Annonse
Frank Sve, 1. nestleder i Transport- og kommunikasjonskomiteen Stortingsrepresentant (FrP)
Ytring
Frank Sve, 1. nestleder i Transport- og kommunikasjonskomiteen Stortingsrepresentant (FrP)
14 desember 2024 11:44
Del på Facebook
Illustrasjon: Rambøll
Illustrasjon: Rambøll
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.

Møreaksen er ferdig finito, kasta heilt ut av NTP 12 års perioden, skrota og forkasta, rett og slett fordi Møreaksen er tidenes verste sløseri skandaleprosjekt.

At det kunne vere mulig å sløse vekk snart ein halv milliard kr til planlegging av dette makkverket av eit sløseri prosjekt, er rett og slett ubegripeleg.

Annonse
Annonse

INGEN trur eit komma lenger på mantraen om såkalla «bu og arbeidsmarknad».

INGEN, absolutt ingen har råda til å pendle med berekna bompengekostnadar på mellom 4–600 kr pr. dag. Til dømes å bu i Molde og jobbe i Ålesund er såleis berre ein dårlig illusjon dersom Møreaksen vart bygd.

I dag er det faktisk mulig økonomisk å pendle mellom byane, med gratis ferjer for person mellom Vestnes og Molde eller frå øyane til Molde, er det ikkje kostnadane som legg begrensningar her.

Når ei ny regjering kjem på plass neste haust med eit sterkt FrP vil det bli nødvendig med eit «dypdykk» i korleis nokon har klart å manipulere bruken av planleggingsmidlar. Flytta vekk frå reelt viktige vegprosjekt her i fylket slik som E136 og viktige vegprosjekt på E39, og over til Møreaksen.

E136 exportvegen har spesielt blitt ofra i mange tiår, der Møreaksenklanen har fått styre og råde totalt.

At den same «klanen» no også skal få øydeleggje for Midsund i arbeidet med å få flytta ferjestrekninga til Midsund–Ørsneset, viser i all sin prakt denne destruktive gjengen.

Møreaksen er historie, og vil aldri igjen bli tatt opp av skuffa, og vil aldri bli realisert.

Når regjeringa ikkje klarer ein gong å prioritere dei mest ulykkesutsatte vegane vi har her i fylket slik som «dødsvegen» E39 Solevågseidet–Blindheim til Moa med landets mest trafikkerte ettløps tunell, forstår dei fleste dette.

Blindheimstunnelen og dette vegsystem er landets nest verste ang ulykker, også med fleire dødsulykker.

Over 23.000 bilar i døgnet ferdast her, så har vår såkalla fagetat Statens vegvesen heller prioritert Møreaksen og kryssing av Romsdalsfjorden med ca. 2292 bilar i døgnet.

Annonse
Annonse

Fagetaten har altså bestemt, at det er viktigare å prioritere ei vegstrekning Møreaksen til mange titals milliardar av kr der verste ulykka sikkert er at nokon har klamra fingrane i ei bildør, medan folk blir alvorleg skadd og mistar livet på E39 lenger sør.

Her burde nokon jammen skamme seg!

Så slutt no med alt denne «svadaen» ikring Møreaksen,

Dei som fortsetter å tru på julenissen om at Møreaksen ikkje er begravd for evig, bør snart forstå at dette er ganglaust engasjement.

Neste haust får vi rydde opp innan samferdsel her i fylket.

E136 frå Ålesund til Bjorli må overførast til Nye veier as med dertil kraftig auka økonomisk ramme.

Utbygging av exportvegen sett i samanheng, vil spare samfunnet for enorme kostnadar og forsere utbygginga kraftig.
E39 Solevågseidet–Blindheim til Moa må prioriterast høgt og settast i gang utbygging av så raskt som teknisk mulig.

Sjølvsagt også rv. 15 Strynefjellet m arm til Geiranger, Voldatunellen, rv. 70, E39 Batnfjordsøra og Langfjordkryssinga vil vere andre viktige prosjekt.

Så dersom nokon fortsatt har tenkt å bruke tida si på ein avskilta Møreakse, så er det sjølvsagt fritt fram, men då har ein jaggu ikkje mykje vettugt å forbruke tida si på.

Eg og FrP kjem ivertfall til å bruke tida vår på dei viktige riksvegprosjekta her i fylket, og til eit kraftig løft for fylkesvegane.

Annonse
Annonse
Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.
  • Denne kommentaren er avpublisert.
    Anne Mari Sandshamn · 3 timer siden
    Dette er jeg veldig enig i. På tide å se annerledes på ting nå, se etter billiger og bedre og mer miljøvennlige muligheter. 

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Geir Ole Sætremyr 1 timer siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøDu må trekke pusten.Første anslag på kostnad Breivika til Molde var 43 mrd.Da måtte SVV gå i seg sjølve og ...
Terje Sundsbø 2 timer siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrKS2 nevner spesifikt 5mrd som bompengeandel. Tidligere har 3mrd vært satt som bompengepotensialet. Følgelig har bompengedelen økt. Du har ikke ...
Anne Mari Sandshamn 3 timer siden Slutt med meir svada ang Møreaksen!
Dette er jeg veldig enig i. På tide å se annerledes på ting nå, se etter billiger og bedre og ...
Geir Ole Sætremyr 6 timer siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøEg har ukkje kommentert ferge, men bompengar som forskot på arv.Eg har tidlegare bedt deg dokumentere at KS2 har lagt ...
Terje Sundsbø 6 timer siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrDet var et vektig argument for ferge fra deg. Kan du være mer konkret?KS2-rapporten for trinn 1 på Møreaksen kritiserte ...
Det er så masse samfunnsnyttige oppgaver som mye heller burde få pengene disse luftslottet støttet av både nåværende og tidligere ...
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse