronene frå spelemidlane som vart gitt som ein ekstrainnsats for å få opp deltaking og inkludering i idrettslag tidlegare i år.

Så er eg stolt av at Ap/Sp-regjeringa sørgjer for vår tids største velferdsreform, i alle fall sidan barnehageforliket i 2003, nemleg 1000 kroner billigare barnehageplass for alle barn! Enkelte plassar heilt opp mot 1500,- billigare barnehage. Berre på dette eine enkelttiltaket kan ein barnefamilie med to barn i barnehagen spare 23 000 kroner i året, samanlikna med det siste statsbudsjettet til høgreregjeringa. Dette er pengar som ikkje kjem av seg sjølv, men av sosialdemokratisk politikk.

Når mange no merkar høgare prisar og renter i kvardagen er det viktig å sikre gode velferdstenester for alle, ikkje for nokre få. Vi skal stille opp for dei som treng det mest. Vi skal bidra til tryggleik for alle og moglegheiter for folk og bedrifter over heile landet. Arbeidsløysa er låg, det er rekordmange i jobb, og prisveksten vil truleg gå ned neste år. Vi er på rett veg.

Annonse
Annonse
Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Geir Ole Sætremyr 12 timer siden Demokratiets veivalg
@Terje SundsbøBudsjetter var på ca 110 mill. Det som er gjennomført er fakturert md 56 mill. Du får gå til postjournalen ...
Terje Sundsbø 13 timer siden Demokratiets veivalg
@Geir Ole SætremyrHvor i tildelingsbrevet til SVV finnes det opplysninger om at strekningen Ålesund-Vestnes i utviklingsporteføljen ikke rammes av samme økonomitørke ...
Geir Ole Sætremyr 14 timer siden Demokratiets veivalg
@Terje SundsbøUoppfordra?Du har på innpust og utpust promotert Vik til Molde  med ukritisk oppstart i Molde.  Der ligg ein grunnleggende ide om ...
Terje Sundsbø 15 timer siden Demokratiets veivalg
@Geir Ole SætremyrDu har uoppfordret spredt din kunnskap fra siste tildelingsbrev om strekningen Vik-Molde. Hvorfor vil du ikke dele samme kunnskap ...
Geir Ole Sætremyr 22 timer siden Demokratiets veivalg
@Terje SundsbøDu har ikkje lest dokumentet med vedlegg.
Terje Sundsbø 1 dager siden Demokratiets veivalg
@Geir Ole SætremyrEr sjikane normal respons fra Naturvernforbundet? Hva med å gjøre et forsøk på å besvare spørsmålet?
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse