Svar til Rødt sitt innlegg «SV svikter i miljøkampen» publisert 5. mai.
Av Birgit Oline Kjerstad, 1. kandidat Møre og Romsdal SV
Eit kjapt søk på Google avslører at Raudt kritiserte SV for å vere alt for lite offensiv på vindkraftområdet for ti år sidan. Om Raudt hadde vore i regjering den gongen tyder lite på at partiet hadde stoppa Haram Vindkrafterk, dei grøne sertifikata og vedtaka om vindkraftsatsing på land i Norge.
Sanninga er at både SV og Raudt i lag med fleire andre parti, har hatt ei reise frå naiv entusiasme til meir realistisk skepsis med tanke på miljøulempene vindkraft medfører.
Eg trur at veljarane er rimeleg trygge på kvar eg står i denne saka om eg skulle få tillit til å representere Møre og Romsdal på Stortinget. SV vil ha ein heilheitleg energi og miljøpolitikk og meir politisk styring av energibransjen, fordi naturtapet og arealendring er eit like stort problem som klimaendringane. SV vedtok eit NEI til meir storskala vindkraftutbyggingar på land og i havet langs kysten, fordi ein ser at ein må ta meir omsyn til natur og miljø framover.
SV vil ha ei kunnskapsbasert forvaltning, meir krav til kvalitet på utgreiingar, og eg ynskjer tydeligare krav til kriterier for utøving av skjønn i statsforvaltninga. Eg vil ha meir ressursar og miljøkompetanse til kommunene. Eg vil at miljøstyresemaktene skal sterkare inn og kvalitetssikre kunnskapsgrunnlag, samt ha ei rolle i klagesaker.
SV meiner vi må sjå økonomi og miljø meir i samanheng, og ha eit klima og miljøbudsjett der ein vert meir bevisste på konsekvensane av utbyggingsvedtak og for den del forbruk av energi. Når Statnett får store mengder søknader på kraftkrevjande tiltak som har svær varierande samfunnsnytte, må vi spør oss om konsekvensane og prioritere energibruken. Vi må rett og slett få meir politisk kontroll over energisektoren og ikkje la markedet styre åleine. Vesentleg i diskusjonane må både vere kva vi skal bruke energien på og korleis vi skal forvalte areala. Det er dårlig miljøpolitikk å bygge bitcoinsenter for å seie det slik.
Å avlyse SV som eit miljøparti på grunnlag av at vi ikkje sa nei til ein teknologi blir for enkelt. Diskusjonane om retning og prioriteringar på energiområdet er på langt nær ferdige med desse strenge programvedtaka til Raudt og SV
Arbeidsprogram er viktige, men politisk gjennomslag vil vere avhengig av i kva grad vi som er vil ta vare på norsk natur greier å få fram gode kunnskapsbaserte diskusjonar og alliansar med andre parti og politikarar.