Ufatteleg at Nordmøringen Jenny Klinge og Sp er for Møreaksen, noko som 68 % av befolkninga ikkje vil ha.
Har undra meg lenge over «kuvendinga» til Sp ang. Møreaksen, der alle huska at dei lova før sist valg å støtte Romsdalsaksen, for så å snu tvert om etter valget der Sp gjekk samrøystes inn for Møreaksen.
Sp i praksis, seier ein ting før valg, og stikk motsett etter.
Får vel sikkert ei «skyllebøtte» frå Jenny Klinge eller Geir Inge Lien, som begge er flinke på å sitte musestille i båten, og håpar på at ingen i fylket oppdagar den egentlige Sp politikken her i fylket, Sp for Møreaksen, kraftig kutt og nedleggelsar av utkantskular, og satsing på bompengepakkar!
FrP er distriktspartiet her i fylket, vi lyttar til folket som ynskjer å skrote Møreaksen og heller ynskjer Romsdalsaksen eller fortsatt ferjer over Romsdalsfjorden.
Sp diltar etter Orten og Høgre, og har i sak etter sak blitt partiet for Møreaksen framfor nokon.
Stortingsvalget til hausten dreiar seg om kven innbyggjarane i Møre og Romsdal skal sende på tinget.
Då er Sylvi og Frank og FrP eit klart valg, i kampen for å skrote Møreaksen ein gong for alle etter valget, og vi er reelle ombods kvinne og mann for deg som innbyggjar i Møre og Romsdal.