Vi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen. Besøk vår personvernside for mer detaljer.
Annonse
Annonse
Kristin Sørheim
Ytring
04 desember 2019 08:45
Del på Facebook
Kristin Sørheim, gruppeleder Møre og Romsdal Senterparti. Foto: Sp
Kristin Sørheim, gruppeleder Møre og Romsdal Senterparti. Foto: Sp
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Svar fra Kristin Sørheim til leserinnlegg fra Frank Sve: Legg ned Fylkeskommunen! den 03.12.2019

Du Frank, du Frank!

I motsetning til FrP har SP i lag med våre samarbeidsparti lagt fram eit økonomiplanforslag med overskott på 1,5-2 % kvart år i perioden, i tråd med rådmannens forslag. I motsetning til deg og FrP «raserer» vi ikkje tilskott til frivillige lag og organisasjonar og kulturtiltak i fylket, vi skrotar ikkje kultur- og operahuset i Kristiansund og heller ikkje utviklingsarbeid som er viktig for næringsliv og sysselsetting. Vi har heller ikkje kutta vidaregåande skule med 200 mill, men med 21 mill i 2020. Dette er ikkje meir kutt enn det som svarar til nedgangen i elevtal i fylket, og som i år 2023 utgjer 75 mill kr. Vi har ikkje kutta i tannhelse, men har same forslag som rådmannen og FrP.

Vi har kutta i administrasjon og også i kostnader til det politiske nivået (i motsetning til FrP). Alle – ikkje minst du – er fullstendig klar over at vi har ei kraftig underfinansiering av ferjedrifta vår, fordi det er lagt ein nasjonal standard som styrer overføringa til fylket og som er langt under det tilbodet vi faktisk har oppretta i Møre og Romsdal, over tid. Miljøferjesatsinga kjem i tillegg, og Staten har ikkje ytt sin nødvendige del til denne nasjonale satsinga på å redusere klimagassutsleppa.

Du kan gjerne kjefte på SP for at vi gjorde feil i 2010 da mykje av vegane og ferjesambanda vart overført til fylka, og det ikkje følgde med pengar. Vi kan ta sjølkritikk på det. Men det er 10 år sidan, og situasjonen blir verre og verre. Og vi burde som folkevalde i Møre og Romsdal gjere alt som står i vår makt for å fortelje om situasjonen og bidra til ei løysing. Vi har vi ved fleire høve skrytt av samferdselsministeren, seinast for at han no tek initiativ til å møte kystfylka for å drøfte situasjonen med kostnadene til miljøferjene. I motsetning til deg som avviser problemstillingane. For det står ikkje betre til i Vestland og Trøndelag.

Frank Sve, du er ein alt for flink og bra kar til å halde på med denne sutringa og utskjellinga av SP fordi konstitueringa etter valet vart som det vart. Legge ned eller splitte fylket fordi «rådmannen og SP styrer», slik skriv du som kalla deg «Mørejarl» før valet! Skulle vi sagt at vi melder Noreg inn i Sverige fordi FrP styrer her til lands? Eg reknar med at alle no forstår kvifor SP og FrP ikkje inngjekk politisk og valteknisk samarbeid i fylket, men vi kan samarbeide om enkeltsaker slik vi har gjort før. Sjølv om vi lenge har forstått at SP er utpeika som politisk hovudmotstandar, også til stortingsvalet om to år. Det er ikkje så rart. SP er imot helseforetaksmodell og direktoratstyring, FrP sit i ei regjering som styrer etter NPM (red.anm. New Public Management). SP vil desentralisere, FrP sentraliserer. SP vil ha offentleg velferd, FrP vil privatisere.

Men ta deg no saman og hjelp til med å få litt betre finansiering av ferjedrifta vår, det vil det stå respekt av, og det vil hjelpe innbyggjarar og næringsliv.

Av: Kristin Sørheim, gruppeleiar SP

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
Annonse

Innlogging

Siste kommentarer

Terje Sundsbø 2 dager siden Skrot fergene
@Geir Ole SætremyrDet betyr at E39 Vik-Molde er prioritert for oppstart første seks år. God helg til deg også.
Geir Ole Sætremyr 2 dager siden Skrot fergene
@Terje SundsbøVi får konkludere medat vi ikkje blir samde om kva som er konklusjonen i SVV sitt innspel til ny NTP. ...
Terje Sundsbø 2 dager siden Skrot fergene
@Geir Ole SætremyrTabell 4.3 på side 49 har 14 kolonner (inklusive de med kun grafikk), hvor kolonne 2 angir navnet på prosjektet. ...
Geir Ole Sætremyr 3 dager siden Skrot fergene
@Terje SundsbøTabell 4.3, kolonner for avsette midler periode 23-. Der finn eg ikkje beløp. Kanskje tar eg feil?
Terje Sundsbø 3 dager siden Grunnsolide Møreaksen
@Tor HansenHvilke penger finnes allerede for fastlandsforbindelse til Gossen? Tror du pengene til Kjerringsundet vil være tilgjengelig? Fastlandsforbindelse til Otrøya og ...
Terje Sundsbø 3 dager siden Skrot fergene
@Geir Ole SætremyrI tabell 4.3 på side 49 er det ulike tall for «Lønnsomhet» og «Kostnad». Hvilken kolonne mener du angir avsatt ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse