Vi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen. Besøk vår personvernside for mer detaljer.
Annonse
KSU – Vipps – desktop
Jenny Klinge, Senterpartiet
Ytring
13 mars 2018 19:46
Del på Facebook
Jenny Klinge, Senterpartiet: Foto: Bernt Sønvinsen
Jenny Klinge, Senterpartiet: Foto: Bernt Sønvinsen
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Justisminister Listhaug påstår i VG 13. mars at det å behalde lensmannen på lensmannskontoret vil svekkje kampen mot pedofili. Dette er ein oppsiktsvekkjande påstand for alle som hugsar argumenta for politireforma. Regjeringa argumenterte nemleg med at ein skulle oppnå meir nærpoliti og langt fleire politipatruljar ved å leggje ned mange av lensmannskontora. I staden opplever mange av dei gjenverande lensmannskontora å få inndratt ressursar og stillingar, og Listhaug har ikkje tal på kor mange patruljar som har kome ekstra. Ho kan altså ikkje svara på kor dette sterkare nærpolitiet har vorte av og veit heller ikkje kor mykje politi på hjul det er. Ho veit visst likevel veldig godt at lensmenn på kvart lensmannskontor er eit problem i kampen mot pedofili.

Justiskomiteen på Stortinget handsamar no fleire framlegg frå Senterpartiet som gjeld politireforma. Vi i Senterpartiet meiner at dei lensmannskontora som står igjen etter reforma skal styrkast, og ikkje svekkast slik regjeringa legg opp til mange stader. Vi meiner at  kvart lensmannskontor skal få behalde politileiaren sin. Regjeringa har på si side ikkje vore ærlege frå starten av om kva slags politireform dei ville gjennomføre. Først kalla dei det ei «nærpolitireform», for så å sentralisere politiet og leggje ned over 120 lensmannskontor. No tek dei vekk lensmannen frå lensmannskontora. Då er det – med all respekt å melde – ikkje lenger eit lensmannskontor. Regjeringa tilslører at dei avviklar lensmannsetaten slik vi kjenner den, og bruker sårbare ungar i retorikken for å forsvare sentraliseringa. For det er ikkje nokon motsetnad mellom det å styrke kampen mot pedofili og det å ville sikre eit sterkt lokalt politi. Ja, kampen mot overgrep på nett krev god kompetanse på nettopp dette, og ein må byggje opp sterke fagmiljø. Likevel vil det alltid vera slik at mykje kriminalitet er lokal, dette gjeld dessverre også overgrep mot ungar. Politi med lokalkunnskap vil lettare kunne fange opp faresignal og arbeide førebyggjande.

Det at kvart lensmannskontor skal få behalde lensmannen sin, betyr ikkje at vedkomande berre skal vera sjef og tulle bort tida si, slik nokon framstiller det som. Lensmannen skal òg i høgaste grad vera ein del av arbeidslaget, og ha naudsynte fullmakter til å fatte avgjerder lokalt. Dette ville sørgje for eit sterkt lokalpoliti, men regjeringa legg opp til det motsette. Med ein halv milliard ekstra til politidistrikta, som Sp la inn i vårt alternative statsbudsjett, ville det vore mogleg å styrke både viktige kompetansemiljø og sikre at dei lensmannskontora som blir att får ei reell styrking. 5. april skal saka med framlegga våre opp til debatt i Stortinget. Då håpar vi på naudsynt støtte frå andre parti. Det må bli slått fast overfor regjeringa og Listhaug at dei faktisk må sikre vekst til politiet i heile landet, og at lensmannen ikkje er eit problem verken for eit lensmannskontor eller i kampen mot pedofili.

Jenny Klinge
Justispolitisk talskvinne, Senterpartiet

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

@Terje SundsbøDu får ikkje meir konkret svar enn dette. Uansett kor mykje du higer etter det for å underbygge tankerekke kring ...
@Geir Ole SætremyrDu svarer ikke på spørsmålet om hva ditt synspunkt er. Hva du tror vil bli resultatet er ikke det jeg ...
@Terje SundsbøEg har svart at veiprising vil der bli i form av enten bompengar no som vil finansiere kollektivtilbud, eller ny ...
@Geir Ole SætremyrDu farer bevisst med løgn. Jeg har ikke sagt at du står i ledtog med Frank Sve (Frp). Jeg skrev: ...
@Terje SundsbøDu insinuerer at eg, busett i Ålesund,  står i ledtog med Frank Sve. Forøvrig, eg sa eg var i møte på ...
@Geir Ole SætremyrDet jo du som beskylder meg for meninger jeg ikke har. Jeg sier ikke at folk ikke bryr seg om ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse