Annonse
KSU – Vipps – desktop
Frank Sve, fylkes- og gruppeleiar i MR FrP
Ytring
Frank Sve, fylkes- og gruppeleiar i MR FrP
24 november 2019 22:44
Del på Facebook
Frank Sve, Fylkesleiar og gruppeleiar i Møre og Romsdal FrP. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune
Frank Sve, Fylkesleiar og gruppeleiar i Møre og Romsdal FrP. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Stemte du på SP, AP, SV, KrF, V, MDG, eller Rødt, ja så har dokke fått det Røde kaoset som dykk har bestilt

Kommande mandag

Desse partia skal altså bli enige om kva dei skal kutte innan ferjedrift, vidaregåande skule og kollektivtilbud, og dette skal dei altså gjennomførast kommande mandag.

Skikkeleg kaos

For desse sju partia, som før valget lovte «gratis ferjer, og etter valget lovte grafisk skulemat og satsingar både her og der, skal altså bli enige om kutta og prioriteringar som står imellom vidaregåande skule og opera, heilt nødvendig ferjedrift og opera, viktige kollektivtilbod og opera.

Det står mellom vidaregåande skule eller prioritere administrasjon, heilt nødvendig ferjedrift eller prioritere administrasjon, viktige kollektivtilbod eller prioritere administrasjon.

Det står mellom prioriteringar av lovpålagte og svært viktige tjenester for folk flest og næringslivet i heile Møre og Romsdal, eller eit ynskje om å prioritere områder i den fylkeskommunale drifta som godt kan kuttast eller rasjonaliserast kraftig!

Fylkeskommunen sitt budsjett på 5,78 milliard kr kan kuttast 112 mil kr pr år, utan at dette verken går ut over vidaregåande skule, ferjedrift eller kollektivtilbod

Hadde vore smart å stemt FrP!

Ja, kvifor gjorde ikkje eit fleirtal i Møre og Romsdal det? Kvifor stemte eit fleirtal her i fylket på eit raud/grønt kaos, som skal styre ilag med blant anna Kommunistar som i realiteten ikkje ynskjer det samfunnet vi har her i landet?

Eller eit MDG som ynskjer å rasere flytilbudet her i landet som vil rasere tilbodet i Møre og Romsdal, og eit parti som fornektar å ete kjøtt i eit matfylke som Møre og Romsdal. Landbruksnæringa og matproduksjon har vore bærande for vårt fylke i generasjonar, kvifor stemmer folk på slike parti?

SP som bondepartiet.

SP skal altså samarbeide her i fylket med partiet som fornektar det meste SP står for, både gjeldande distriktspolitikk, men ikkje minst landbruket og produksjon av mat. SP skal altså måtte styre på nåde av eit MDG som vil rasere distrikta, kutte å ete kjøtt, slutte å ta fly, og radbrekke bilkøyring gjennom svinhøge drivstoffprisar, som distrikta i landet vårt frå nord til sør er heilt avhengige av.

KrF og kristne grunnverdiar.

KrF skal altså styre fylket ilag med eit SV, MDG og Rødt, som står milevis ifrå dei grunnverdiene som KrF er bygd opp på, og KrF her i fylket framstår nå så gira på å kome i posisjonar, koste kva det koste vil, at dei har kasta på dør både partiprogram og grunnsyn. Korleis er dette mulig, og kan det bli noko anna enn eit totalt kaos» ?

FrP held kva vi lova!

Hopetal av aksjonar rir no heile fylket, folkeaksjon for å bevare det vidaregåande skuletilbodet, folkeaksjon for å hindre ei rasering av ferjedrifta med heile 3 takstsoner i auke og innføring av galskapen «Autopass»,
- folk og næringslivet er sinte og frustrert.

Men kvifor stemte dokke ikkje på partiet som gjennomførar den politikken dokke faktisk streikar og har folkeaksjoner for å kunne få til her i fylket, nemleg Fremskrittspartiet»

Det er kun FrP som er svaret på alle desse folkeaksjonen og streikane, med bakgrunn i at vi satsar på vidaregåande skule, vil legg ikkje ned linjer eller raserar ferjedrifta og kollektivtilbudet her i fylket.

FrP kuttar 112 mill kr i 2020 og i kvart år framover, men vi tar desse kutta og rasjonaliseringane akkurat på same staden og måten som dei fleste kommunar her i fylket har rasjonalisert si eiga drift dei siste åra.

FrP slår ring rundt dei lovpålagte og viktige tjenestene, kuttar det vi godt kan klare oss med mindre av eller klare oss utan

  • Vi rasjonaliserar den overadministrerte fylkesadministrasjonen, finnast ikkje tvil i verden om at dette både er nødvendig og svært seriøst å kunne gjennonføre.
  • Vi rasjonaliserar drifta i alle driftsområder, omorganiserar skuledrift, rasjonaliserar drifta innan samferdsel, kultur og næring, utan at dette skal gå nevneverdig ut over dei prioriterte tjenesteområda.
  • Vi kan ikkje dele ut i Møre og Romsdal fylke 92 mill kr årlig til områder som kan finansiere si eiga fritid sjølve, tilskot til idrett og kulturlivet for barn og unge prioriterar vi sjølvsagt.
  • Vi har ikkje råda til å bruke 150 mill kr på ein opera i Kristiansund, uansett om dette ligg på Nordmøre. Dette er eit område som ikkje kan setjast opp mot dei viktige driftsområda innan vidaregåande skule eller ferjedrift.

Det er berre slik, har vi ikkje råd til lovpålagt skuledrift, så har vi ikkje råda til opera for nokre få.

Innbyggjarane har bestilt og stemt fram eit raud/grønt kaos, og får no eit raud/grønt kaos.

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Geir Ole Sætremyr 8 timer siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøDette er di tolking Fram til 2022 tall er bompengesatsane det samme som det svv har brukt I grunnlagsmaterialet.  Det kan ...
Terje Sundsbø 8 timer siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrSom jeg allerede har påpekt, KS2-rapporten angir alle kostnadsøkninger som bompengefinansiering. Dette vil de fleste mene ikke er rimelig. KS2-analysen skal ...
Geir Ole Sætremyr 9 timer siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøFastsetting av bompengar, beløp som skal betalast har fleire element i seg.  Vurdering av dette ligg i oppdraget frå Finansdepartementet. 1. ...
Terje Sundsbø 11 timer siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrDu er så blendet av dine argumenter at du ikke innser din egen selvdyrking av agendaen din .Men forhåpentligvis får ...
Geir Ole Sætremyr 1 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøEg har fått med meg alt, også at du konstruerer di eiga kuvøse for å dyrke agendaen din.Ja, eg har ...
Terje Sundsbø 1 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrDu har ennå ikke fått med deg at jeg diskuterer KS2-rapporten, og utsagnene fra den? Referansegrunnlaget er like usikkert i KS2-rapporten ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse