Annonse
KSU – Vipps – desktop
Grønn Ungdom
Ytring
Grønn Ungdom
07 april 2021 20:12
Del på Facebook
Foto: Carina Johansen / NTB
Foto: Carina Johansen / NTB
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Av Grønn Ungdom Møre og Romsdal

Veldig kjekt å lese Trym Enaasen (nestleiar i Møre og Romsdal Senterungdom) sitt lesarinnlegg om MDG sin landbrukspolitikk! Ingenting er meir gledeleg enn å sjå politisk interesserte ungdommar. Eg synes derimot at innlegget ikkje får fram kvifor MDG har vedtatt den politikken dei har gjort – vi har nemleg mange bønder i partiet. Og det er med god grunn! Landbrukspolitikken til MDG er knallbra!

For to helger sidan hadde MDG landsmøte og vedtok politikk som betrar det norske landbruket for bonden, dyra og ikkje minst kloden.

Det stemmer at MDG har gått inn for å auke prisen på kjøtt og redusere konsumet. Det stemmer derimot ikkje at fleire gardsbruk vil bli lagt ned, at fleire vil bli arbeidsledige, at importen vil auke og at vi vil få matmangel med MDG sin politikk.

Ved å auke prisen på kjøtt og redusere konsumet vil kvar enkelt bonde få meir betalt for kvart dyr. I tillegg blir arbeidspresset som ligg på bøndene redusert. I dag må fleire bønder effektivisere og ekspandere husdyrproduksjonen sjølv om dei vil ha mindre drift og meir fritid. I tillegg til at det er betre for bonden vil det betre levevilkåra til husdyra om kvar bonde har færre dyr å passe på. Med dagens matpolitikk har det blitt slik at griser står tett i tett i ein trong betongbinge utan å sjå dagslys før dei går i slaktebilen (Haugen, 2019). Dette er ikkje bonden sin feil, for dei gjer så godt dei kan med feilslått politikk. Slik vil vi ikkje ha det! Griser er høgt intelligente dyr med arttypiske behov dei ikkje får dekt på betonggolv. Har du sett den nye filmen «Gunda» (Kosakovskij, 2021) som er filma på Grøstad gard i Tønsberg kommune? Slik vil vi ha det!

Dei som ynskjer mindre husdyr og meir berekraftig husdyrproduksjon må ofte legge ned drifta fordi det ikkje lønner seg (Riis, 2018, s.39-40). Vi vil at ingen bønder skal måtte velgje mellom å vere overarbeida eller å legge ned gardsbruket. Dessverre så er dagens politikk lagt opp slik at ein må ha mange dyr på grunn av det høge konsumet og dei låge kjøttprisane. Dyr er levende vesen med mange behov som må fyllast, så kvart einaste dyr aukar arbeidsmengda for bøndene. Vi må vere villige til å betale den prisen det faktisk kostar å møte dyra sine behov. Det gjer vi ikkje i dag. Kotelettar på tilbod og pinnekjøtt til spottpris reflekterer ikkje arbeidet som ligg bak, og presser bøndene til å drive så effektivt som mogleg.

Politikk vil alltid legge føringar på våra val i kvardagen. I dag har vi ein politikk som gjer det billig å ete mykje kjøtt og dyrare å ete mykje frukt, grønt og korn enn det burde vere. I tillegg betaler staten ut over 100 millionar i subsidier til reklame for opplysningskontoret for kjøtt, egg og mjølk (Landbruks- og matdepartementet, 2017, s.112). Om opplysningskontora for frukt, grønt og korn hadde fått like mykje i subsidier som matprat, kan det hende nordmenn i større grad hadde fylgt dei gjeldande kosthaldsråda. Marknadsføring av bønner og erter er nesten totalt fråverande i dag. Om ein kutter den statsstyrte kjøttreklama og heller subsidierer reklame retta mot grønsaker, korn, frukt og belgvekstar kunne norsk kosthald tatt ein grønare retning.

Trym seier at vi treng mykje meir mat i framtida. Det har han heil rett i! Difor ynskjer MDG å gå inn for å auke sjølvforsyningsgraden til 60%. Med tanke på at husdyr står for 18% av kaloriinntaket internasjonalt, men bruker 83% av all dyrka mark er det ingen tvil om kva veg som er mest berekraftig (Carrington, 2018). Når det er snakk om husdyr må ein også ta med marka som blir dyrka til å mate dei med i berekninga. For å auke sjølvforsyningsgraden og ha nok mat for framtida er auka planteproduksjon vegen å gå.

Mesteparten av norsk kjøtt produserast strengt tatt ikkje på gras/beite, men på dyrkbare areal i Noreg og i utlandet. Sidan vinteren i Noreg er lang og beitesesongen kort må kyr få mat som er dyrka og hausta med traktor 2/3 av året. Årleg importerer fôrindustrien soyaprodukt frå omtrent 1 million tonn soyabønner, der mesteparten kjem frå regnskogen i Brasil. For å dyrke dette krevst landområde på rundt 3000 km2 (Regnskogsfondet, u.d). Denne importen er meir enn nok til å dekke proteinbehovet til Norges befolkning direkte.

Det er riktig at dyrkbar jord er ein knapp ressurs i Noreg. Det er omtrent 10 millionar dekar dyrka mark i Noreg i dag. Omtrent 1/3 av dette er definert som godt eigna til å dyrke matkorn (Landbruks- og matdepartementet, 2018). Fleire av desse områda er blant anna godt eigna til å dyrke erter og åkerbønner på, som er gode proteinkjelder i kosthaldet. Dei 2/3 som er dårleg eigna til å dyrke matkorn er godt eigna til å dyrke ulike grønsaker som gulrøter, poteter, kålrot og rotgrønsaker. Dette kan dyrkast nesten over alt i heile Noreg, bortsett frå dei mest værutsette områdane (Grønlund, Mittenzwei & Milford, 2017, s.11-12). Men i dagens landbruk dyrkast gras til kyr på gode norske dyrkbare jorder der menneskematen kan dyrkast direkte, og det blir brukt store mengder norsk korn som kunne blitt menneskemat til å produsere kraftfôr til husdyr. Mykje av kornet som brukast er sunn og næringsrik menneskemat. Heile 90 % av norsk dyrka mark, inkludert 2/3 av dei beste matkornarealane, blir i dag brukt til å produsere husdyrfôr (Landbruks- og matdepartementet, 2018). Å dyrke menneskemat direkte gir meir mat per jordareal enn å dyrke mat for å produsere kraftfôr og dyrke gras.

Meir beiting kan erstatte kraftfôret som blir brukt om sumaren, men beitedyr har behov for mat også om vinteren. Dette må kome frå dyrka jord. Endå meir vinterfôr kan ikkje produserast på norsk dyrka jord sidan 90% allereie blir brukt til dette formålet. Med andre ord er det ikkje mogleg å auke sjølvforsyningsgraden med å auke kjøttproduksjonen. Den mest berekraftige løysninga for høgare sjølvforsyningsgrad er mindre kjøttproduksjon og meir planteproduksjon i Noreg.

Trym nemnte matmangel, og dette synes eg er viktig. Og då tenkjer eg ikkje berre på matmangelen vi kan få i framtida, men den matmangelen mange menneske lev med i dag. Det er fort å gløyme konsekvensane vi ikkje ser. Lester Brown ved Overseas Development Counsil anslo at dersom amerikanarane åleine reduserte kjøttforbruket sitt med 10% i eitt år, ville det frigjere 12 millionar tonn korn til menneskeleg forbruk. Det er nok til å fø 60 millionar menneske. Don Parlberg, tidlegare kontorsjef ved landbruksdepartementet i USA, har sagt at å redusere forbruket til det halve ville gjere fire gongar så mykje mat enn det ein behøver for å fjerne kalorimangelen i alle verdas ikkje-sosialistiske u-land tilgjengeleg (Singer, 2015, s.247).

Den maten vi sløsar vekk i dei velståande landa sin dyreproduksjon hadde vore nok til å fjerne underernæringa og svolten i heile verda om ressursane blei brukt riktig. Det er vondt å tenkje på.

MDG og grøn ungdom vil ha ein berekraftig matproduksjon basert på norske ressursar. Berekraftig matproduksjon er å bruke dei ressursane vi har tilgjengeleg. Vi bruker allereie 90% av tilgjengeleg dyrka mark på kjøttproduksjon i Noreg og har ikkje meir å bruke, og i tillegg importerast det tonnevis med soya frå nedhogga regnskogar for å produsere norsk kjøtt.

Det er på tide at vi alle opnar auga og tilpassar landbruket til dei ressursane vi har tilgjengeleg. Vi ynskjer at den norske bonden skal få betalt det hen fortener og ha meir tid til kvart enkelt dyr. Vi ynskjer eit landbruk i Noreg som ikkje har så store konsekvensar for helsa vår, bonden, dyra, for menneske i fattige land og for kloden si framtid. Dagens landbrukspolitikk har store konsekvensar for verda som ein heilheit og ikkje berre på mikronivå. Det er på tide med ei omstilling.

Stem grønt. For menneske og miljø.

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Geir Ole Sætremyr Nylig Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøDette er di tolking Fram til 2022 tall er bompengesatsane det samme som det svv har brukt I grunnlagsmaterialet.  Det kan ...
Terje Sundsbø 9 minutter siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrSom jeg allerede har påpekt, KS2-rapporten angir alle kostnadsøkninger som bompengefinansiering. Dette vil de fleste mene ikke er rimelig. KS2-analysen skal ...
Geir Ole Sætremyr 1 timer siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøFastsetting av bompengar, beløp som skal betalast har fleire element i seg.  Vurdering av dette ligg i oppdraget frå Finansdepartementet. 1. ...
Terje Sundsbø 3 timer siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrDu er så blendet av dine argumenter at du ikke innser din egen selvdyrking av agendaen din .Men forhåpentligvis får ...
Geir Ole Sætremyr 1 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøEg har fått med meg alt, også at du konstruerer di eiga kuvøse for å dyrke agendaen din.Ja, eg har ...
Terje Sundsbø 1 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrDu har ennå ikke fått med deg at jeg diskuterer KS2-rapporten, og utsagnene fra den? Referansegrunnlaget er like usikkert i KS2-rapporten ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse