Annonse
KSU – Vipps – desktop
Frank Sve
Ytring
Frank Sve
28 juni 2018 11:23
Del på Facebook
Frank Sve på talerstolen på Frp landsmøte 2018. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
Frank Sve på talerstolen på Frp landsmøte 2018. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

I debatten angåande Nordøyvegen er det mange som «surrar ihop» kvar inntekter og kostnadar oppstår.

Ein journalist ringte ein gong, og stilte spørsmålet: «Tenk på alt ein kunne bygd i Møre og Romsdal av vegar osv. med dei 3,3 milliard kronene som skal nyttast til Nordøyvegen».

Journalisten fekk følgjande spørsmål tilbake:

  • trur du dei 350 mill kr i bompenger på Nordøyvegen kan nyttast ande stader?
  • trur du dei 350 mill kr i bompenger på Nordøyvegen kan nyttast ande stader?
  • trur du dei 315 mill kr i RDA midlane frå Haram og Sandøy, kan brukast ande stadar?
  • trur du dei 3-460 mill kr frå Kommunane Nye Ålesund, Haram og Sandøy kan brukast andre stadar?
  • trur du rentekompensasjon på 89 mill kr kan nyttast andre stadar?
  • trur du mva kompensasjonen på 700 mill kr til Nordøyvegen kan nyttast andre stadar?
  • trur du dei 15 mill kr frå IP Huse kan brukast andre stadar?
  • trur du dei 500 mill kr som må til med nye ferjekaier i området i framtida, kan nyttast andre stadar dersom Nordøyvegen ikkje vert bygd?

Til slutt, trur du at dei 100,9 million kronene som vert brukt til underskottsdekning årleg på ferjene på Nordøyane kan nyttast andre stader? Skal dokke legge ned ferjene til øyane?

Journalisten svarte «nei, sjølvsagt ikkje» på alle spørsmåla, og til slutt sa han «trur eg ikkje skriv om denne saka likevel eg».

Dette er faktisk ei sann historie, og viser at dersom ein setter seg ned og ser på kostnadane ved fortsatt ferjedrift, tyder mykje på at dette slett ikkje er rimelegare en faktisk å bygge Nordøyvegen, sjølv etter overskridingane på 800 mill kr.

Stoppar ein Nordøyvegprosjektet må det lysast ut nytt ferjeanbod, med null og lågutslippsfartøy jf. Stortingsvedtaket. I dag er ferjene til Nordøyane fylkets dyraste ferjer, blandt anna pga farled 3 kravet, men er i dag trafikkert med eldre fartøy. Med utlysing av nye anbod, vil det til liks med det vi alt har lyst ut her i fylket, oppleve en kraftig kostnadsvekst. Det må også byggjast nye ferjekaier og anna infrastruktur til mellom 0,5-1 milliard kr.

Anboda i dag kostar fylkeskommunen årleg berre på Nordøyane 100,9 mill kronar. Over 40 år er dette godt over 4 milliard kr, med nye ferjeanbod trur eg dette raskt kjem mellom 5-6 milliard kr. Derfor skal vi no arbeide grundig med anboda til Nordøyvegen og sjå kva handlingsrom som finnast, og vi skal arbeide like grundig med 0- alternativet dvs kva kostnad fylket får ved fortsatt ferjedrift og nye anbod og nye ferjekaier. Så får vi til slutt konkludere.

Kva som vert «fasiten» her er ikkje openbart, men jaggu vert det dyrt med fortsatt ferjer i framtida også, og det er i så fall bompengar og ferjer til evig tid.

Frank Sve, Fylkesleiar og gruppeleiar i Møre og Romsdal Frp.

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse

Innlogging

Siste kommentarer

Ketil Strand Andersen 3 dager siden Skremmende fremtidsscenario
Bra innlegg. Valg til neste år, da gjelder det.
Terje Sundsbø 4 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
Hvor lenge kan motstanderne av Møreaksen skjule kostnadene med fortsatt ferge? "Når fergene avløses av Møreaksen frigis enorme mengder strøm, ...
Terje Sundsbø 4 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
@Arne AlmaasFakta er bedre enn fabler, spesielt i diskusjoner om samferdsel. Dine metaforer om elefanter kommer vi ingen vei med. Spesielt ...
Arne Almaas 4 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
@Terje SundsbøDet eneste jeg ønsker å kommentere er at det ikke er vits i å kommentere dialogene du og RR har ...
Terje Sundsbø 4 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
@Arne AlmaasKommentarfeltet benyttes til å diskutere momenter til artikkelen, ikke til å presentere nyheter. Hva er det i artikkelen du ønsker å ...
Terje Sundsbø 4 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
Høyre prioriterer Fergefri E39 Møreaksen: https://www.smp.no/meninger/leserinnlegg/i/8qxqed/hoeyres-prioriteringer-i-nasjonal-transportplanEr det noen privatpraktiserende fogderipolitikere i Høyre Møre og Romsdal som våger å tale Erna ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse