Annonse
Jenny Klinge, Senterpartiet
Ytring
Jenny Klinge, Senterpartiet
21 juni 2018 13:24
Del på Facebook
Jenny Klinge, Justispolitisk talskvinne, Senterpartiet. Foto: Foto: Ragne B. Lysaker, Senterpartiet
Jenny Klinge, Justispolitisk talskvinne, Senterpartiet. Foto: Foto: Ragne B. Lysaker, Senterpartiet
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Det kjem stadig rapportar om at folk ikkje får tak i politiet på telefon. Dersom nokon vil melde frå om ei kriminell handling og ringjer nødnummeret 112, får dei skarp beskjed om at dei har ringt til feil nummer og blir bedt om å ringje 02800. Dette er forståeleg. Sjølvsagt vil politiet at folk berre skal ringje 112 når det verkeleg står på. Problemet er berre at folk ikkje kjem gjennom i rimeleg tid på politiets nummer 02800. For enkeltpersonar som oppdagar alvorlege kriminelle handlingar, kan det dessutan vera vanskeleg å vurdere kva nummer som eignar seg best å ringje i den gitte situasjonen. Då er det uakseptabelt at det ikkje er raskt svar å få på nummer 02800. Særleg fordi den såkalla nærpolitireforma skulle sørgje for meir tilgjengeleg politi i heile landet.

Den blå-blå regjeringa og stortingsfleirtalet vedtok i 2015 ei reform som innebar at om lag 125 lensmannskontor etter kvart skulle leggjast ned. Med langt fleire politipatruljar og betre organisering av etaten skulle politiet likevel bli nærare og meir tilgjengeleg. Dette har ikkje skjedd, og det er ingen grunn til å tru at det vil skje heller. Samtidig som dagens regjering forsvarer ei massiv nedlegging av lensmannskontor, forsvarer dei at det ikkje har kome nemneverdig fleire politipatruljar på plass.

Fleire politidistrikt slit med bemanninga. Snart skal òg passtenesta flyttast langt vekk frå mange lokalsamfunn. Utviklinga går i ei retning: Avstandane til politiet og tida for å få svar aukar. Vi i Senterpartiet godtek ikkje dette. Politiet må få betre kapasitet til å ta i mot telefonar frå publikum. Vi ønskjer å sørgje for nok ressursar og ei organisering som sikrar at innbyggjarar i heile landet får eit nært og tilgjengeleg politi.

Jenny Klinge
Justispolitisk talskvinne, Senterpartiet

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Ketil Strand Andersen 3 dager siden Skremmende fremtidsscenario
Bra innlegg. Valg til neste år, da gjelder det.
Terje Sundsbø 4 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
Hvor lenge kan motstanderne av Møreaksen skjule kostnadene med fortsatt ferge? "Når fergene avløses av Møreaksen frigis enorme mengder strøm, ...
Terje Sundsbø 4 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
@Arne AlmaasFakta er bedre enn fabler, spesielt i diskusjoner om samferdsel. Dine metaforer om elefanter kommer vi ingen vei med. Spesielt ...
Arne Almaas 4 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
@Terje SundsbøDet eneste jeg ønsker å kommentere er at det ikke er vits i å kommentere dialogene du og RR har ...
Terje Sundsbø 4 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
@Arne AlmaasKommentarfeltet benyttes til å diskutere momenter til artikkelen, ikke til å presentere nyheter. Hva er det i artikkelen du ønsker å ...
Terje Sundsbø 4 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
Høyre prioriterer Fergefri E39 Møreaksen: https://www.smp.no/meninger/leserinnlegg/i/8qxqed/hoeyres-prioriteringer-i-nasjonal-transportplanEr det noen privatpraktiserende fogderipolitikere i Høyre Møre og Romsdal som våger å tale Erna ...
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse