I ein tosiders artikkel i RB på laurdag, kan vi lese om planane til Jon Aasen og AP her i fylket, som ynskjer å «krype ned i bukselommene» til Torgeir Dahl sitt Høyre.
At AP har prestert å gjere dette i Molde har vi registrert, og vi har fått med oss kven som er administrerande direktør og meir til i denne butikken. AP får knapt nok vere «assistent» i denne drifta, og kva AP i Molde har tenkt å drive valkamp på inn mot neste valg, er for alle ei stor gåte.
At AP skulle finne på det samme i fylket, må vere ei «gåvepakke» for vår del, men denne gåva ser vi nok sansynligvis ikkje.
Det ser ut til å vere «full panikk» i Torgeir Dahl systemet, med bakgrunn i debatten ikring Møreaksen og Romsdalsaksen. Alle midler blir tydeligvis leita fram, og det er ikkje grenser for kva metoder som vert klekt ut for å stoppe debatten om kravet om å utrede Romsdalsaksen og flytebruer over Romsdalsfjorden.
At AP skulle gå i «giftermål» med Torgeir Dahl og Høyre for å sørge for at resten av fylket skal betale for byutviklinga av Molde, vegsystema forbi Molde, og ikkje minst sørge for at Molde vert den nye regionshovudstaden på bekostning av Ålesund og Kristiansund er rimeleg utenkelig.
Men, det er dette som er «kongstanken» til Torgeir Dahl, når han til dømes ringer rundt til framtredende personar i FRP, og lurer på kva Frank Sve driver med ang kravet om å utrede Romsdalsaksen og flytebruer over Romsdalsfjorden.
Men slapp av folkens, eg let meg ikkje styre av Torgeir Dahl, så utredning av Romsdalsaksen og utredning av flytebruer over Romsdalsfjorden kjem, berre vent og sjå.
Arbeidarpartiet i Nordmøre og på Sunnmøre vil nok garantert ikkje «krype ned i bukselommene» til Torgeir Dahl og Høyre i Molde.
Høyre forøvrig her i fylket tar nok tilbake «makta», når det etter kvart går opp for dei kva som er i ferd med å skje.
Sikkert mulig at også Ålesundarane våkner frå «dvalen» etter kvart, og faktisk ser at dei er på full fart til å bli utspelet av Torgeir Dahl og Molde i det meste. Firefelts motorveg inn, gjennom og forbi Molde, fører garanter til at dagen der Ålesund sjukehus skal renoverast så havner alt i Molde.
At heile Kristiansund og Ålesund, Nordmøre og Sunnmøre skulle bli «skvisa» av AP ved at dei kryp i bukselommene til Torgeir Dahl sitt Høyre, er utenkelig, men i så fall dette skulle skje, ein fantastisk gåvepakke for dei andre partia her i fylket.
FrP går alltid til valg for å få igjennom mest mulig av vår politikk til det beste for heile fylket. Vi er eit borgarleg parti som samarbeidar med dei som ynskjer det beste for heile fylket.
Dette er noko som vi også håpar Høyre gjer her fylket, og at Høyre tar tilbake styringa over eige fylkeslag som vi meir en gjerne samarbeidar med, men ikkje dersom Høyre blir en del av Arbeiderpartiet.
Frank Sve, Fylkesleiar og gruppeleiar i Møre og Romsdal Frp.