Annonse
Frank Sve, fylkes- og gruppeleiar i MR FrP
Ytring
Frank Sve, fylkes- og gruppeleiar i MR FrP
03 desember 2019 07:29
Del på Facebook
Frank Sve, fylkesleiar og gruppeleiar i Møre og Romsdal FrP. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune
Frank Sve, fylkesleiar og gruppeleiar i Møre og Romsdal FrP. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Eller dersom dette ikkje går, legg ned Møre og Romsdal Fylkeskommune, og la Sunnmøre få gå til Vestland og Nordmøre og resten til Trøndelag

Møre og Romsdal fylkeskommune er ikkje liv laga som eigen region.

FrP ynskjer å leggje ned dette tredje forvaltningsnivået som fylkeskommunen er, og overføre arbeidsoppgåvene til dei større kommunane. No har vi fått større kommunar som Ålesund, Molde, Hustadvika, og på Nordmøre så må det skje eit kvart ikring Kristiansund.

  • Når vi har ein fylkesrådmann og eit SP her i Møre og Romsdal fylkeskommune, som presterar å verne sin eigen administrasjon, strø rundt seg med pengar til prosjekt og områder som vi slett ikkje behøver, så har fylket mista si rolle.
  • Når prioriteringane til både Fylkesrådmannen og det SP styrte politiske nivået, skal radbrekke vidaregåande skule med å kutte 200 mill kr, har vi ikkje bruk for fylkeskommunen.
  • Når prioriteringane  til både Fylkesrådmannen og det SP styrte politiske nivået  skal radbrekke ferjedrifta, tannhelsetjeneste og leggje ned vidaregåande skular her i fylket, har vi ikkje bruk for fylkeskommunen.

Dersom vi legg ned Møre og Romsdal fylkeskommune, eller går til Vestland/Trøndelag, sparar vi her i fylket mellom 3-500 mill kr, som kan brukast på vidaregåande skule, opprettholde tannhelsetjeneste og ferjedrifta.

Fylkestinget i Møre og Romsdal vert styrt av eit Senterparti som har grafse til seg stort sett alle leiarverv, der målet deira er verv, og samtidig sørge for at «miniparti» som Rødt og Venstre får posisjonar milevis utover det veljarane har bestemt gjennom valget. Senterpartiet har aldri levert i posisjon, verken i Stortinget eller her i fylket.

Åtte år med SP bak rattet her i fylket, har kun oppnådd klaging og syting overfor Stortinget og regjeringa, som i dei siste seks åra har overført tidenes høgaste rammeoverføringar til både fylka og kommunane, og sørga for historiske låge renteutgifter. Likevel klagar og syt SP, alle andre har feil utan om akkurat dei sjølve, som faktisk har ansvaret for situasjonen som Møre og Romsdal Fylkeskommune er i for tida.

Eg trur både Fylkesrådmannen og SP har gløymt av kvifor vi har ei fylkeskommune! 

Slik det no ser ut, ser det ut for at SP meinar innbyggjarane er til for fylkeskommunen, og at det er fylkeskommunale byråkratar, opera, museum osv., som er viktigast.

FrP er klokkeklar på at det er stikk motsett. Fylkeskommunen er til for å levere dei viktige tjenestene til innbyggjarane, slik som vidaregåande skule, tannhelsetjenester og ferjedrift.

Derfor er det heilt klart for oss at så lenge både Fylkesrådmannen og SP som styrer fylket, ikkje ynskjer å bry seg om dei viktigaste tjenestene til innbyggjarane, så må fylkeskommunen leggjast ned, eller at vi går ihop med Vestland eller Trøndelag.

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Terje Sundsbø 1 timer siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrDu er så blendet av dine argumenter at du ikke innser din egen selvdyrking av agendaen din .Men forhåpentligvis får ...
Geir Ole Sætremyr 22 timer siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøEg har fått med meg alt, også at du konstruerer di eiga kuvøse for å dyrke agendaen din.Ja, eg har ...
Terje Sundsbø 22 timer siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrDu har ennå ikke fått med deg at jeg diskuterer KS2-rapporten, og utsagnene fra den? Referansegrunnlaget er like usikkert i KS2-rapporten ...
Geir Ole Sætremyr 1 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøDersom du har følgt med I timen har eg sitert frå dokumentet som SVV presenterte i oppstartsmøtet med skisse til ...
Terje Sundsbø 1 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrHvis det er svært få referanseprosjekt som kan verifisere kostnadskalkylene fra SVV, så gjelder jo det samme også for KS2-rapporten. ...
Geir Ole Sætremyr 2 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøKS2 rapporten uttaler eksplisitt at der er svært få referanseprosjekt som kan verifisere kostnadskalkylene frå SVV som ligg til grunn ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse